Vil selje blomsterbutikken

16 år etter Bjørg Haraldsen Bakke (53) kjøpte blomsterbutikken som ligg på Ølen senter er ho klar for å gi stafettpinnen vidare.

16 år etter Bjørg Haraldsen Bakke (53) kjøpte blomsterbutikken som ligg på Ølen senter er ho klar for å gi stafettpinnen vidare.

Den einaste blomsterbutikken i Vindafjord er til sals, og det er fordi eigar Haraldsen Bakke nå ønsker ein annan kvardag der ho er tilsett og ikkje dagleg leiar.

—Lett å overta 

At ho har jobba og drive butikk i 16 år er ikkje tilfeldig. Ho har nemleg trivst svært godt i jobben. Ho drar fram at det er kjekt å kunne få bruke sine kreative evner, og at det er ein sosial arbeidsplass der ho dagleg helsar og pratar med kjekke kundar som kjem innom. 

For ein eventuelt overteker skal det ikkje vere problem å halde fram drifta. Alle avtalar er på plass, og det er lett å hoppe inn og overta eit AS. Ho kan også være behjelpeleg med opplæring i starten om det er ønskeleg. 

—Den som eventuelt tar over bør være kreativ og ha sans for fargar. Ein kjem også langt med stå på-vilje, og det går an å drive utan utdanning. 

Gode løysingar 

Butikken har gode løysningar når det kjem til kassasystem og pakkeutlevering frå Helt hjem. Bjørg synest også at butikken har den beste plasseringa på Ølen senter, altså like ved hovudinngangen. Åra med butikkdrift har også krevd ein del av henne. 

 —Eg har jobba veldig masse, spesielt dei første åra. Då køyrde me ut det meste av leveringar etter stengetid. Heldigvis har eg hatt gode tilsette med meg på laget, elles hadde det ikkje gått, seier Bjørg. 

Ho har også slitt med allergi det siste året som har forårsaka eksem. Dette har gjort at ho er blitt nøydt til å bruke hanskar, og dermed påverkar det arbeidskvardagen. 

Ho held fram med butikkdrifta til nyttår. 

—Om nokon ikkje har tatt over før nyttår, så må eg tenkte på å avvikle drifta. Det synest eg hadde vore veldig trist, seier Bjørg. 

—Det er eitt behov for blomsterbutikk i Ølen, legg ho til.  

Siste saker fra Medvind

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden