Organisasjonsnettverket: Tilskot, søknadsskriving og suksesscamp

Alle lag og organisasjonar i Etne og Vindafjord er velkomne til samling i organisasjonsnettverket 19.november 2024. På programmet: Tilskotsordningar, søknadsskriving og suksess-camp på Hjørnås.

Frå Camp Hjørnås 2024. Foto: Hanna K. Litlehamar

Organisasjonsnettverket inviterer alle frivillige lag og organisasjonar i Etne og Vindafjord til samling med fokus på tilskotsordningar og søknadsskriving 19.november i Medvind Nærinshage, Ølensvåg. I tillegg får me høyra frå Etne Røde Kors og deira Camp Hjørnås, som årleg samlar born, ungdom og frivillige til barnecamp og friluftsliv på Hjørnås. 


Program:

  • Tilskotsordningar og søknadsskriving, ved Frode Iversen, Tilskuddsportalen. 
  • Alle lag og organisasjonar i Etne og Vindafjord kommunar har tilgang til Tilskuddsportalen, ein nettportal med tilgang til meir enn 2700 tilskot for frivilligheita. Iversen vil mellom anna snakka om: 
    •  korleis bruka Tilskotsportalen og finna aktuelle tilskotsordningar å søka på 
    • forslag til utforming av søknadar -  tips og triks 
    • rapportering
    • siste nytt om tilskot og fristar
  • Mat og prat
  • Suksessencamp på Hjørnås v/Bjørg Fredriksen, Etne Røde Kors
    • Om Camp Hjørnås: korleis samla 150 born og 125 frivillige til gratis friluftscamp

Me tar atterhald om at det kan bli endringar i programmet  :)

   Meld deg på samlinga her!

  • Tid:  Tysdag 19.november, kl. 18.00 – 21.00
  • Stad: Medvind Næringshage, Ølensvåg
  • Pris for denne samlinga: 
    • Kr. 250,- per deltakar fra lag i SØK-område (gamle Skånevik Ølen Kraftlag sitt konsesjonsområde)
    • Kr. 500,- per deltakar frå andre lag og organisasjonar
  • Påmeldingsfrist: 15.november


Om prosjektet

I samarbeid med SØK-stiftinga inviterer Medvind Næringshage til ei kursrekke for tilltsvalde i lokale lag og organisasjonar.   Målsetninga med prosjektet er å styrka kompetansen innan lag- og  organisasjonsarbeid, erfaringsutveksling og nettverksbygging for alle som er involverte i frivillig arbeid. 

Tillitsverv i frivillige organisasjonar kan vera omfattande og krevjande. Samstundes er det givande verv som betyr mykje for mange i lokalsamfunna. Difor er det viktig at alle som er engasjerte i frivillige lag og organisasjonar har tilgang til den naudsynte kunnskapen og verktøya dei treng for å bli tryggare i rolla si, utføra jobben på best mogleg vis, og bidra til å vidareutvikla organisasjonen.    Difor vil me leggja til rette for å styrka relevant kompetanse i styre og leiing hjå lokale frivillige lag og organisasjonar i distriktet. Dette gjennom samlingar med fagleg innhald, erfaringsutveksling og inspirasjonsføredrag.

Samlingane vil vera retta mot styre/leiing i frivillige lag og organisasjonar, men open for alle me eit hjarte for frivilligheita. Me vil nytta eksterne kurshaldarar, i tillegg til å nytta kompetanse og erfaringar frå andre lokale aktørar. 

Medvind Næringshage koordinerer prosjektet med støtte frå SØK-stiftinga. Me ønskjer eit tett samarbeid med målgruppa, og vil gjerne ha innspel til ønska tema for samlingane for alle som deltar. 

Siste saker fra Medvind

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden