- Dette var fantastisk! Eg er utruleg takknemleg for prisen, som er eit resultat av ein kjempegodt samarbeid med Vassbakk og Stol og ConStrada. Det er ein gjeng skikkeleg bra folk, sa prosjektleiar i Statens Vegvesen, Asbjørn Opedal på scenen då han mottok prisen. 

Prisen for Årets anlegg gjekk til dei tre samarbeidspartnarane i prosjektet; byggherre Statens Vegvesen, hovudentreprenør Vassbakk & Stol og ansvarleg for byggeplanarbeidet, ingeniørselskapet Constrada. 

- Prosjektet har stor samfunnsnytte, er levert før tida og utan skader. Gjennom heile prosjektprosessen har det vore tett samhandling mellom alle involverte, heiter det i grunngjevinga for prisen, som blir delt ut av Byggeindustrien.


 Den 2,8 kilometer nye E134 frå Solheim til Skjoldavik blei plukka ut av eit hundretals kandidatar og nominert til prisen i februar. 

Prosjektleiar i Statens Vegvesen, Asbjørn Opedal tok i mot prisen saman med prosjektleiing frå Vassbakk & Stol og ingeniørselskapet ConStrada  tysdag kveld under Byggedagene i Oslo.  Dei andre nominerte til prisen var  Rv. 22 Lillestrøm – Fetsund, og  E136 Tresfjordbrua i Vestnes i Møre og Romsdal.

Utfordrande og komplisert

- Dette var ikkje noko stort anlegg samanlikna med mange andre samferdselsutbyggingar i fjor. Likevel var det eit komplisert prosjekt med fleire utfordringar; anlegget låg tett til skulen, nær eit freda område og det var mykje dårleg bergmasse. Likevel blei prosjektet gjennomført på ein måte som eg trur juryen bak prisen har bite seg merke til, fortel prosjektleiar i Statens Vegvesen, Asbjørn Opedal. 

Heile veganlegget består av 2800 meter ny europaveg, Vikanestunnelen (280 meter), Eggjatunnelen (380 meter) og eit toplanskryss mellom tunnelane. I tillegg er det omlag fem kilometer sidevegar, jordbruksvegar, avkjøringsramper, rundkøyring og sykkel – og gangstiar. Sju bruer på til saman 322 meter bidrar til å binda saman europaveg, fylkesveg, kommunal veg og eigedommar. 

- Det er fleire sider ved både sjølve prosjektet og gjennomføringa som stikk seg ut. Før oppstarten av byggjearbeidet og gjennom heile anleggsperioden hadde me tett samarbeid og dialog med alle involverte partar, frå underentreprenørar og kommune, til naboar, skule og kyrkja. Grunna god kommunikasjon og samarbeid gjekk heile samhandlingsprosessen saumlaust. Prosjektet blei fullført ein månad før tida, innanfor dei økonomiske rammene og utan nokre skader gjennom heile arbeidet, fortel Opedal. 

Bruken av overskotsmassar og vegpryden blei også lagt merke til. 

-  Me har gjenvunne mykje dyrka mark langs anleggsområdet, og brukt naturstein i staden for betongblokker langs vegen, fortel Opedal. 

Fleire lokale næringslivskrefter har bidrege i arbeidet i Skjold. Blant anna har Ølen Betong levert alt av betong til anlegget, og Kalstveit og Vik har levert støyisolering til fleire bygg langs vegen. 

- I tillegg har mange lokale vore del av prosjektet som maskinførarar og tilsette hjå entreprenørane som har vore involverte, blant anna Vassbakk & Stol.

Juryeleiar Arne Skjelle i Byggenæringens landsforening seier til bygg.no dei gode prosjekta i konkurransen har vore svært dyktige på samhandling i gjennomføringsfasen. 

- Me ser at det er stort fokus på miljø, HMS og kvalitet, og opplever også korleis prosjekta erkjenner dei utfordringane som bygg- og anleggsverksemda i dag gir for dei som vil driva seriøst, seier Skjelle.

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden