Vind i segla for Vindabygg

Ølenbuen Hans Blikra (31) har realisert gründerdraumen. Nå tilbyr han ei høgt etterspurt teneste: Bas på bestilling.

Han startar ikkje smått, Hans Blikra i Vindabygg. Første store kunde er som byggjeleiar på Tesla-bygget i Haugesund, som nå er i oppstartsfasen. Etter mange års førebuingar har Blikra starta for seg sjølv, som byggjeleiar og tømrarbas på bestilling. Vindabygg er allereie booka eit år fram i tid etter starten i mai, berre gjennom jungeltelegrafen.

– Eg er ikkje redd for å ta leiinga. Å koordinera og styra er skamkjekt. Eg trivst med ansvaret, seier Blikra.

Hans Blikra (31)

  • Busett i Ølen
  • Tømrarmeister, fagskuleingeniør, takstmann og elementmontør
  • Driv konsulentselskapet Vindabygg, som tilbyr utleige av byggjeiar og tømrarbas til entreprenørfirma

Medvind24 møter verdas rolegaste mann på Kvaløynå, på eit arkitektteikna prosjekt for ein kunde med sjeldan god smak. Her er Blikra tømrarbas og byggjeleiar på dagtid, før han driv prosjektplanlegging for Tesla på kveldstid. Han kan alt innan bygg. Som tømrarmeister og fagskuleingeniør med sertifisering som takstmann og elementmontør, er Blikra ikkje arbeidsledig framover.

Ok. Men kva i all verda er ein bas? Ein tømrarbas styrer faget sitt og koordinerer mellom utførande fag på byggjeplass, hen følgjer opp kvalitet, framdrift og eventuelle manglar til prosjektleiar. Byggjeleiar leier sjølve byggjeplassen, koordinerer dei ulike faga og vidareformidlar kommunikasjon mellom byggjeplass og kontor. Desse er så sjeldan vare at etterspurnaden er enorm etter desse rollene. Vindabygg gjer noko ingen har gjort før: Å mellombels leiga ut denne ekspertisen til entreprenørar som ikkje har det på huset, eller ikkje har ekstra ressursar til prosjekt som tårnar seg opp.

Nedslagsfeltet til Vindabygg er små og mellomstore bedrifter på Haugalandet. Trass global verdikjede-krise, råstoffmangel og galopperande materialprisar, er det stor byggjeaktivitet i regionen. Blikra er ikkje skvetten. Trikset er å planleggja inn tid og fleksibilitet i prosjekta.

– Kvifor satsar du for deg sjølv?

– Eg har hatt ei drivkraft i å starta for meg sjølv heilt sidan ungdomsskulen. Eg har alltid hatt lyst til å læra mest mogleg, byggja mest mogleg, effektivisera mest mogleg, seier tømrarmeisteren.

Ambisjonane for selskapet er å veksa til «ein liten neve tilsette». Arbeidsmengda nå gjer at han allereie må seia nei til jobbar. Framdrifta i prosjekta styrer dagane for tida. Først ut er altså prestisjeprosjektet til Tesla i Haugesund. 

– Eg har alltid jobba lange dagar.

– Det blir lite Netflix?

– Stemmer.

Siste saker fra Medvind

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden