Valflesk 2023: Dette meiner Vindafjord-toppane om næringslivet

Betre dialog mellom næringslivet og politikarane, samt auka tilgang på attraktive næringstomter, går igjen når topp-kandidatane i Vindafjord blir utfordra på viktige næringslivssaker framover. Her kan du lese meir om kva listetoppane vil prioritere.




Mdvind24 har utfordra dei åtte listetoppane i Vindafjord på kva som er dei tre viktigaste næringslivssakene framover, og ikkje minst kva konkrete tiltak dei ynskjer å setje i gang for å oppnå måla. Her får du resultatet: 

 

Gustav Løge Fosse (59), toppkandidat (KrF)

 Me må legge til rette for tomter og meir næringsareal, og me må vere ein god medspelar for næringslivet, slik at ein lettare får sakene sine gjennom politisk handsaming. Generelt må me spele på lag med næringslivet og styrke dialogen mellom politisk nivå, administrasjonen og bedriftene. Me er avhengige av kvarandre for å oppnå resultat. 

Me må lytte til næringslivet og spele kvarandre gode, og finne dei gode kommunikasjonskanalane. Elles så håpar eg me får fokus på å byggje leilegheiter i sentrumsområdet. Viss me skal klare å byggje opp under eit godt kommunesentrum, må me ha folk til å bu der. 

 

Guri Ravatn (68), toppkandidat (SV) 

Me som politikarar treng å bli godt informert frå næringslivet om kva som rører seg og kva som er viktig for dei. Mitt inntrykk er at næringslivet i Vindafjord går som det susar, her er det arbeidsplassar nok, og ein treng folk. Ledig næringsareal er viktig. Når det kjem ei bedrift som ynskjer å etablere seg her, må det vere ledige tomter klare. Og alt heng saman, så me treng bustadar for å rekruttere nye arbeidstakarar, og me treng arbeidskraft for å utvikle bedriftene.

Samarbeidet mellom næringslivet og kommunen må styrkast, og det er viktig med gode møteplassar. Eg meiner og det er viktig å ha fokus på næringsutvikling, og ikkje minst styrke dei grøne næringane. Me må heile tida tenkje på kva som er berekraftig framover. Eg tenkjer kommuneplanen som er under arbeid blir viktig, og håpar næringslivet har gitt gode innspel til den. 

 (Foto: Økland Foto)

Mats Årvik,toppkandidat (30), toppkandidat (FrP)

Kommunen må vere på og styrke samarbeidet med næringslivet, me må leggje til rette for bedriftene. Eg trur det er viktig å skape ein god arena der politisk leiing, administrasjon og næringslivet har tett kontakt. I eit slikt forum kunne ein blant anna ha diskutert korleis ein kan betre tomteutviklinga for næringslivet. 

Me skal ikkje diktere næringslivet, men spele på lag. Eg trur og det er viktig med bedriftsbesøk, og at me kan vere aktive der, saman med Medvind24 Næringshage. Me må og løfte fram kommuneplanen og få innspel frå næringslivet der. 

(Foto: Høyre) 

Modolf Haraldseid (63), toppkandidat (H)

Det er viktig å ha god kontakt med næringslivet for å høyre kva som er viktig for dei. Både Fikse Næringsforening og Medvind24 Næringshag er viktige talerøyr for dei, dei summerer opp kva næringslivet meiner og hentar inn signal. Den viktigaste saka framover trur eg openbart er tilgang på næringsareal. Me må stille oss spørsmål om kor har me ledig plass dersom ein stor aktør står og bankar på døra hjå oss. Jobb nummer éin bør vere attraktive tomter. I tillegg må me vere ein ja-kommune, ein kommune som legg til rette for nyetableringar. Også her har eg tru på at Medvind24 kan spele ei viktig rolle, noko dei allereie gjer i dag. 

Me har ein tanke om at kvar bedrift burde hatt sin eigen kontaktperson i kommunen, slik at det ikkje blir så framandgjort. Det ville ha gjort jobben for bedriftene enklare når dei treng kontakt med kommunen. Me må og levere på det dei meiner noko om. Viss me skal behalde velferdsnivået me har i dag, er me nøydde til å ha eit næringsliv som framleis vil bløma, og bustadar og areal til komande generasjonar og nye innbyggjarar. 

 

Wenche Lilleland (64), toppkandidat (Ap)

Det er utruleg mange gode og flinke bedrifter i Vindafjord, og me må jobbe for at dei får gode vilkår for å satse vidare. Me må finne nytt næringsareal som me kan gjere klart, og då treng me og private krefter på banen som kan lage infrastrukturen klar. No er det utseld på Nerheim, og me treng meir. 

Rekruttering er kjempeviktig. Me må få folk til å jobbe og bu her, og då er tomter nøkkelen her også. Me treng eit godt næringsliv for å få folk til å bli buande, og styrke den vidaregåande skulen. Eg ynskjer at me kan få fleire yrkesfag-linjer ved Ølen vgs., som er eit godt rekrutteringtiltak for bedriftene. Det er bra viss ein kan gå på skule her og seinare få læreplass i same kommune, då kan ein få ungdommane til å bli. Ungdommar som vil busetje seg i Sandeid eller Vikedal vil ikkje ha ein kommunal plan, dei vil ha tomter. 

 

Ole Johan Vierdal (61), ordførar og toppkandidat (Sp)

For næringslivet er det viktig å halde oppe arbeidet med å etablere gode næringsparkar. No har me fullført fase 1 på Nerheim, og det er eit godt trykk i marknaden, så me må prøve å få i gang trinn 2 så snart som mogleg. I tillegg må me få fortgang på andre område som me har markert som potensielle. Me må aller først kome i mål med kommuneplanen, som diverre har dratt ut for lenge. Det er og positivt at me er medeigarar i næringsparken i Gismarvik. Det vil generere større bedriftsetableringar i nærområdet, som igjen kan dryppe på vårt lokale næringsliv. Me er avhengig av god straumtilgang for å få desse etableringane på plass, så eg håpar det kjem inn ny straumlinje til Gismarvik i haust. Det er og viktig med satsinga vår på Dommersnes, der me saman med Westcon har laga eit nytt selskap for å satse på havvindproduksjon. Det har eg tru på kan bli bra framover. 

Samferdsle er enormt viktig for næringslivet. Det var kjekt at nyheita om tunnelen Røldal–Seljestad kom tidlegare denne veka, så no gjenstår Bakka–Solheim og det andre løpet frå Røldal og vidare. Bakka–Solheim er viktigare enn nokon gong no når me snart får Rogfast og eit heilt anna trafikk-trykk enn tidlegare. Heldigvis får me no gul stripe over Fikse, på grunn av den utvida Haugalandspakken. Det hjelper på. Me har eit unikt næringsliv i Vindafjord, og eg håpar bedriftene får utvikle seg godt og får inn nødvendig arbeidskraft. I dag er rekrutteirng av rett kompetanse ei utfordring. 

 

Trond Gunnar Christiansen (48) (Norgesdemokratene)

Me må ha levande bygder, og eg ynskjer nyetableringar velkomne. Men me må tenkje oss om kva bedrifter me slepp nedpå. Prosjektet som Westcon har på Dommersnes er til dømes eit altfor stort luftslott og vil gjere for stort inngrep i lokalsamfunnet i Vikebygd. Eg vil ikkje at Vikebygd skal bli eit industriområde, likevel ser eg at me treng næringsareal over heile kommunen.

Eg meiner og at ein bør slanke den kommunale administrasjonen og ikkje lage nye stillingar der som ikkje har vore med frå før. Den kommunale pengebruken er hovudlaus og må gjennomgåast, meiner eg. Rekruttering er ei utfordring i kommunen, og me har blant anna sett ned i programmet vårt at me ynskjer at helsepersonell som ynskjer å utdanne seg skal få lønn under utdanning. I tillegg er det viktig at me tar realkompetansen som mange har på alvor, den får for lite fokus i dagens samfunn. Noko av det viktigaste me som lokalpolitikarar kan gjere for å gi næringslivet vekst er å vere pådrivarar og lobbyistar opp i systemet slik at dei statlege rammene blir betre. 

 

Anna Klette Steinsland (42), kandidat (Vindafjordlista)

Det er viktig å auke folketalet. 300 færre yngre i Vindafjord dei neste ni åra er ei felles utfordring for både næringsliv og kommune, samstundes som det stadig blir fleire eldre. Korleis kan me sikre tilgang på flinke folk som driftar og vidareutviklar næringsliv? Me treng og gode arealplanar. Ny arealplan

 må landast, vera framtidsretta og treffa næringslivet sine ulike behov. Men å sikra næringsareal tett på ny E134 bør vera prioritet nummer éin. E134 må og inn på prioriteringslista til NTP. Det må ein dessverre gjenta til det kjedelege, presset må haldast oppe, både for næringsliv, miljø, tryggleik og sentrumsutvikling.

Me har ulike tiltak på listene våre, men nokre av dei er å utfordre skule og barnehage til å aktivt besøke kultur og næringsliv for at ein tidleg kan sjå kva moglegheiter som finst. Ein bør og ha eit aktivt samarbeid mellom grunnskule, vidaregåande og næringslivet. Me må og sørgje for at Vindafjord er aktive mot sentrale myndigheiter i samferdslesaker, for å behalde og forbetre tilbod (båt, buss, veg), både sørover, nordover og austover. 

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden