Prisvinnande søppel-idé

Ingeborg Margrete Johansen (34) kom opp med den ville ideen om å trene opp kråker og skjærer til å hente søppel. No har ideen vunne gründer-pris, og snart skal ho teste miljøprosjektet på taket av Oasen Storsenter i Haugesund.

Ingeborg Margrete Johansen (34) satsar på gründerselskapet og håpar trena fuglar skal rydde søppel mange stadar. (Foto: Kristian Risanger)


– No er me endeleg i gang. Me skal setje opp to pilotstasjonar, ein på Vormedalen ungdomsskule i Karmøy og ein på taket av Oasen Storsenter. Det tar tid å trene opp fuglane, det første me gjer er å få på plass ein foringsstasjon, og så må ein stegvis introdusere det som skal plukkast, og ikkje minst gi belønning når dei hentar søppel. Me må avgrense det litt i starten, slik at dei lærer ein ting om gongen.

Det var våren 2022 det heile starta. Ingeborg såg ein video om å trena fuglar som kunne rydde søppel. «Dette kan eg og få til», tenkte ho. Same dagen laga ho logo og starta eit AS. 

– Eg har kanskje dårleg impulskontroll, men eg får gjort veldig mykje på kort tid. Namnet kom berre på plass. «DeBoss» altså, eg er jo sjefen og fuglane skal plukke boss. Det namnet sa seg sjølv. 

 

Vann pris

Det eine tok det andre, og snart var ho i full gang med å byggje ein testversjon i eigen garasje og hage. Ho kontakta Fikse Næringsforening og Medvind24 Næringshage, og sjølv om dei fleste syns ideen var ganske vill, var støtta overveldande. «Køyr på, dette har me tru på», var tilbakemeldinga. Kort tid etter oppstarten vart Ingeborg gravid, og prosjektet vart sett på vent. I dag er Emil på ti månadar fast kollega i prosjektet. 

– Han var med då eg deltok på ITSA Start-kurset og «pitcha» ideen inn til Validé i Stavanger, og dei likte jo tydelegvis det dei såg. Eg hadde aldri trudd eg skulle nå opp i den konkurransen, kor det var så mange gode idear, seier Ingeborg. 

Ho deltok nemleg på eit kurs hjå selskapet der målet var å fremje gode og berekraftige gründerprosjekt, og vinnaren av det heile skulle få Validé med på eigarsida og 100 000 kroner i startkapital. 

– Eg vart så inderleg glad for det, dei meinte det var eit fascinerande prosjekt. Å få lov til å samarbeide med det innovative miljøet er ei kul reise. Det betyr mykje å få profesjonell hjelp om bord i prosjektet, ein har jo så mange spørsmål som gründer. 

 

Inn i skulen

Ingeborg meiner tips og triks om korleis ein set ein gründer-ide ut i livet burde vore skulepensum i ung alder. Ho meiner mange veit mykje om kva som blir forventa på ein arbeidsplass og som tilsett i ei bedrift, men lite om å skape noko sjølv.

 – Eg blei overraska då eg starta opp med dette og fann ut at det jo finst eit heilt apparat rundt dei som vil skape noko sjølv. Dette veit me for lite om, og me veit for lite om kva som krevst for å stable ei eiga bedrift på beina. Mange elevar blir jo skule-leie, og eg har sjølv vore der. Då ville det vore genialt om ein kunne presentert praktiske oppgåver som dette for dei. 

Sjølv jobbar ho som IT-konsulent i Omega 365 Solutions og trenar hund på fritida. Dermed har ho god kompetanse på kva som må til for å programmere stasjonane på ein slik måte at fuglane blir godt trena. I tillegg har ho bachelor i økologi og naturforvaltning med fordjuping i geografiske informasjonssystem, og heile grunnlaget for ideen kjem frå interessa ho har for kommunikasjon mellom menneske og dyr. 

 

Snakke utan ord

– Eg har alltid interessert meg for korleis me kommuniserer utan ord, universalspråket. Om det er mellom oss menneske eller med dyr. Det er det same om det er fuglar, rotter eller hestar, alle har eit språk. Hjernen min spinn heile tida i møte med dyr. Eg veit jo at om eg tar eit steg for nærme måka, så vil den lette, men tar eg derimot eit steg tilbake i rett tid, blir den verande og vågar kanskje å ta maten eg har gitt den. 

No vonar ho at testresultata etter nokre månadar på taket til Oasen vil gi ho gode svar på kva som eventuelt må justerast før konseptet kan seljast vidare. 

– Me har fleire som har vist interesse for dette og kontakta meg, og etter kvart vil eg tilpasse produktet meir til kunden. Me må stille oss spørsmålet om kva avfall som er problemet her, og så konsentrere oss om det. Me veit og at fuglane oppfører seg litt ulikt. Skjærene er meir nysgjerrige og dristige enn kråkene, som er meir sky. Likevel er kråkene i byar mykje tryggare på folk enn dei er på bygda. 

– Her er det jo mange moglegheiter, eg har for eksempel lurt på om ein kunne trena dei opp til å ta brunsniglar i hagar, det hadde vore noko. 

 

 

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden