På tide å søkje spelemidlar

Vindafjord kommune og Vindafjord Arbeidsgiverforum (VAF) etablerte i 2016 eit fond som sikrar forskottering av spelemidlar slik at fleire lokale prosjekt kan starte tidlegare. No er det tid for å søkje nye midlar.

Spelemidlar skal støtte aktivitet for barn og unge lokalt, forskottering sikrar at mange prosjekt kan starte tidlegare enn planlagt. Foto: Ølen IL

– Eg blir imponert kvart år over alt det frivillige arbeidet som finst der ute, og kva dei lokale laga får til, seier Berit Hetland. 

Berit Hetland i Vindafjord kommune er imponert over alt frivillig arbeid i kommunen. Ho har jobba med spelemidlar og lokale søknadar i fleire år og har sett ei stor utvikling, både i kor mange som søkjer og ikkje minst at alt no er blitt fulldigitalt. Eigentleg er ho blitt pensjonist, men er for tida inne med litt konsulenthjelp i samband med årets spelemiddelsøknadar.

– Fylkeskommunen tildeler spelemidlar kvart år i mai og juni, og no er det tid for å sende inn nye søknadar, eller fornye søknadar som ikkje fekk tildelt spelemidlar ved sist tildeling. Det er viktig å oppdatere med ny informasjon om det har vore endringar i til dømes kostnadar eller dugnad undervegs, seier Hetland. 

Lågare dugnads-press

Styreleiar i VAF, Øystein Matre, er også imponert over alt frivillig arbeid i kommunen, og ikkje minst glad for at ei forskottering kan bidra til rask oppstart. 

– Det er kjempeviktig at ein kan få midlane utbetalt på forhand, då slepp ein gjerne å ta opp lån. Og ikkje minst blir presset på dugnadsarbeidet som må til óg lågare. Då slepp ein å drive kakelotteri for å dekke renter til lån, seier Matre. 

I forskoteringsfondet gjekk VAF inn med 10 millionar dersom kommunen gjorde det same, dermed står det 20 millionar på fondet. Dette er pengar som sirkulerer konstant, og som sikrar at lokale planar kan setjast ut i livet med ein gong søknaden er behandla. 

– At ein har eit godt organisasjonsliv og gode tilbod på fritida er også godt rekrutteringsarbeid for bedriftene. Me må ha eit rikt kultur – og idrettsliv å by på dersom me skal få flinke folk til å busetje seg her, meiner Øystein Matre. 

Desse kan søkje

Dette året blei  det utbetalt  spelemidlar til tursti rundt Bjoavatnet, i tillegg til turveg frå Ølensvåg til Eikås og turstiprosjektet i Ølen sentrum. 

– Desse prosjekta er ferdigstilte for nokre år sidan, men fekk fyrst nå utbetalt spelemidlar. Dette viser at forskoteringsfondet er til stor hjelp i finansieringa, seier Berit Hetland.

Bestemmelser om tilskudd til anlegg for idrett og fysisk aktivitet viser til at spelemidlar til bygging og rehabilitering av idrettsanlegg skal bidra til infrastruktur som gir befolkninga moglegheit til å drive fysisk aktivitet, både i regi av den frivillige medlemsbaserte idretten og gjennom moglegheit for eigenorganisert fysisk aktivitet.

Dei viktigaste målgruppene for bruk av spelemidlar til idrettsføremål er barn (6–12 år) og ungdom (13–19 år). I tillegg vil staten legga til rette for at personar med nedsett funksjonsevne skal kunne delta i idrett og fysisk aktivitet ut frå sine ønsker og behov.

Vidare heiter det i retningslinjene at det er eit mål å utvikle anlegg som tilfredstille ungdomane sine behov for utfordring og variasjon. Anlegga bør og fungere som gode sosiale møteplassar i lokalsamfunnet.

For å kunne søkje om spelemidlar må anlegget vere ein del av ein vedtatt kommunal plan som omfattar idrett og fysisk aktivitet. Det kan søkjast om midlar til anlegg som bidreg til å auke fysisk aktivitet, og som er tilgjengeleg for alle. I tillegg til nye bygg og anlegg kan det og søkjast om midlar til rehabilitering av eksisterande anlegg. 

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden