Bedrifter i Medvind

Stadig fleire vil ha stålbygg

Vest Stål og Fasade utvidar no verkstaden og har i tillegg fått på plass ny lagerhall. Bjørn Steinar Helgevold opplever auka ordremengd og ser optimistisk på framtida.

Dagleg leiar Bjørn Steinar Helgevold (t.v) og produksjonsleiar Tore Andre Helgevold ser lyst på ordrebøkene framover. (Foto: Kristian Risanger)– Oppdragsmengda aukar jamt og trutt, det ser og ut til å bli ei auke i omsetnaden i år, seier Bjørn Steinar Helgevold, som nyleg overtok jobben som dagleg leiar i selskapet.

Oppgraderinga til den nye tittelen ser derimot Bjørn Steinar på som rein formalitet. Han og faren Thor Olav Helgevold starta selskapet i 2016, då var målet å skape sin eigen arbeidsplass. 

– Og etterpå har me delt på ansvaret, så det er berre eit namn på papiret det der. I praksis styrer me saman, slik me alltid har gjort, meiner den nye leiaren og ler. 

Med i familiebedrifta er også Tore Andre Helgevold, som både er produksjonsleiar og veslebror. 

Linas Melinski er ein av 40 tilsette som har arbeidskvardagen sin hjå Vest Stål og Fasade i Sandeid. (Foto: Kristian Risanger)

Fleire jobbar

Selskapet, som har om lag 40 tilsette, omsette i fjor for i overkant av 138 millionar kroner. Sjølv om resultatet kunne vore betre, er Bjørn Steinar optimist framover. Utviding av Boliden-fabrikken i Odda er ein av dei viktigaste jobbane i åra framover, i tillegg til at jobbmengda i heile nedslagsfeltet aukar. Bedrifta satsar på oppdrag frå Sauda, til Odda, Haugesund og Stord. 

– Me har for så vidt ingen avgrensingar, det er levering av stål til bygg som er vårt hovudfelt. Og me ser at oppdragsmengda inn mot industrien aukar, både med bygg og vedlikehald. Boliden skal me jobbe på ut heile neste år. Utbygginga er planlagt ferdig i 2025, og me reknar med at me har arbeid like lenge. 

Bjørn Steinar viser til at mange ser på stålbygg som rimelege og effektive bygg å få på plass innan kort tid. Etter at teknisk teiknar har gjort jobben sin og tomta er klar, kan det gå ned mot 4–6 veker på byggeplass før bygget er tett. Fleire jobbar har og gitt behov for større plass, både ute og inne. 

– Me har ein toppmoderne verkstad no, og den har blitt over dobbel så stor no når me har utvida frå 600 til 1370 kvadrat. I tillegg har me fått på plass ein lagerhall på 300 kvadrat på Steinsland, og kjøpt nabotomta her slik at me kan vekse om me har behov for det. Det området gir oss og sjansen for lagerplass ute. 

Vest Stål og Fasade utvidar no med større verkstad og lagerhall, samstundes som dei har kjøpt nabotomta. (Foto: Kristian Risanger)

Viktige kundar

Sjølv om veksten har gått fort, trur ikkje Bjørn Steinar at bedrifta skal bli så mykje større med det første. Målet framover blir å stabilisere drifta slik at dei tilsette blir tatt godt vare på, og kundane får det dei ynskjer. Han rosar GL-gruppen som var med som investorar i oppstarten og framleis eig 50 prosent av aksjane. Den siste halvparten av aksjane deler Bjørn Steinar og Thor Olav likt mellom seg,  forretningsideen har heile tida vore å pleie kundane godt. 

– Her må ein vere positiv og eit ja-menneske. Det har eg nok med meg heimanfrå, kundane er det viktigaste me har, så ein må gjerne gi litt ekstra. Det er ikkje ein jobb med heilt normale arbeidstider dette, og eg veit at eg kunne blitt betre på å skilje jobb og privatliv. Det blir litt jobb-prat i familiemiddagane, slik er det berre. 

Arthuras Junevicius i djup konsentrasjon, interessa for å kjøpe stålbygg er stadig i vekst. (Foto: Kristian Risanger)

Spisse drifta

Dei har gjort fleire grep sidan oppstarten for å gjere drifta lønnsam. Bjørn Steinar meiner dei har «snudd skuta» i 2023 og fått inn ekstra krefter, også i administrasjonen, for å få unna alle oppgåvene veksten fører med seg. 

– Før var me jo borti alt sjølve. Me rekna på jobbar, og var der ute og gjorde heile jobben. No ser me jo at me treng fleire med oss, også på den sida. 

– No er me komne dit me vil vere omsetnadsmessig, så no må me spisse drifta framover. Det er klart det er tøffe tider når det er så høgt kostnadsnivå rundt oss, med renteauke, straumprisar, drivstoffprisar og anna materiale me treng. Eg vonar prisane roar seg litt no. Som alle andre nyetablerte selskap har me og høge lån, så det er klart me merkar det.

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden