Anleggsarbeidet startar til sommaren

Då startar bygginga av knappe 3,3 kilometer gang- og sykkelveg langs Fylkesveg 734 frå Håkull til Søljevegen like før Trovåg.

 

Byggjeleiar May Linn Askeland i Statens Vegvesen. 

- Traseen er ferdig merka, og prosjektet skal lysast ut i løpet av våren. Arbeidet med grunnerverv er godt i gang, og den nye gang- og sykkelvegen skal ferdigstillast i løpet av hausten 2019, seier byggjeleiar May Linn Askeland i Statens Vegvesen.

Gang- og sykkelvegen mellom Håkull og Trovåg er eit prosjekt i Haugalandspakken

Det blir 280 meter nytt fortau ved Håkull (pila nederst på kartet) i forlenging av eksisterande fortau. Sjølve gang- og sykkelvegen er 3280 meter, og totalt blir det 3,5 kilometer med lysanlegg for både kjørevegen og gang- og sykkelvegen. 

Ei løe og eit leskur skal rivast, og det vil bli ein ny tilkomstveg. Ut over det vil eksisterande avkjørslar bli som i dag med tilpassingar.

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden