Dette er fantastisk gledelege nyheter for HVL, men ikkje minst for framtidige studentar som får høve til å studera fleksibelt og desentralisert i dei indre delane av Haugalandet. Søknadsordninga me har fått tilslag på er oppretta for å sikra tilgang til utdanning i heile landet og for at det skal utviklast tilbod som treff ei målgruppe som ønsker å kombinera jobb med fagleg påfyll, seier Tone Merete Brekke, instituttleiar for økonomi og administrasjon på HVL:
HVL har i samarbeid med Medvind Næringshage søkt om og fått tildelt dei 2 millionane frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Dei neste åra vil det bli tilbudd kurs på totalt 15-20 studiepoeng årleg fordelt på ulike kurs.
Her kan de sjå kva kurs som vil bli tilbudd dei neste åra og melda di interesse for å bli med!
Kari Aakra i Medvind Næringshage, ser fram til å tilby kursa lokalt.
- I løpet av dei neste fire åra vil me tilby studier innan mellom anna prosjektleiing, berekraftig forretningsutvikling, endringsleiing og business-engelsk, retta mot næringslivet i distriktet. Studia vil vera samlingsbasert lokalt i Medvind sine lokale, med skreddarsydd studieopplegg frå Høgskulen. Me legg opp til moglegheit for noko nettstøtta aktivitet, seier Aakra.
Studietilbodet vil ha generell studiekompetanse som opptakskrav, men for vaksne studentar som har lang arbeidserfaring vil ofte realkompetansevurdering vera tilsvarande. Det vil vera ein eigenandel på kursa.
Studia ein vil tilby gjennom dette opplegget er einskilde modular på mellom 2,5 og 7,5 studiepoeng, som også har vore tilbudde på HVL sine studiestader i Haugesund og på Stord. Dei har vist seg å vera etterspurde og populære i næringslivet i regionen, og det er veldig stas å få tilby dette her inne hjå oss, seier Aakra som snart set i gang detaljplanlegginga saman med gjengen på HVL.
Tildelinga er ei annerkjenning av Indre Haugalandet som ein viktig region for fleksibel og desentralisert utdanning, seier Brekke.
Samstundes viser det kva det tette og gode samarbeidet mellom HVL og regionalt arbeidsliv kan resultera i. Eg vil særleg trekka fram det solide søknadsarbeidet HVL sin prosjektleiar Knut Steffen Kvala og EVU-koordinator Hilde Albertine Gjertsen har stått bak i samarbeid med Medvind24. Det var meir enn 280 omsøkte prosjekt, og dette var eit av 39 som fekk tildeling. Det seier litt om kor høgt denne tildelinga heng. HVL sin visjon er kunnskap som bygger menneske og samfunn. Det viser me i praksis her, seier Brekke.
Nå skal me starta detaljplanlegginga av opplegget framover, og meir informasjon kjem på nettsidene våre om ikkje lenge, seier Aakra.