Årets gründer vil bli best i landet 

Terje Kristiansen på Utbjoa har sett seg høge mål for verksemda si. Utbjoa Armering og Sveis skal bli den mest avanserte og automatiserte armeringsprodusenten i Norge. Årets gründer frå NæringsGiv 2015 i Olalia nyleg er på god veg. 

- Det har berre gått ein veg sidan me etablerte Utbjoa Armering og Sveis i 2009, og det er oppover, seier eigar og dagleg leiar, Terje Kristiansen. 

Gaselle og gründer 

Over skrivebordet i kontorhjørnet heng eit synleg bevis på framgangen - eit diplom frå Dagens Næringsliv som fortel at bedrifta har gjort seg fortent til utmerkinga Gaselle-bedrift i 2014. Denne utmerkinga får berre bedrifter som over dei fire siste åra har meir enn dobla omsetninga og kan visa til positivt samla driftsresultat. Utbjoa Armering og Sveis fyller kriteria med glans. 

I same hjørnet heng óg beviset på at Kristiansen blei årets gründer i Vindafjord. 

- Det er hyggeleg å bli sett pris på, og at det ein gjêr blir lagt merke til. Det sporar til ytterlegare innsats og inspirerer til å setja seg nye mål, seier Kristiansen. 

 

Utdanna motormekanikar 

Kristiansen er utdanna motormekanikar med læretid fra Håkonsvern. Derifrå gjekk ferda til hæren og transportavdelinga på Sessvollmoen, før han fekk jobb på Sabb motorfabrikk. 

- Etter nokre år gjekk eg lei av å vera tilsett. Eg ville gjera noko for meg sjølv. For å tene pengar til å starte eiga bedrift, leigde eg meg ut som lagerarbeider til Westcon. Alt eg tente la eg til side med tanke på etablering. Då tida var inne, kjøpte eg eigedomane og varelageret til far. For eit par år sidan kjøpte eg ut heile verksemda hans utanom transportbiten. 

Åleine i landet 

Kristiansen søker inspirasjon i utlandet. Fleire av produkta hans er blitt til etter påverknad frå andre produsentar i og utanfor Europa. Og han nøler ikkje med å gå nye vegar. Han er til dømes åleine i landet om å produsera ovalarmering. 

- Far fekk ei utfordring frå Ølen Betong om å utvikle ei maskin som kan strekke og forme armering til ovale ringar. Saman med Jans Hydraulikk i Ølensvåg har han utvikla ei eigna maskin. I den maskina produserer me no ovale armeringsringar frå ein til to meter i diameter. Fordelen med ovalarmering er at den jobbar saman med betongen og gjer betongrøyra mykje sterkare enn vanlege armeringsringar. Dessutan går det med mykje mindre armeringsjarn om ein nyttar ovalarmerig. 

Vil produsere spiralarmering 

Terje Kristiansen kan tilby spiralarmering, som kan spara kundane for timesvis med arbeid. Så snart marknaden viser interesse, skal maskinane som produserer denne armeringa koma på plass.


Kristiansen er óg klar til å produsera spiralarmering til leverandørar av betongdragarar; dersom marknaden er interessert. 

- Spiralarmering kan spara produsentane av betongdragarar for omlag ein halv times arbeid per dragar, og det er ikkje få dragarar som blir produserte rundt om i landet årleg. Det er både tid og pengar å spare på å ta slik armering i bruk, meiner Kristiansen. 

Den tradisjonelle måten å armere betongdragarar er å laga bøyle for bøyle og sveise dei til staga i lengderetninga. 

- Me kan produsera bøylane i ein samanhengande spiral og bunte dei saman i lengder på 30-35 centimeter. Utstrekte blir spiralane opptil tre meter, fortel Kristiansen 

- Førebels har ikkje marknaden vist særleg interesse for produktet, men me er klare til å bestille maskina som kan produsere slik armering så snart eg har kundar. 

Bygger stein på stein 

Kristiansen har aldri satsa over evne. Det aktar han ikkje å gjere i framtida heller. 

- Først må eg ha pengane. Så kan eg satse. Slik har det vore heile tida. No ligg pengane mine i varelageret. Alt eg har tent har eg sett av til investeringar i bedrifta. 

Etter at stormen Nina tok Rubb-hallane hans for ikkje så lenge sidan, bestemte han seg for å reisa litt meir solide bygg - i betong. Ein hall er oppe, og planen er å bygge på denne til dobbel storleik. I første omgang skal den nye hallen brukast til lager, men med tilbygget på plass er det planar om å gjere alt om til produksjonslokaler. 

Ikkje fleire arbeidsplassar 

- Det blir nok ikkje så mange nye arbeidsplassar av utvidingane, medgir Kristiansen. - Vår type verksemd eignar seg godt for robotproduksjon, og dessutan er det vanskeleg å få tak i personell som vil og kan ta på denne type jobb i dag. 

- Me fann våre folk i Litauen og Polen. Produksjonssjefen vår - Geidrius Drulas - har vore med heilt sidan far min dreiv verksemda. Dei er alle drivande karar, som eg svært gjerne vil ha med vidare. Difor betaler me dei også godt for at dei skal bli verande, seier ein godt nøgd gründer. 

Heilt automatisert vert altså ikkje Utbjoa Armering og Sveis, men avanserte er dei allereie. 

Storkunde i Ølensvåg... 

Totalt produserer Utbjoa Armering og Sveis omlag 1000 tonn armering i året. Største kunden sin har Kristiansen eit par mil lenger inne i Ølensfjorden. Ølen Betong har i fleire tiår fått levert store mengder spesialprodukt av armering frå tidlegare Primærtjenesten, og no Utbjoa Armering og Sveis. 

- Det står respekt av Terje Kristiansen si satsing. Firmaet har dei siste åra utvikla seg i profesjonell retning. Produkta deira er svært nøyaktig produserte ved hjelp av automatiserte og effektive maskinar, og dei er blitt ein solid og viktig leverandør av armeringsprodukt både for oss og andre betongprodusentar, seier assisterande dagleg leiar i Ølen Betong, Geir Søndenå, som og rosar Terje Kristian si evne til omstilling på kort varsel og å levere varene til avtalt tid.

... og i Murmansk

Under prisutdelinga i Olalia greip generaldirektør Atle Berge mikrofonen og kom med fleire godord om den aller første som er kåra til årets gründer i Vindafjord. 

- Både Terje og faren har vore svært serviceinnstilte, og for meg ved Ølen Betong i Murmansk har begge vore nyttige diskusjonspartnerar i samband med val av maskinelt utstyr og metodikk; spesielt når det gjeld Pile Cap-prosjektet, seier Berge.

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden