Fornybar energi på agendaen

4. november inviterer Medvind24 Næringshage til Kraftkvelds på Fugl Fønix i Etne. Temaet blir kjernekraft, biogass og grøn hydrogen.

Forskar Martin Hjelmeland meiner kjernekraft er ei særs interessant kraftkjelde framover.

Kraftkvelds

  • Tid: 4.november, kl. 18.30
  • Stad: Fugl Fønix i Etne
  • Målgruppa for konferansen er tilsette hjå samarbeidspartnarar og medlemmer i Fikse Næringsforening/Medvind Næringshage.
  • Pris for medlemmer: kr 300,- (pris inkl kveldsmat)
  • Pris for ikkje-medlemmer: kr 500,- (pris inkl kveldsmat)
  • Meld deg på her: Kraftkvelds 4. november (office.com)

Martin Hjelmeland jobbar som forskar ved Institutt for elektrisk energi ved NTNU. No kjem han til Kraftkvelds, ikkje minst for å setje søkjelyset på kva omfanget av dei energi -, klima – og naturutfordringane me står ovanfor er. 

– Først når me forstår kor avhengige me menneske er av fossile energikjelder, kan me komme opp med løysingar for å erstatte dei. Det blir som å bytte ein del i motoren på bilen din: viss du ikkje forstår funksjonen til delen vil du ikkje ha sjans til å kunne erstatte den med noko anna, seier han. 

– Vidare er utfordringa at dei fleste verkemidla me har tar lang tid å utarbeide, enten det gjeld havvind, vasskraft eller kjernekraft. Difor trur eg det blir viktig å setje seg i ein posisjon der ein har fleire alternativ å spele på framover. 

Trur på kjernekraft

Hjelmeland er klar på at det er særs avgjerande for mange prosjekt framover at ein får meir kraft ut på nettet.

– Dersom ein ikkje klarer det vil absolutt overgangen til utsleppsfri energi gå seinare. Me ser allereie no at det er særs få som har tru på at klimamåla, som blei sette med festtalar for nokre år sidan, vil bli nådde. 

– Du jobbar med kjernekraft, kva rolle vil den spele framover? 

Frode Kirkedam i Hyds har sterk tru på at det finst gode løsyingar i fornybare energikjelder.

– Stemmer! Kjernekraft er ei særs interessant energikjelde som har hatt fleire tiår med mykje stigma og motstand bak seg. Men skal me behalde den velstanden me har i Vesten, og samstundes fase ut olje og gass, ser eg ingen annan veg enn at kjernekraft vil spele ei endå større rolle i energisystemet framover. Dette vil eg ta for meg i føredraget, samt vise nokre resultat frå forskinga me har gjort på NTNU, slår Hjelmeland fast. 

Grøn hydrogen

Sunnhordland Kraftlag (SKL) og Dalane Energi er ein av dei som står bak etableringa av hydrogenselskapet Hydrogen Solutions AS (Hyds) som er har etablert hovudkontoret på Stord. Kommersiell direktør Frode Kirkedam er samd med Hjelmeland i at energibehovet framover vil vere enormt, og at ein må sjå mot fornybare løysingar for å finne ei berekraftig utvikling. 

Frank Nordmo og  biogass-selskapet Heygaz har store planar i Vindafjord og Etne.

Hyds produserer som einaste i Noreg grønt hydrogen gjennom elektrolyse og elektrisk kraft, frå fornybare kjelder heiter det på nettsidene til selskapet. Selskapet har hydrogen-anlegg på Stord og i Eigersund, i tillegg er dei komne inn som medeigarar på anlegg i Florø og Meråker. 

–På Kraftkvelds ønskjer eg å snakke under tittelen: Frå ide til verkelegheit- Norges einaste hydrogenprodusent- framtidas energi er avhengig av rammevilkår for å lukkast!

Lokale biogass-planar

I tillegg til Hjelmeland og Kirkedam skal også Frank Nordmo som er direktør for Nord-Europa i biogass-selskapet Heygaz delta på Kraftkvelds. Biogass-selskapet tok i vår over mesteparten av aksjane i Vindafjord-selskapet Biovind AS, som ynskjer å etablere biogass-anlegg på Nærheim næringspark i Ølen. Selskapet tok også over eigarskapet i Renevo i fjor og har i samband med det konsolidert satsinga som Renevo hadde i Etne med Biovind. 

– Biogass er eit godt døme på sirkulærøkonomi i praksis, og ein viktig del av den fornybare energimiksen. For å illustrere dette kan ein sjå på biogass som eit kinderegg, sidan den løyser avfallsproblem, utnyttar ressursane, og gir tilbake verdiar i form av biogjødsel og energi, seier Nordmo. 

Siste saker fra Medvind

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden