Gründerpraten

- Motiverande å skapa eigen arbeidsplass

Henning Haugland har nok alltid hatt ein gründer i magen. Etter 37 år i kuldebransjen har han sett ei enorm utvikling, no ynskjer Haugaland Kjøleservice å styrke seg innan tyngre industri.

Dagleg leiar i Haugaland Kjøleservice, Henning Haugland. (Foto: Marcus Rødne)

Dei siste 28 åra har han drive eiga bedrift i bransjen, og ser utvikling på fleire nivå. 

– Det har jo blitt mykje meir miljøvennlege kjøler, heldigvis har me i dag ikkje dei same gassane som me hadde på 90-talet. Gassane med fluorholdig innhald hadde ein sterk drivhus-effekt og forstyrra ozonlaget, seier Henning og mimrar tilbake til 1994 då han og ein kompis satsa på det som då blei kalla Ølen Kjøleservice. 

– Eg har jo eigentleg fagbrev som anleggsmaskinreparatør, ein kompis av meg som jobba med kjøling fekk meg interessert i denne bransjen. I 1994 starte me likegodt eige selskap. Allereie året etterpå hadde me så mykje jobb at me måtte tilsetje den første, det gjekk slag i slag, seier Henning, som i dag leiar ei bedrift med 13 tilsette. 

Sterk utvikling

Framleis er det reparering av kjøler og faste service-rundar som er hovudproduktet til selskapet, i tillegg til at dei leverer og monterer kjøler. Selskapet har Haugalandet, Sunnhordland, Hardanger og Ryfylke som sitt nedslagsfelt. 

– Det var og med tanke på nedslagsfeltet at me skifta namn, då vart det litt for lokalt å heite Ølen Kjøleservice, fortel Henning. 

Framleis har dei kontor og verkstad i Ølen, og baserer seg på at servicebilane reiser ut der kundane er. I dag er også kjøleanlegga ute i bedriftene blitt så moderniserte og digitale at mykje kan løysast frå PC. 

– Me må som regel ut likevel, men no kan me sjå mykje meir om kva feilen inneber medan me sit på PC, det er ei enorm utvikling frå den tida me starta opp, seier han. 

Kundane har endra seg

På 90-talet var også kvar kjøpmann kunde i selskapet, no er det dei store kjedane som er kunde. 

– Me har nok fleire type kundar enn mange tenkjer på. Det kan vere datalagringskjøling til dømes, dersom serveren til kommunen ikkje får ha det kaldt vil den slutte å fungere, og slakteri som Fatland er ein stor kunde hjå oss, dei er avhengige av at kjøtet blir kjøla ned. 

– At det er så teknisk no gir oss meir stabilitet ute hjå kunden, dersom det blir temperatur-avvik i ei kjøle  vil det gå ein alarm og ein blir varsla både hjå kunden og hjå oss. Det er trygt. 

Ingen dag i Haugaland Kjøleservice er lik, og mykje av den tekniske utviklinga handlar om å finne grøne og miljøvennlege løysingar. 

– Når ein har eit kjøleanlegg produserer ein og heilt naturleg varme. Det er mange måtar å nytte seg av denne varmen på, slik at den ikkje forsvinn. Det er god og miljøvennleg bruk av ressursane, slår Henning fast. 

Tøff rekruttering

Kuldebransjen har interessert han i mange år, og etter kvart som han kom inn i bransjen tok han også fagbrev som kjølemontør og i seinare tid meisterbrev i faget. Det er ei utdanning han gjerne skulle sett at endå fleire tok. 

– Me slit veldig med rekruttering, det er nok ein litt anonym bransje. Men det er ein bransje med mange moglegheiter i, her får ein reist mykje rundt til kundane, og fagleg er ein innom både elektro, ventilasjon, røyr og den kuldetekniske delen. 

– Kva er målet framover? 

– Me vil gjerne utvide mot tyngre industrianlegg som fiskeoppdrett eller større varmepumpeanlegg. Det vil jo og truleg gi grunnlag for å tilsetje fleire, men me skal ikkje vekse for fort. Kundegrunnlaget må på plass først. 

– Du er oppteken av å skape? 

– Ja, det er viktig. Og på mange måtar har det og vore motiverande at ein kan skape sin eigen arbeidsplass, og vere sin eigen sjef, seier Henning.

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden