Har du ledige næringslokale eller næringsareal?

Har du ledige næringslokale eller næringsareal? Medvind vil veldig gjerne høyra frå deg!

Som næringshage tilbyr Medvind rådgiving for både gründarar i oppstartsfasen og etablerte bedrifter.  Ein av Medvind sine oppgåver er å vera ein koplingsaktør i næringslivet, mellom anna for dei som er på jakt etter areal og lokale lokalt.   

- For mange næringsaktørar er eigna areal og lokale svært viktig for utvikling av bedrifta.  Medvind Næringshage skal vera eit bindeledd i næringslivet, og me blir ofte kontakta av næringsaktørar på jakt etter lokale eller -areal i  Vindafjord og Etne. Dette er aktørar i alle størrelsar, frå mange typar bransjar og med ulike behov.  Me har allereie god kjennskap til kva som er tilgjengeleg, men me me ønskjer endå betre oversikt, og vil gjerne ha kontakt med alle som har næringslokale eller areal dei ønskjer å leiga ut eller selja. Det gjeld alt frå råtomter til ferdige butikklokale. Slik vil me vera endå betre rusta til å hjelpa næringsdrivande i å utvikla seg her lokalt,  seier forretningsutviklar Morten Helland i Medvind24 Næringshage. 

Så, dersom du har ledige næringslokaler eller næringsareal som du vil selja eller leiga ut (eventuelt vurderer å selja/leiga ut), ta gjerne kontakt med  

Morten på tlf 45 86 55 08, morten@medvind24.no.

NB: Me går ikkje vidare med denne informasjonen utan at dette er avklart med eigar.


Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden