"Ny" skule etter fleire år med ombygging

Seks klassar har fått nye lokale på Ølen VGS etter at nybygget sto ferdig i 2020. Korona sette ein stansar for offisiell opning av "nye Ølen vgs", den gong, og sidan er heile skulen blitt oppgradert innvendig. 17. mars 2023 var det endeleg klart for feiring ein toppmoderne og framtidsretta vidaregåande skule.

Nybygget ved Ølen vgs var planlagt opna våren 2020, men det sette koronapandemien ein effektiv stoppar for. No er bygget i full drift med elevane på Teknologi- og industrifag og Bygg- og anleggsteknikk, som flytta inn hausten 2020.

Byggeprosjektet gjekk heilt etter planen, med byggestart februar 2019 og overlevering frå totalentreprenør Veidekke AS 4.februar 2020. Bygget har eit bruttoareal på ca. 1800 kvadratmeter. I tillegg er uteområdet rundt nybygget og mellom skulebygga flott opparbeida. Kostnaden for bygget med utstyr, inventar og uteområde, blei rundt 80 millionar kroner. Seks klassar har fått nye, flotte verkstadlokale med tilhøyrande klasserom, grupperom og elles alle fasilitetar. Med nybygget vart alle elevar og tilsette ved Ølen vidaregåande skule samla på same området, for første gong sidan 2003, då byggfag vart oppretta ved skulen og flytta inn i leigde lokale i Ølen sentrum.

Etter mange år med renovering og ombygging er heile skulen oppgradert innvendig. No pågår det arbeid med tak og fasadar utvendig, som skal ferdigstillast innan utgangen av 2023.

17.mars kunne endeleg Ølen vgs ta i mot gjester til offisiell opning på "ny" skule!

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden