- Tida er inne for å samla regionen

KRONIKK: Ein gong i tida samla Harald Hårfagre Norge til eitt rike. Frå sitt hovudsete på Avaldsnes fekk han samla meir eller mindre samarbeidsvillige småkongar til det som i dag framstår som ein nokonlunde robust organisasjon: nasjonen Norge. Om lag 1100 år seinare er tida inne for å samla regionen mellom Bergen og Stavanger. 

Kronikk-forfattar Asbjørn Moe.

Her er småkongane tilbake, og dei har fått lag av smådronningane. Tilbake står folket og næringslivet med ein fot på kvar sida av fylkesgrensa og sklir sakte ut i spagat. Bergen og Stavanger er sterke og viktige byar og regionar for oss og resten av Vestlandet, men skal me som bur i området mellom Boknafjorden og Bjørnefjorden vera noko anna enn forstadar til desse, må me klara å bygga vår eigen region. For å få det til må me både stå samla og gå i takt. 

Sidan allment aksepterte virkemidler for overtaling har endra seg noko på 1100 år, må ein berre prøve snakka småkongane og -dronningane til fornuft. Lista er lang over havarerte regionale prosjekt opp igjennom tida, og det virkar som enkelte jobbar hardt om dagen med å forlenga denne lista ved å snubla i beina på kvarandre i spørsmål om til dømes lokalisering av fengsel og brann- og redningssenter. 

Ordførar Vierdal i Vindafjord er inne på noko når han peikar på at regionale prosessar på Haugalandet ofte blir redusert til diskusjonar mellom Haugesund og Karmøy om kven som skal sitte i førarsetet. For «oss innante», og særleg i næringslivet, er dette ein trøttande debatt å vera tilhøyrar til. For regionen fører det berre til stagnasjon, medan våre naboar utviklar seg vidare. Ikkje ein gong like partibøker virkar ha noko betydning på samarbeidet. Både periodar dominert av høgreordførarar og periodar med arbeiderpartiordførarar passerer utan nemneverdig betring. 

Kva skal barnet heita? Gjerne SunnHaugaland, Utsiraregionen, FKH-, Vamp-, eller Fonnaregionen for den del. Det er ikkje der identiteten eller slagkrafta skal liggja.

Kva har ein så lukkast med av regionalt samarbeid som ein kan læra av og bygga vidare på? Forutan den siste tidas vellukka arbeid med flyplass, er det nærliggjande å tenkja på FKH som noko av det meir vellukka ein har fått til her i regionen mellom to fylke. Med supporterbussar til kamp frå Suldal og Skånevik og eit jamnt tilsig av spelarar frå Vats og Bømlo, har ein fotballklubb klart å skapa begynnelsen på eit samhald og identitet ingen regionråd til nå har klart å vedta. Maritimt forum for Sunnhordland og Haugalandet er ei naturleg klynga for den delen av næringslivet, det same er Maritime Clean Tech og industrinettverket Atheno. 

Kanskje skal Helse Fonna, tidlegare HSH og den gang Haugaland- og Sunnhordland politidistrikt også inn i kategorien regionale organiseringar som har fungert bra. Kvifor skal ein så samla regionen mellom Boknafjorden og Bjørnafjorden? Ikkje som TV Haugaland sin programleiar svarte då Sveibuen i studio spurde kva dei hadde igjen for å bli ein del av Haugesund: «dåkken får jo bli Haugesundarar, då», men fordi dette er ein felles bu- og arbeidsregion som innbyggjarar og næringsliv her allereie dagleg reiser på kryss og tvers. Fordi dette vil styrke oss både som region, og styrke den enkelte bedrift og tettstad. Fordi våre naboregionar i Bergen og Stavanger veks og har ambisjonar sørover og nordover. 

Regionale prosessar på Haugalandet blir ofte redusert til diskusjonar mellom Haugesund og Karmøy om kven som skal sitte i førarsetet. For «oss innante», og særleg i næringslivet, er dette ein trøttande debatt å vera tilhøyrar til.

Ein annan Kong Harald opna Trekantsambandet i 2001. Kanskje tenkte han at han også med det bidro til å binde ein liten del av Norge tettare saman? Vegsystemet har fungert bra, men me har ikkje nytta denne sjansen til å bygga ein sterkare region særleg godt. Dei neste 10-12 åra skal to nye store infrastukturprosjekt realiserast, Rogfast og Hordfast, som skal knyta oss landfast til Stavanger og Bergen. Eller dei til oss om ein vil. 

Den moglegheiten og den perioden må me nytta betre, og me må begynna i dag. Me kan begynna med å slå saman regionråd. Me kan slå saman regionale næringsforeningar og regionale frivillige lag- og foreningar som ikkje er regionale allereie. Og så kan me kanskje invitera med nye Ullensvang med Odda i spissen. Dei er allereie ein naturleg samarbeidspartner for næringslivet. 

Det bør sjåast ein gong til på behovet for eventuelle kommunesamanslåingar også, men dette er ikkje ein føresetnad for ein felles region mellom fjordane. 

Kva skal barnet heita? Med ulykkene frå kommunereformen friskt i minne får ein håpa dette blir av det minst viktige tema. Gjerne SunnHaugaland, Utsiraregionen, FKH-, Vamp-, eller Fonnaregionen for den del. Det er ikkje i det identiteten eller slagkrafta skal liggja, men i det me får gjort saman i staden for kvar for oss. 

Klarar me å bygga ein sterk region kan me kanskje også bidra til eit sterkare Vestland, ja kanskje til og med bidra til at det nye fylket Vestland blir utvida til Vestlandet? 

Og får me det ikkje til? Ja, då har me valgt å bli i 4. divisjon i lokalsamfunnsutvikling, med små utsikter for opprykk. Det blir ein seier for småkongar og -dronningar, og eit tap for regionen og oss andre.

Først publisert i Haugesunds Avis, 26. juni. 

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden