– Næringslivet har plass til alle

Ho veit kor viktig kultur er. Nå vil Anette Matre (37) vera det førebiletet i næringslivet ho sjølv ikkje hadde.

Allereie om 9-åring byrja ho i lageret til familiebedrifta Westcon, leia av gründerfaren Øystein. – Verdiane kjem ikkje automatisk. Det krev hardt arbeid, seier Anette Matre, konserndirektør for it, berekraft, HR og kommunikasjon i AutoStore. Foto: Hanna Maria van Zijp

Anette Matre (37) snakkar i hundre kilometer i timen. Det er ikkje fordi ho køyrer ein heilelektrisk, vinraud porsche (ho tok ikkje den raskaste modellen, det handlar om «kvalitet, ikkje fart»). 

Som konserndirektør for it, berekraft, HR og kommunikasjon i AutoStore, vil Anette få med alt om selskapskultur. Ho snakkar ikkje berre om korleis kulturen i Nedre Vats har vore avgjerande for robotlagerselskapet sin suksess. Anette vil byggja kultur i vid forstand. 

Anette Matre (37)

  • Konserndirektør for it, berekraft, HR og kommunikasjon i AutoStore 
  • Bachelor i rettsvitskap frå Universitetet i Oslo
  • Executive Master of Management frå BI
  • Kjem frå Ølen, bur i Haugesund
  • Gift med Dagny, saman har dei tre barn


­– Me er enkle folk på mange måtar. 

Me byrjar i AutoStore. Anette si rolle der handlar om å vegleia, rådgje og mogleggjera andre. Det gjeld resten av leiargruppa, teamet hennar og dei andre 890 tilsette i AutoStore globalt. Ho har bygt opp teamet på 50 sidan starten for tre år sidan, og jobbar mykje med rekruttering. Konserndirektøren ser først og fremst etter folk som passar inn i kulturen, som har driv i seg. 

Det AutoStore har fått til sidan etableringa i 1996, er derimot langt frå enkelt. Selskapet, som hadde rekordomsetning på 583,5 millionar dollar i fjor, siktar mot 700–750 i 2023. AutoStore, som blei børsnotert i 2021, er nå verdsett til over 80 milliardar kroner. Japanske Softbank, med myteomspundne Masayoshi Son i spissen, eig 40 prosent av selskapet. 

Denne våren har vore lukrativ for robotlagerselskapet. E24 kalla AutoStore «børsvinner», Finansavisen meldte om «opsjonsfest» og «børsens mest shortede aksje». Dagens Næringsliv skriv om «pen vekst» for selskapet på Haugalandet. 

Derfor drar Oslo-aviser jamleg på safari til «den lille bygda Nedre Vats», for å sjå nærmare på korleis Noregs første einhjørning kunne oppstå akkurat her. 

Også så langt frå Oslo? 


Det har Anette Matre klare svar på. Som direktør for sitt fagområde, handterer Anette blant anna rekruttering. Sidan ho starta, har AutoStore posisjonert seg på ein annan måte enn før. 

– Synlegheita vår har vokse enormt. Sidan me blei børsnotert og fått meir naturleg merksemd. Det har hjelpt på attraktiviteten. Me får lettare til ein prat med søkjarar, seier Anette. 

Dagens arbeidstakarar krev ein spennande plass å komma til, med meining og fagleg utvikling. Det er viktig å bli sett. Fleksibel arbeidstid og trening i arbeidstida kjem utanom, forklarer Anette. 

– Lønn og gode er hygienefaktorar som berre må vera på plass. Det som kan tippa folk i retning oss, er at me er eit framtidsretta selskap med relevant teknologi og som har suksess, seier Anette. 

– Me treng folk som er dedikerte, som ønskjer å bidra. Dei må villa vera med på visjonen vår. Det er seine kveldar og hardt arbeid som ligg bak, seier Anette. 


Akkurat det har ho ein del erfaring med sjølv. Allereie som 9-åring byrja Anette i familiebedrifta Westcon, leia av gründerfaren Øystein. Då byrja ho i verktøylageret, med å mala brakker og anna vedlikehald. Etter kvart gjekk ho over til rekneskap. 

– Eg har jobba og vore eksponert for mykje veldig lenge. Eg har hatt far og mor som har vore viljug til å inkludera oss tidleg, og visa verdien av å alltid levera og vera påliteleg. 

Arbeidsmoralen har ho med seg frå verftet i Ølensvåg. 

– Eg har sett kor tøft det kan vera på nært hald. Verdiane kjem ikkje automatisk. Det krev hardt arbeid, seier Anette.

– Eg ville vera med og visa at ein kan få det til inst i fjorden i Vats. Det viser at du kan lukkast eksportmessig også med selskap i ytre randen av distriktet, seier Anette Matre om rolla i konsernleiinga til AutoStore. Foto: Hanna Maria van Zijp

At AutoStore består av enkle folk, betyr altså ikkje at dei er særleg enkle. Anette snakkar om det å setja selskapet først. Det interessante er kva som løftar AutoStore som selskap, kva som skapar konkrete resultat.

– Det er ikkje kor og kven, men oss som lag. Me ønskjer sterkt at selskapskulturen ikkje er redusert til siloar, at folk tenkjer oss før eg, seier Anette.

Det gjeld også internt i leiargruppa. 

– Ingen andre enn oss ser totaliteten, så det er viktig å tilbringa tid saman der. Då kan me ta tak i ting som går på tvers, samstundes som at me har mandatet til å sørgja for at eiga linje fungerer, seier Anette. 

– Så har me månadlege leiarmøter i Vats. Me må vera i ursuppen. 

– Ursuppen? 

– Ursuppen er der alt kjem frå, der livet først blei skapt. 


Den ursuppen hadde Anette eigentleg ikkje tenkt å dra tilbake til. Ho hadde ei god stilling i Innovasjon Norge i Oslo, då telefonen kom frå AutoStore. 

– Det var aldri på agendaen. Men dette var litt for spennande til å sleppa frå seg, seier Anette.

Ho legg til:

– Så hadde me nummer tre på veg, så tilgjengeleg barnevakt spelte inn. 

Sommaren 2020 flytta småbarnsfamilien til Haugesund, til det Anette kallar eit kinderegg. Nærleik til naturen, fritt for bilkø og jobb til begge, er av fordelane med vestlandsbyen. Men kva med regnet? 

– Eg er så travel og i nuet at eg ikkje tenkjer så mykje på vêret. 

Det viktigaste var å gripa sjansen til å jobba endå tettare på næringslivet i distrikta, som ho brenn slik for. 

– Eg ville vera med og visa at ein kan få det til inst i fjorden i Vats. Det viser at du kan lukkast eksportmessig også med selskap i ytre randen av distriktet, seier Anette. 

– Og det er stileg. 


Ideen til Autostore kom i 1996, noko tidlegare teknisk direktør Ingvar Hognaland har fått æra for. Hognaland, som såg potensialet for å eliminera luft frå bedrifter sine lager, ville erstatta tradisjonelle gigabygg med effektive. 

Kundar som Siemens, Puma og Komplett.no har sett verdien av systemet. Det har også gründer og investor Jakob Hatteland. Anette berømmer Hatteland sin vilje til å satsa over tid. 

– Han har stått i det og stått i produktet. Det har vore 12-15 år ein ikkje har hatt kommersiell suksess, seier ho. 

– Viljen til å stå i AutoStore før det blei eit levedyktig selskap, er ein forutsetning som har vore heilt avgjerande. Alle bygder har ikkje ein Hatteland, seier Anette. 


Det er noko av grunnen til at Anette er så opptatt av investorgapet. Særleg i Noreg kan bedrifter hamna i ein utfordrande mellomfase frå oppstart til fullskala kommersialisering. Det er ekstra vanskeleg i distrikta, ifølgje Anette.

– Tilgang til kapital er meir utfordrande sidan avstanden er større, seier Anette. 

– Me må visa styrke i vårt lokale fortrinn, seier ho. 

Det fortrinnet ligg blant anna i den kulturen Anette snakkar om. 

– Autostore er eit selskap som har lukkast med eit lite team i Vats. Du går ikkje heim før det er gjort. Å vera del av eit selskap i bygdemiljø betyr at du må ha lojalitet til dei du samarbeider med, seier Anette. 

– Det trur eg er ein stoltheit mange ber med seg i selskapet, seier Anette. 


Og apropos stolt. Pridemånaden juni er nettopp over. Regnbogeflagga har vaia framfor store bedrifter i Etne og Vindafjord den siste månaden. Førre veke gjekk Etne Pride av stabelen, der Anette heldt appell. AutoStore var svært synlege under paraden i Oslo laurdag. 

– Som skeiv ønskjer eg å vera open, og kjenner på eit ansvar for at ein i AutoStore er gode på å ivareta mangfald, seier Anette. 

Der medgir Anette at dei ikkje er i mål ennå, sjølv om AutoStore har kome langt. Ei undersøkjing gjort av Equality Check, Isabelle Ringnes’ konsulentselskap, avdekte at ein i AutoStore har større sannsyn for å kjenna seg trakassert som skeiv og kvinne, enn som heterofil og mann. Det gjeld også ulike funksjonsvariasjonar. 

– Næringslivet har plass til alle. Dersom du systematisk utelukkar delar av befolkninga, så får du med ein gong mindre tak på talenta. For å lukkast, må du ha dei beste – og dei må komma i den forma dei er fødd i, seier Anette. 

– Eg trur ikkje me blir betre av å bli tvungne inn i same form og farge. 

– Engasjementet næringslivet viser nå, betyr mykje. For meg personleg har det vore ei fantastisk reise. Det viser at me har kome langt, seier Anette Matre. Foto: Hanna Maria van Zijp

Framover vil Anette aktivt jobba for at det skal vera like godt og trygt å jobba i AutoStore, uansett legning eller funksjonsvariasjon. Gjennom heile juni har selskapet hatt kurs om mangfald og umedvitne fordommar. Både leiarar og tilsette har blitt trente i temaet. Det skal dei halda fram med. Pride skal vera 365 dagar i året, meiner Anette. 

– Mykje av det som skjer, skjer ikkje fordi folk vil andre folk vondt. Men det er viktig å vita kva som er akseptabelt, og kva som er på kanten, seier Anette. 

Ikkje alle i næringslivet jobbar så aktivt med kultur. I juni heiser ein del selskap regnbogeflagg og skiftar logo, utan å jobba inn verdiane. Nå er mange tilbake i business as usual. Fenomenet, kalla rosavasking, har fått kritikk. 

For Anette er ikkje det så farleg. Symbol kan bety mykje. For henne handlar regnbogeflagget om å visa aktiv støtte og opna opp for diskusjonar rundt mangfald. 

– Eg flytta frå Ølen for nesten 20 år sidan. Då var det ikkje eitt selskap som viste støtte. Kjensla av å vera eineståande i universet som skeiv, var sterk. Engasjementet næringslivet viser nå, betyr mykje. For meg personleg har det vore ei fantastisk reise. Det viser at me har kome langt, seier Anette. 


Vidare endring krev synlege rollemodellar i næringslivet. Ho er ikkje redd for å vera synleg sjølv, for å visa at det er mogleg å lukkast som ein er. Statistisk sett bør det vera fleire skeive enn dei som er opne i dag, seier Anette. 

– Kva kostar det å vera så synleg?

– Det kostar mindre enn det forhåpentlegvis gir. Om det kan vera til hjelp for nokon, om det kan skapa diskusjonar, så er det fint.

Juni er over og regnbogane borte. Anette held fram arbeidet med å byggja kultur, stein på stein. 

Drivet ho har med seg frå Ølen og alle åra ute, er det ho ser etter hos andre – uansett legning, form og farge. 

Det kler distrikt som treng arbeidskraft. 

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden