Livreddande kurs i sjøen

Anita Træet vil gjerne ruste alle som jobbar med barn og unge til å bli tryggare på livredning i sjø og ferskvatn. No tilbyr ho livredningskurs i naturlege omgjevnadar.

Mange syns det er utfordrande å drive livredning med vanlege klede i sjøen. (Foto: Privat)

– Eg har vore pedagogisk leiar i barnehage tidlegare og har jo fire barn sjølv. Gjennom alle desse åra har eg vore litt frustrert over at alle livredningsøvingar skjer i basseng. Ikkje noko vondt å seie om det, men det gir ikkje full oversikt over dei utfordringane som finst i sjøen. Det er ikkje ekte nok, seier Anita engasjert.

Ho snakkar seg varm om kor viktig det er å senke statistikken på drukningsulukker, kor viktig det er at barna blir symjedyktige tidleg, og ikkje minst at dei som skal jobbe med barn og unge blir godt trente på å redde når det trengs.

– Ein kan iallfall ikkje seie at det ikkje skjer oss, for ulukker kan skje alle. Og det er så mange uventa ting som kan oppstå. Det kan vere glatte svaberg, det kan vere stri straum i fjorden, kalde temperaturar eller det kan vere området på land er vanskeleg å nå for dei som må rykke ut. Det er viktig å tenkje gjennom alt dette.

Kurs for alle

Sjølv har ho tatt utdanninga si gjennom Norges Livredningsselskap og tilbyr no kurs gjennom selskapet sitt Træet Livredningskompetanse. Kursa tilbyr ho i nærområdet til dei som treng det, enten om det er eit idrettslag, ein organisasjon, ein barnehage eller ein skule. Med andre ord: dei som meiner dei treng det.

– Det kan vere like viktig for privatpersonar, eg har til dømes hatt kurs for nabolag. Dette er noko alle treng å kunne meir om.

Dei siste åra har me hatt om lag 100 drukningsulukker i året, det er 100 for mange. Mange av desse ulukkene skjer veldig ofte ved bading og ofte ikkje så langt frå land. Me er jo ein kystnasjon der veldig mange av oss har tilgang til sjø eller ferskvatn, men me må øve på det me vil bli gode på, det er viktig.

Anita Træet brukar naturen året rundt. For henne er det viktig at flest mogleg blir trygge på livredning i sjø og ferskvatn. (Foto: Privat)

Utfordrande i sjøen

Kursdeltakarane blir ofte overraska over kor utfordrande og annleis sjøen kan vere samanlikna med bassenget. Men så godt som alle opplever meistring og kjenner på stor utvikling gjennom kurset. Dette er noko dei kan få til om dei berre får trena på det, meiner Anita. Ho startar alltid kursa med risikovurderingar og snakkar om det å få på plass ein god alarmplan over redningsarbeidet.

– Alle kan gjere noko, det er det aller viktigaste. Og så må ein gå grundig gjennom risikovurderinga på førehand. Er det tilkomst for ein ambulanse dersom det er behov for det? Har me livbøye eller redningsline tilgjengeleg? Korleis oppfører sjøen seg i dag? Kor kaldt er det? Første bod er alltid å forsikre seg om at ein sjølv er trygg under redningsoperasjonen. Det er ingen som blir redda om du ikkje klarer å redde deg sjølv. Så er det viktig å gi flytehjelp og få vedkomande opp på land.

Etter ein teoretisk del er det klart for å prøve seg praktisk. Deltakarane får tenkte casar dei skal prøve seg på, der dei reddar kvarandre og testar ut hjarte- og lungeredning på dokker.

– Og då er me jo i nærområdet deira, som er plassar dei kjenner godt og tek med seg barna til. Det gjer alt så mykje meir realistisk, ikkje minst sidan dei har sine eigne klede på under øvingane og får oppleve korleis det påverkar dei i vatnet, seier Anita.

Vil redde liv

Sjølv veit ho korleis det er å måtte redde. Som tenåring redda ho eit barn som var i nød. Ho veit kor kort veg det er mellom idyllisk leik til livsfarlege opplevingar.

– Me må lære barna våre kor viktig det er å hjelpe kvarandre, alltid symje og bade saman med andre, og at det er viktig med god pusteteknikk slik at ein ikkje får panikk. På sikt ynskjer eg å tilby kurs til barna og.

Anita starta opp livredningsselskapet i fjor haust, men det er først i sommar ho har tilbydd kurs. Og interessa har vore stor.

– Målet er uansett å redde liv. Klarer me det, er eg godt nøgd.

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden