Årets Bedrift: Knapphus Gruppen

Knapphus-gjengen fekk pris for innovativ og solid utvikling i både geografi og kundesegment.



- Me hadde ikkje forventa dette i det heile tatt! Dette motiverer oss sjølvsagt til å halda fram med edt gode arbeidet. Tusen takk til juryen.! 

Johannes Sjurseike tok i mot prisen, saman med Annelise Sjurseike og Nils Rune Sjurseike. 

Prisen  er delt ut av Etne Sparebank, Haugesund Sparebank og Sparebank 1 SR-Bank. i samarbeid med Fikse Næringsutvikling.

Juryen si grunngjeving:

For snart 60 år sidan byrja tankane på å starta si eiga bedrift å spira. Sidan modnast tankane, og så grov dei ned tankane. Sidan den gong har fleire og fleire folk tanka her og nå til dags er det gjerne heilt andre ting folk har i tankane når dei stoppar her på veg til eller frå arbeid eller hytta. Årets bedrift har stadig utvikla seg til nye forretningsområde, og med ei offensiv tilnærming til både moglegheiter og utfordringar, etter kvart vakse seg stor og utover sitt geografiske opphav. Likevel har dei på alle måtar behalde røtene sine, blant anna har den prisvinnande gode servicen vore ein merkevare heilt sidan starten.


Vurderingskriterie for prisen: 

Den som vert tildelt prisen skal ha utmerka seg positivt innan eitt eller fleire av fylgjande område: 

  • lokal verdiskaping gjennom arbeidsplassar • omdøme for eiga verksemd og Vindafjord og/eller Etne Kommune
  • kompetanseutvikling og servicenivå 
  • resultatutvikling • evne til innovasjon og nytenking 
  • arbeidsmiljø og HMS 
  • samarbeid mellom bedriftar og bransjar 

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden