Valflesk 2023: Etne-toppane om næring

Næringsareal, arbeidsplassar og veg er dei store sakene, men kva skil partia frå kvarandre i Etne? Her er toppkandidatane sine hjartesaker for næringslivet.

Topplistekandidatane i Etne snakkar næringslivssaker. Foto: Kommunal- og distriktsdepartementet

På vippen? Medvind24.no har utfordra alle toppkandidatane i Etne på kva dei brenn for innan lokalt næringsliv. Her svarer alle åtte parti på kva dei meiner er dei viktigaste sakene som kan utvikla næringslivet i regionen – og korleis dei konkret skal jobba for å oppnå det. Sjekk ditt parti her! 


Arild Magne Stenberg (70), toppkandidat for Etne Høgre 

Éi sak som er viktigare enn alle andre saker, er tilflytting til kommunen. Me treng folketalsauke i Etne. Demografien viser at gruppa av eldre aukar, og gruppa med yngre i yrkesaktiv alder går ned. For å få folk til å flytta hit må me ha bustader og arbeidsplassar. Viss nokon vil bu i Etne og arbeida ein annan stad, treng me gode vegar og båtsamband slik at folk kan pendla. Den viktigaste målgruppa å venda seg til er dei som har vakse opp her, og som tar utdanning. Me vil ha dei heim att, så dei kan vera med på å skapa verdiar og gje kommunen inntekter til å betala for dei fellesgoda me alle nyt godt av. Me vil ha eit godt oppvekstmiljø og eit rikt fritids- og kulturtilbod, slik at dei unge som veks opp nå, tenkjer tilbake på oppveksten med glede, og ønskjer seg tilbake til kommunen. Høgre er på lag med jobbskaparane, og lydhøyre for alle som kjem med gode idear. Alt framsteg kjem frå ein sprø idé! Me må få hjula i gang for tilgjengelege industriområde i Etne og Skånevik, og møta næringslivet med ei positiv haldning og eit ønskje om å hjelpa. Det er viktig at både politikarar og administrasjon tar på alvor alle initiativ slik at dei med gode idear kan skapa arbeidsplassar, for det treng me. Me vil vera støttespelar for den lokale næringshagen, og leggja til rette for eksisterande og nye bedrifter. Etter covid veit me at det er mogleg å jobba ein annan stad enn der du bur, og då er det fint at folk kan sitja i eit miljø, snakka med andre, diskutera og utvikla nye idear. Dessutan treng me trygg og god veg. For å få ny E134 treng me gode venner i byane, Stavanger og Bergen, og få dei med på laget. Det er stor skam at me i Etne har europaveg med fartsdumpar. Me er også nøydde til å få fortgang i næringsområdet på Fikse, gjerne i samarbeid med nabokommunen.


Kurt Birger Hagen (53), Industri- og næringspartiet (INP)

For oss er det opplagt at dersom ein skal satsa i distrikta, må me ha infrastruktur og samferdsle med tryggare, betre og meir miljøvennlege vegar. Me støttar fullt ut E134 Haukelivegen og meiner Noreg burde satsa meir på vegutbygging for framtida. Distrikta har blitt tilsidesett i altfor mange år nå. Betre vegar vil vera med å ta ned utsleppa, og gjera det lettare å pendla mellom bygdene. Klimagassane kan reduserast, men me trur ikkje det er rett å rasera norsk natur med vindkraft for å nå måla. Me kan ikkje finna på kva som kan gje arbeidsplassar, men me må gjera alt me kan for å leggja til rette for alle som vil laga arbeidsplassar til seg sjølve, naboen og ti til eller fleire. Vi kan ikkje skremma dei av med skattar og avgifter. Eigedomskatten for både private og næring må ned, og heilt vekk på kort sikt. Me må henga meir på staten Noreg, det er vårt land også. Dette heng saman med samferdsle, infrastruktur og trygge, miljøvennlege vegar. Me har alle ein jobb å gjera; me må selja bygdene og kommunane våre. Det gjeld både til flotte folk utante bygdene, men kanskje viktigare, til dei som er frå bygdene våre. Me må jobba for at dei gler seg til å komma att, etter skule, førstegongsteneste, eller opplæringstid andre stader. Når vi tenkjer oss fleire arbeidsplassar, må det bli kjekt å etablera seg. Ein god start i livet for nyetablerte er å passa på at ikkje utgiftene blir for store. INP vil derfor jobba for gratis barnehagar og skulefritidsordning. 

 

Øyvind Kaldheim (56), toppkandidat for Etne Kristeleg Folkeparti 

Frå KrF si side, vil me trekkja fram føreseielege vilkår og at alle blir behandla rett og seriøst. Eg er medviten om at me som politikarar har våre avgrensingar på at me ikkje sit med dei smarte forretningsideane, og dermed kan seia kva som er god næringsutvikling. Det beste me kan gjera er å heia på initiativrike borgarar og ta omsyn til næringslivet så godt me kan. Å driva næring, er ein maratonsport som krev at den som gjer det, er motivert og dedikert. Kva behov dei då har frå det offentlege, kan handla om lokale og areal. Me må også prøva å leggja til rette for samferdsle, og fremja dei sakene for sentrale politikarar. Veg til Skånevik er nå på gang, og me vil medverka til at det kjem på plass. Vårt slagord er å byggja samfunnet nedanfrå, og det gjeld både næringsliv og forvaltning, at avgjerder må takast på lågaste nivå. Dess meir me kan avgjera lokalt, dess betre er det. Me treng eit variert arbeidsliv, både folk som sit på kontor og som trivst med det praktiske. Eg har betent jobben frå heimekontor i rundt 15 år og kan slå eit slag for det, når arbeidsgivar er lengre vekke og det er skjermbasert arbeid. Det er også viktig å kunna tilby arbeidsplassar til begge i ein familie. Når me skal skapa tilflytting, hjelper det at me har godt kulturtilbod og passar på å behalda gode kommunale tenester. Så enkelt, og så vanskeleg, er det å få folk til å trivast. Bygdene våre ligg til rette for å driva med nesten kva som helst. 

 

Johan Strømsvold (65), toppkandidat for Etne Venstre

Noko av det viktigaste er å etablera fleire næringsareal, som kommunen må gjera i stand med planerte tomter, slik at industri får både tilgang og ein grei pris. Me må skapa fleire arbeidsplassar for familiar, og skapa ringverknader til andre bransjar. Mange i servicenæringar vil få glede av fleire innbyggjarar. Det andre er at dersom Etne kommune legg ut kommunale anbod, som går til store entreprenørar i Noreg, bør lokale bedrifter vera underleverandørar. Det kan komma med i sjølve avtalen. Det er viktig for å støtta opp under mindre firma lokalt, slik at dei kan skapa fleire arbeidsplassar. Me må få fleire hender i helsesektoren for å betra arbeidsforholda og unngå sjukefråvær, som kan gi betre forhold for både eldre og tilsette. Me vil også jobba for at pensjonistar eller uføre som vil bidra til arbeidslivet, kan gå inn i ei bedrift i deltidsstilling. Når kommunen eller andre firma legg ut store jobbar på anbod, vil me påverka at lokale leverandørar får sterke anbefalingar. Etne Venstre vil også jobba for at meir næringsareal skal stå klare, og me vil leggja inn forslag om fleire nye næringsareal under høyringsrunden til arealdelen i kommuneplanen som føregår nå. Å få nye arbeidstakarar inn i arbeidslivet, vil vera eit offentleg-privat samarbeid.

 

Kenneth Lyng Karslen (35), varaordførar og toppkandidat for Etne Framstegsparti

Frå ein politisk ståstad, er det viktig å dyrka ei ja-haldning til næringslivet, når det gjeld byggjesøknader, tilskotsordningar og andre måtar stimulera til gründerskap. Me likar å støtta opp om gründerar, og vil sjå på moglegheiter for å styrka dei. Me vil også halda fram arbeidet med å fjerna forbod mot søndagsopne butikkar. Derfor vil me søkja om at Etne får definisjonen turistkommune og dermed kan ha utvida opningstider og -dagar i høgsesongen. Så er det skattar og avgifter. For oss handlar det om å avgrensa skattar og avgifter som rammar næringslivet. Bedriftene rundt oss treng ikkje meir skattar etter pandemien og auke i straumprisar, og me ønskjer blant anna å fjerna bompengarinnkrevjinga. Me vil rett og slett gjera det lettare å driva næring i kommunen vår. Det å skapa fleirtal blant partia som ser same poeng som oss, blir viktig. Så treng me innspel og engasjement frå næringslivet, og me kjem til å vera frampå og møta næringslivet etter valet. Me ønskjer dessutan å sjå på næringsareal som meir enn «berre» industriareal. Gjennom næringshagane har me hatt eit slags mellomledd til næringslivet, og dei er gode på visse område. Men det er negativt at me mister tilknyting til lokalt næringsliv. Me må snakka meir direkte til dei det gjeld. Me har også næringsliv som er gode på turisme i Etne kommune, og eg tenker det er veldig viktig at kommunen bistår denne næringa med å få fortgang i kommunale og fylkeskommunale prosessar. Når det gjeld skattar og avgifter, er det ei rekkje saker me bestemmer lokalt, som eigedomskatt, gebyr for kommunale tenester, søknader om byggjeløyve og formueskatt.

 

Vigdis Christine Madssen (62), toppkandidat for Etne Raudt 

Me krev lokal makspris på straum. Nå har me ein historisk sjanse til å ta politisk kontroll over krafta, og dermed sikra innbyggjarane føreseieleg, rimeleg straumpris. Etne er medeigar i Haugaland kraft, og politikarane kan bruka eigarskapet til å be selskapet slutta og selja krafta til straumbørsen Norpool, og heller selja rett til kundane med føreseieleg fastpris. Dette er også utruleg viktig for å få ned kraftprisane til næringa. Fleire små næringar har måtta kasta inn handkledet nettopp fordi straumprisane blei for høge. Me utfordrar dei andre partia i Etne til å bli med på laget for å krevja billegare straum, og at me saman prøver å få med alle i kraftkommunen på Vestland. Skal me vera konkurransedyktige i Etne, må me ha noko å tilby, som lågare eigedomsskatt og låge, føreseielege straumprisar til ny næring. Rødt Etne ønskjer også å få opna gründerloft i Etne, slik at menneske med idear, anten det er bonden eller ein som brenn for å starta opp noko, kan få fagleg hjelp og idémyldring med andre. Då kan ein ved hjelp av NAV, Innovasjon Norge og andre aktørar få kurs og hjelp til å sjå om det ein brenn for er liv laga. Fagfolk vil flytta til Etne om me har noko å tilby, som nabokommunen ikkje tilbyr. Lat oss sjå på helse, tør me å byggja kreative løysingar som gjer at de som vel yrke ønskjer å bli med på laget for å utvikla den beste omsorga i Noreg? Det same gjeld i dei fleste yrke, me utdannar oss etter interesse, med eit ønskje om å gjera ein forskjell. Får du bruka kunnskapen å vera med og skapa noko, då ser du mot dei jobbane og dei stadene som kan gi deg det du drøymer om. Det er spennande tider framover og me må alle tenkja nytt om me skal klara det grøne skiftet.


Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim (60), ordførar og toppkandidat for Etne Senterparti

Eg tenkjer at for Etne sin del er det å få på plass tilgjengelege næringslivstomter. Det er førsteprioritet akkurat nå. Det må vera tilgjengelege tomter for ulik næring på ulike stader i kommunen. Det er noko som me har jobba med i mange år, og me har fått lagt inn fleire areal i utkast til arealdelen i kommuneplanen. Me må ferdigstilla det påbegynte næringsområdet på Fikse, det nærmar seg med stormskritt. Det kanskje mest nærliggjande er korleis Etne kommune møter eksisterande  næringsliv og bedrifter som ønskjer å etablera seg her. Her treng me ei bevisst rolle på at me har eit apparat som er i stand til å ta imot det som kjem, og ta godt imot dei som vil vidareutvikla eksisterande bedrifter i kommunen. Det gjeld også nye typar næringar som me kanskje ikkje kjenner så godt. Dette har eg jobba med i inneverande periode, for det første må me vera positive og opne for dei initiativa som kjem. Det må vera både på administrativt og på sakshandsamar-nivå. Og sjølvsagt på folkevalt nivå. Det meiner eg me har óg. Eit eksempel er at gründerar som kjem, får gratis kontorplass i tre månader. Me har dessutan lågare arbeidsgivaravgift i Etne, som kan vera utslagsgivande. Så har me førstelinjeteneste med næringsforeining og næringshage, to organisasjonar som er utruleg viktige for Etne å spela på lag med. Det regionale samarbeidet som kommunen har er viktig for å utvikla næringslivet. Me kan ikkje laga ein mur rundt kommunen vår. Me er heilt avhengige av regionen, av Haugalandet og Sunnhordland, sjølvsagt også Hardanger og Vestland og Rogaland fylke. Det interkommunale samarbeidet me har gjennom regionråda er utruleg viktig. Sånn som nå, der ein enorm næringspark i Gismarvik som skal ta imot store næringar. Det er ikkje aktuelt for Etne kommune, men når det regnar på presten, så drypp det på klokkaren. Det vil alltid vera bruk for mindre firma og etableringar som leverer inn til desse store aktørane. 


Andreas Grumheden (40), toppkandidat for Etne Arbeidarparti 

Første viktigaste sak er samferdsle og E134. Me må få til Røldal-Seljestad og Bakka-Solheim. Regjeringa har lova midlar til Røldal-Seljestad. Då må me fortsetja presset for Bakka-Solheim – og det trur eg vil tvinga seg fram. Me kan dela opp prosjektet og starta med Bakka-Mo, som er det verste strekket. På sikt må E134 leggjast utanom Etne sentrum. Tilgang på arbeidskraft, kompetanse og lærlingar, er nok ei utfordring. Det er ikkje alltid me treng dei som har fem års master, me må også ha dei med kortare utdanningsløp. Å jobba konkret med lærlingar, kan bety å påverka fylkeskommunane – og så må bedriftene til å vera flinke til å ta dei inn. Tilflytting av kvalifisert arbeidskraft blir veldig viktig. Då må me gjera oss attraktive, og sørgja for at bygdene er attraktive. Det gjeld for eksempel oppvekst og fritid, folk på flyttefot er ofte i ein etableringsfase. Å flokka til seg nye innbyggjarar betyr at det må vera best mogleg for dei som allereie bur der, og at dei som flyttar ut må ha lyst til å komma tilbake. Der har me konkrete saker, me ønskjer at Etne kommune skal ha gratis barnehage, me vil få ned kostnadene for skulefritidsordningar og vidareutvikla kvaliteten. Ein god plass å starta er god grunnbemanning og høve til etterutdanning. Elles må me sørgja for tilgjengelege næringsareal, høve til nyetableringar og vekst for ulike typar selskap. Når det gjeld turisme, må me halda trykket ilag med bransjen for å prøva å utvikla den vidare. 



-------

Me gjer merksam på at dagleg leiar i Medvind Næringshage, Kari Aakra, er engasjert i Etne Senterparti. Aakra er ikkje involvert i nokon redaksjonelle avgjerder for Medvind24.no si dekning av politikk eller lokalval. Denne artikkelen er i sin heilskap skriven og kvalitetssjekka av Omega 365 Design for Medvind24.no. Rekkjefølgja på presentasjonen av partia sine svar, er avgjort ved loddtrekning.

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden