70 vogntog inn og ut frå Fatland dagleg

I løpet av slaktesesongen frå august til og med oktober er det slakta rundt 14 000 griser, 2 700 storfe og 88 500 sauer og lam ved Fatland sitt slakteri i Ølen. Dagleg går om lag 70 vogntog inn og ut frå slakteriet.

 

God logistikk må til for å få råvarer inn og produkt ut frå Fatland i Ølen. Dagleg rullar 70 vogntog inn og ut av anlegget. Kabalen går opp takke vera røynde sjåførar, som Jan Bjørkhaug (t.v.), understrekar slakterileiar Audun Stople. Bjørkhaug har om lag 45 års tenestetid som sjåfør hos Fatland. Foto: Torleif Heggebø/Medvind24.no.

- Det er litt av eit puslespel når slaktesesongen skal planleggast og gjennomførast. All honnør til dei dyktige sjåførane våre som bidrar til at kabalen går opp, seier slakterileiar Audun Stople. 

1800 produsentar 

Fatland Ølen AS har om lag 1800 produsentar frå Sognefjorden i nord til Hjelmeland i sør og austover til deler av Telemark. Talet på produsentar har vore ganske stabilt dei siste åra, og det same gjeld mengda kjøt som blir levert til slakteriet. 

Produksjonen av kjøtdeig er automatisert. Porsjonar kvar på 400 gram kjem ut på samlebandet og blir lagt på plass i plastskåler, dekka med folie og merka før produktet går i store pallar inn på lageret. Plastskålene blir òg produserte automatisk frå den svarte plastrullen i bakgrunnen til høgre. Audun Stople har ikkje rekna nøye på det, men trur fort ein kunne lagt den årlege produksjonen av kjøtdeigpakkar samanhengande frå Nordkapp til Roma. Foto: Torleif Heggebø/Medvind24.no .

- Produsentane våre dekker 1/3 av behovet for råvarer til slakteriet. Resten kjøper me frå andre slakteri. Berre unntaksvis importerer me kjøt, men i periodar med underskot i marknaden importerer me storfe frå Tyskland, fortel Stople. 

- Dersom me kan koma med eit ønske til produsentane våre, så er det at dei aukar produksjonen av storfe - særleg dyr med slaktevekt over 300 kilo. Det er viktig at flest mogleg kviger får kalv, for å auke talet på livdyr, og den beste måten å møte underdekning av storfekjøt på i landet er å få så mykje som mogleg ut av kvart enkelt dyr som alt står på fjøsgolvet, legg Stople til. 

For å stimulera til auka storfeproduksjon tilbyr Fatland høgare prisar for storfe over 300 og 350 kilo. 

Høg kvalitet 

Vindafjord og Etne er kjent for å ha eit godt og fagleg sterkt jordbruk, og kjøtet frå Fatland sine produsentar held høg kvalitet. 

- Det vert stilt strenge krav til produkta me sel både frå kontrollstyresmaktene og forbrukarane, og kvaliteten på råvarene er såleis svært viktig for den vidare foredlinga av produkta ved anlegga våre, seier Stople. 

Alt kjøtet frå produsentane blir vidareforedla ved slakteriet i Ølen. Det same gjeld slaktet dei kjøper frå andre slakteri. Omsetninga har auka med om lag 25 prosent i år, og slakteriet har mellom anna levert 6000 tonn kjøtdeig til kundane i dei store matkjedene så langt i år. 

Pinnekjøt, ribbe, kjøtdeig og biffar 

Det blir pinnekjøt til jul i år òg. Slakterileiar Audun Stople (t.v.) og arbeidsformann Arild Flesjå har lageret fullt klart til utkøyring. Foto: Torleif Heggebø/Medvind24.no.

Det var knytta ei viss spenning til kvaliteten på lammekjøtet dette året grunna sein vår og kort sesong i fjellet. 

- Kvaliteten har vore overraskande god og snittvekta på lamma har vore som normalt trass i den korte beitesesongen til fjells. Ein spesielt fin haust og forlenga haustsesong har nok kompensert for den seine våren, meiner Stople. 

Det lovar godt for årets pinnekjøt og den tradisjonelle julemiddagen her vestpå. 

- Pinnekjøt er hvoudproduktet av sau og lam, og årleg produserer me om lag 1,5 millionar middagsporsjonar av dette produktet. Svineslaktet - hovudsakleg av typane Noroc og Hampshire - går til ribbe, bacon og ulike typar kotelettar, medan storfe blir til biffar og kjøtdeig. Alt blir pakka ved anlegget vårt i Ølen, men noko av nedskjeringa skjer ved Fatland Jæren på Hommersåk. Me er opptekne av at alle deler av dyra skal nyttast, og jobbar mykje med produktutvikling av varer, som skal sikra god utnytting av heile dyret, fortel Stople. 

100 fleire medarbeidarar 

Slaktesesongen er òg høgsesong for talet på tilsette ved slakteriet. 

- No i haustsesongen utvidar me talet på tilsette med om lag 100 personar. Dette er ofte faste personar som kjem att år etter år, både frå inn- og utland, seier Stople, som kan fortelje om fleire nye arbeidssøkjarar kvar veke. 

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden