Ølen vidaregåande skule ligg plassert i hjarta av Ølen i Vindafjord kommune. Skulen har åtte linjer, med ein kombinasjon av både studieførebuande fag og yrkesfag. Avdelingsleiar for yrkesfag ved Ølen vidaregåande skule, Olav Hogne Espe, fortel om planane for skulen.

– Me er snart i mål med fasilitetar, men planen er å pussa opp huset utvendig. Det er løyva middel og planlegginga er i gong. Oppstarten på oppussinga er planlagt no til våren, og det blir rehabilitering av heile fasaden og det eksisterande bygget utvendig. Skulen er jo 32 år gamal så det er på tide å renovera litt, fortel Espe.

Fylkesvaraordførar Arne Bergsvåg fortel at det er viktig å prioritera middel til skulane i distriktet også, då skulegongen på vidaregåande kan legga eit godt grunnlag for å koma tilbake til bygda. 

– Det handlar om å halda ungdomane her dei tre åra på vidaregåande då veldig mange knyter vennskap dei har vidare i livet. Det at dei har gått på vidaregåande lokalt gjer det då lettare å koma tilbake etter ferdig høgare utdanning, fortel Bergsvåg.

Bergsvåg fortel vidare at det er viktig for fylket å ha gode fasilitetar og oppdatert utstyr då det er med på å gjera skulen endå meir attraktiv for ungdomane rundt om i bygdene.  

– Me har difor bevisst løyva middel for å satsa på og løfta distriktsskulane og for å rusta dei opp.

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden