Feira arbeidsmiljøpris med parykkar

Vindafjordkonferansen avslutta ein lang og innhaldsrik dag med kveldsarrangement i Skjold Arena. Og før Lykkebobler-forestillinga bobla det av spenning rundt kven som kom til å få Arbeidsmiljøprisen.


Arbeidsmiljøprisen skal stimulera og belønna grupper av tilsette eller arbeidsstadar som gjennom sitt arbeid, innsats og kreative tiltak har vist eit særleg ansvar og bevissthet for arbeidsmiljøet. Det blir lagt vekt på helsefremmande tiltak, tiltak som fremmar positiv endring i arbeidsmiljø og medarbeidarane sitt samarbeid, meistring og utvikling. Tiltaka kan vera fysiske HMS-tiltak og/eller tiltak av meir psykososial karakter.  

Det kom inn åtte forslag til nominerte fordelt på fem kandidatar. Arbeidsmiljøutvalet (AMU) har ikkje hatt ein enkel jobb, men etter nøye vurderingar blei Seljebakken, Imsland skule og barnehage og Service- og fellestenester nominerte til topp tre. Under utdelinga vart grunngjevingane (sjå nederst i saka) lese opp i tilfeldig rekkefølgje, og spenninga steig enno meir. 

Jamnt mellom kandidatane

- Det var mange gode kandidatar til Arbeidsmiljøprisen 2017, men desse tre peika seg særskilt ut for sitt bevisste arbeid med arbeidsmiljø over mange år. Vurderinga til AMU har vore at det var eit jamt løp mellom desse tre kandidatane, sa leiar i AMU, Ove Eidsheim, og heldt fram: 

- Vinnaren av Arbeidsmiljøprisen 2017 har mange gode miljøtiltak. Dei er bevisste på at dersom dei tilsette trivest, så smittar dette over på andre. Dei heiar på tilsette, foreldre, kommunen og elevane. Vinnaren er Imsland skule og barnehage! 

Prisen er diplom og 20.000 kroner til arbeidsmiljøtiltak.

- Vi skal bruka pengane godt, lova einingsleiar Ellen Marie Tveit Tangeraas etter at Eidsheim og rådmann Kristian Birkeland hadde det ut prisen. Ho la til: - Alle trivest på jobb, og denne gjengen er makalause å jobba med!

Og Imsland-gjengen var ikke snauare enn at de stilte på scena i parykkar. Noko dei har for vane å gjera når det er spesielle ting som skjer.

- Dette var overraskande og fantastisk kjekt, oppsummerte korleis dei hadde det før kvelden gjekk over i Lykkebobler.

Her er vurderinga av dei tre kandidatane 

Imsland skule og barnehage 

I mange år har ein hatt stort fokus på miljøtiltak på Imsland skule. Her er adventskalender med fantasifulle gåver under treet, og gjerne ei gåve til gjester som kjem innom. I det daglege er det kultur for at dei tilsette kjem litt før arbeidsdagen startar for å kunne ta ein drøs saman. 

Staben er ikkje så stor, og det er difor ekstra viktig at dei tilsette trivest i lag. Eininga arbeidar bevisst med tiltak for å halda eit godt sosialt miljø. I tillegg til aktivitetar rundt jul, der også julebordet er ein sentral del, har dei vore på hyttetur og gjort andre aktivitetar som styrker miljøet. 

Slagordet i eininga er: «Trivsel gir næring til læring». Dette ligg til grunn for alt i arbeidet, også i det vaksne miljøet. Einga har vore på topp i kommunen når det gjeld lite fråvær. 

Kort oppsummert seier forslagsstillaren til at Imsland skule og barnehage skal få arbeidsmiljøprisen det slik: «Me prøver å gjera kvarandre gode og løfte i lag. Me heiar på kollegiet, vaskekona, vaktmeisteren, foreldra, kommunen, og sist men ikkje minst på elevane våre.» 

AMU ønskjer særskilt å trekkja fram kandidaten sine gode resultat når det kjem til trivsel og sjukefråvær, som ei følgje av gode tiltak over lang tid. 

Seljebakken 

Arbeidsgleda og det positive engasjementet på Seljebakken gjer at folk gleder seg til å gå på jobb. Her er det stabilitet på vikarar som ønskjer å komma attende år etter år, og pensjonistar som tek ekstravakter. Ein legg vekt på ei postiv haldning om at «dette får me til», og dei tilsette tek utfordringar på strak arm. 

Det er fokus på ein god turnus som er til det beste for brukarane, og arbeidsgleda og positiviteten smittar over på tenestene ein gir til brukarane. Det er gode arbeidsrutiner og prosedyrer som ligg til grunn for tenesta, også når det gjeld fokus på sikkerheit. 

Det er tydeleg for personalet at brukarane er i fokus, og at ei god teneste kjem som følgje av godt samarbeid i personalet. Dei tilsette og leiinga lyttar til kvarandre og respekterer kvarandre, kan snakka med kvarandre og be om hjelp når det er naudsynt. 

«Alt i alt», seier ein av dei som har nominert Seljebakken til Arbeidsmiljøprisen, «så er Seljebakken ein positiv og god arbeidsplass med mange stabile arbeidarar og leiarar som gjer kvarandre gode og trygge saman. Slik gjer me alle ein god jobb for brukarane våre, som er hovudfokuset vårt.» 

AMU vil særskilt understreka kandidaten sin evne til å sikra godt arbeidsmiljø både fysisk og sosialt, men likevel halda brukarane i fokus. 

Service- og fellestenester 

Service- og fellestenester har over fleire år hatt ei sentral rolle som knutepunkt for dei tilsette på rådhuset. Etter opninga av Familiens hus er det om lag 10 einingar eller avdelingar som har sin arbeidsplass på rådhuset i Ølen. 

Servicetorget har tatt eit særskilt ansvar for å skapa godt miljø mellom alle dei bortimot 100 tilsette, gjennom ulike tiltak. Her er julekalander, påske- og julelunsj, luciafeiring med levande musikk og lussekattar, organisering av pizzabestilling på ferdager. 

Like viktig som dei litt større tiltaka er små drypp i kvardagen som gir eit avbrekk i krevjande dagar og byggjer samhald på tvers av fag og einingar. Om det er quiz ein vanleg tysdag, organisering av felles deltaking i Dytt for å auka talet skritt i løpet av ein dag, eller flagg og kake til 17. mai og St. Hans, så er målet å laga treffpunkt på tvers. Dette gir betre samarbeid og gode løysingar. 

Ein av forslagsstillarane som ønskjer at arbeidsmiljøprisen skal gå til Service- og fellestenester seier: «Tiltaka skaper godt samarbeid og godt arbeidsmiljø. Utan desse tiltaka hadde me ikkje blitt så godt kjent med kvarandre, då me har blitt så mange her på huset.» 

AMU ønskjer særskilt å berømma kandidaten for å gjera ein jobb som ikkje berre gjeld eigen eining, men derimot mange einingar og mange fag. 

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden