Matkroken Imsland er Årets butikk

Butikken i Kvaløy er kåra til Årets butikk for andre året på rad. – Dette er veldig stas for alle, seier Jarle Risvold Kvaløy, som driv den prisvinnande butikken saman med kona Britt June Risvold Kvaløy.

Butikken i Imsland er ein populær butikk heile året, sjølv om høgsesongen er frå påske og gjennom sommaren. På sommaren kokar det godt med hyttefolk og turistar i Kvaløy, noko som påverkar drifta. 

–  I tillegg til butikk, driv me med catering heile året på bestilling og somme dagar har me og kafédrift. Men me har berre ute-kafé, så då må vêret spele på lag, fortel Jarle og ler. 

– Det har ikkje akkurat gjort det i sommar, slår han fast og viser til at han er spent på korleis vinteren blir med dei krevjande straumrekningane. 

– Me veit det blir tøft, men eg håpar me finn ei god løysing.  

Matkroken Imsland har seks tilsette i ulike stillingsbrøkar, i tillegg er ekteparet sjølv aktivt med i den daglege drifta. Målet er å drive ein butikk i god landhandel-tradisjon, der ein kan få det meste ein treng. 

– Ein må drive med mangesyslerier for å overleve i distrikta, og ein kan ikkje vere redd for å skilje seg ut. Britt June er god på å lage engasjerande innhald til Facebook, ho skriv «nedpå tekstar» som folk likar. Det fungerer godt, seier Jarle og viser til at dagens innlegg handlar om osten som no er på sal etter ein travel sommarsesong. 

– Me må finne på nokre stunt slik at folk kjem på oss og vil handle her, men eg syns dei fastbuande og er flinke til å bruke oss, det skal dei ha. 

Konkurransen Årets butikk er mellom Matkrok-butikkane i Noreg med over 10 millionar i omsetnad. Kundemålingar i butikkane legg grunnlaget for resultatet. 

 

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden