Kraftkaren

Egil Kambo bygde sitt første kraftverk som 10-åring. Ein smell fekk den sjølvlærte gründeren tilbake i bransjen.

Han er gründer, bonde og altmoglegmann. Uansett kva han driv på med, er Egil Kambo opptatt av å å gjera ting skikkeleg med éin gong. Foto: Hanna Maria van Zijp

– Jo, eg er vel litt nevenyttig, da. 

Egil Kambo overdriv ikkje akkurat. 

Reisa hans i kraftbransjen gjer at Reodor Felgen framstår som Donald Duck. Egil er sjølvlært på småkraftverk, han teiknar, prosjekterer, reknar, byggjer. Joda, Egil omgir seg med eit knippe fagfolk og leverandørar han meiner kan meir enn han, og som han skryt uhemma av. 

Men det er Egil og Kambo energi som er primus motor, ­­­­­­og følgjer prosjektet frå skisse til straum, som løyser eventuelle knutar på tråden. Det er han som har vakenettene. 


Dei siste femten åra har Egil bygt seg opp som kraftgründer, investor og altmoglegmann. 

Egil kan sjå tilbake på ei hektisk, beinhard og morosam tid med opp- og nedturar. Som bransje er krafta sårbar for konjunkturane. Oppturane? Dei kjem når alt berre funkar. Det kjem me tilbake til. 

Egil Kambo og Viola Godri Kambo sit på det romslege heimekontoret på Kambe. Det store huset, med den store utsikta over Etne, er splitter nytt. Huset er basen for alt Kambo. Spennet er stort, dei leiger ut grishuset, driv konsulentverksemd, forhandlar jaktradioar, og driv gard med seksti vinterfôra sauer – og byggjer småkraftverk. 

Nå eig Kambo energi seks småkraftverk i regionen, driv ni og har vore med på til saman 20 prosjekt. Kontrastane er store i Familien AS. I helga var dei på sauesamling. Nå flikkast det på teikningane til eit nytt prosjekt, og rekneskapen skal oppdaterast. Kona Viola jobbar nå fulltid som økonomiansvarleg i firmaet. 

Det er akkurat slik dei likar det. Egil koplar av frå tungt tenkearbeid med tungt gardsarbeid

– Eg kan stå i driten éin dag og ha dress andre dagen, seier Egil.  Smilet er aldri langt unna i Kambo energi. Egil Kambo er energisk på vegne av småkrafta si framtid. Foto: Hanna Maria van Zijp

 Å prosjektera og byggja småkraftverk krev kunnskap om alt frå turbinteknologi til konsesjon. Parallelt med eigne utbyggingsprosjekt, er Egil konsulent for andre utbyggjarar i same situasjon. Han bidreg både på det tekniske og søknadsprosessane. Ein må vera elektrikar, økonom, ingeniør og litt arkitekt. 

– Altfor mykje kunnskap om eit smalt felt, kan vera drepen, meiner han.  

– Ein må våga å stå på med litt kunnskap om eit breitt felt. Så må ein stola på matematikken og fysikken. Det er store krefter i sving, fortel Egil. 

Det har gjort at han stadig søkjer løysingane som er mest skånsame for naturen, både på design av anlegget og vassdraget sin kapasitet. 

Samstundes er brei kunnskap eit tveegga sverd. 

– Eg veit om alt som kan gå gale, ler han. 


Der andre hadde gitt opp, blir Egil meir motivert av seige prosessar. Det er trass alt ein invitasjon til å motbevisa og læra. Det går ikkje av seg sjølv. 

– Det er knallhardt arbeid for småpengar, seier Egil. 

– Men me har litt godt av det óg? Me lever og må jobba for føda, filosoferer han.

Jobben har Egil altså skapt sjølv. Med elektronikken i botn, har han ikkje begynt på null. Men det måtte ein krise til for å få han inn i vassdragsverda. Det begynte, som så mykje anna, med ein smell. Egil pådrog seg ein stygg ryggskade. Den nevenyttige elektronikkteknikaren med dei hektiske dagane, kunne ikkje sitja på fleire år, for ikkje å snakka om jobba. Sjukehuskøane var lange som eit vondt år. Livet fekk ein bråbrems. Økonomien stramma seg til. 

At han ikkje kunne vera elektrikar lenger, var tøft. Det å mangla eit kall, var verre. Samstundes opna det andre dører for ein som er opptatt av løysingar. 

Kraftgründer Egil Kambo drog tilbake til røtene då han skulle finna ein veg vidare ved årtusenskiftet. Foto: Hanna Maria van Zijp

Egil byrja å kikka rundt seg. Sidan han var liten, hadde han vore fascinert av krafta i vassdrag. I bekken nedanfor huset bygde han kraftverk som 10-åring. Magien oppstod då det funka, då han fekk straum i kablane for første gong. 

– Det var absolutt teknikken bak, men det å bruka naturen til noko fornuftig, og henta ut krefter, var det mest fascinerande. 

Egil er arveleg belasta. 

– Både morfar og oldefar putla med det same. Eg har det tekniske frå mor og naturinteressa frå far. Vasskrafta kombinerer begge delar, seier han. 

 

Derfor, når Egil skulle finna ein veg vidare, byrja han å planleggja sitt første kraftverk. Han starta først på elkraftingeniør-studiet. 

– Eg tenkte etter ei tid at eg ikkje har tid til tre år, seier Egil i dag. 

Han kallar seg god til å tileigna seg informasjon. Så Egil tok nokre av faga, og gjorde eigen research på alt som hadde med kraftverk å gjera. I mellomtida fekk han tilbod om ryggoperasjon i Tyskland. 

Det første kraftverket bygde han heime på Kambe saman med far og bror, i same bekk som nokre tiår tidlegare. Det var byrjinga på det første firmaet Kambe kraft. 

Egil hadde bygt seg sjølv opp fysisk. Nå skulle han byggja opp firmaet. Før han kunne leva av vasskraft, hadde han eigen elektroverkstad med blant anna reparasjon av kvitevarer. Eller, det var ikkje berre han lenger. Ti dagar før han skulle inn på sjukehuset, gifta Egil og Viola seg. 


Kambo energi blei stifta i 2008, eit år mange bedriftseigarar grøssar over. Samstundes som finanskrisa slo inn som ein tsunami over heile verda, var Egil i full gang med prosjektet. Dei neste åra var beinharde. Han hadde vore på botn økonomisk etter arbeidsulukka, og skulle i gang med noko som ikkje kunne gi avkastning på lenge. Utfordringane fordelte seg utover. 

– Det var nesten ikkje mogleg å få tak i folk i 2008, seier Kambo om det han kallar ei «grusom tid». 

– Budsjettet sprakk, me skulle byggja ei av dei brattaste røyrgatene i landet. Eg pådrog meg ein del skavanker. Magesår, blant anna, smiler Egil. 

Smilet er nemleg aldri langt unna. Til nå har han vore innom brekt rygg, lågkonjunktur, smalhans – og nå altså magesår. Optimismen gjennomsyrer alt. Egil er mest opptatt av kva som er mogleg å få til. 

Det har kome godt med under heile reisa til Kambo energi. Rett før pandemien kom ein ny, tung periode i bransjen. Ein del aktørar måtte gi opp. 

– I 2019 skjedde alt gale som kunne skje. Mange har gløymt korleis me sleit. Prisane gjekk ned mot null. Dei fleste kraftverka stengte av produksjonen. Mange var selde, bankane skulle ha sitt, seier Egil. 

Mange av dei private kraftverka blei kjøpt opp av større aktørar, slik at eigarskap, drift og risiko blei jamnare fordelt. Det gjorde at ein verkeleg såg kor lite lukrativt det var for same aktør å sitja med alt sjølv. Derfor meiner Egil at kriseåret også modna bransjen. Der det før var for dyrt, kan ein nå byggja ut. 

– Bransjen har blitt mykje meir profesjonell. Det har gått frå konkurranse mellom små aktørar til meir samarbeid, seier Egil. 

At dei profesjonelle samarbeider mykje betre, har opna dører for Kambo energi. 

– Det oppstod ein ny marknad som me har hengt oss på, seier Egil, som både er på eigar- og byggjesida. 

 

Alle jerna i ilden har hatt stor suksess, frå hovudkvarteret på Kambe. 

– Kva har du gjort rett? 

Egil tenkjer seg om. Kanskje det er det at han vore open for kunnskap og streng på kvalitet. Kanskje det er det at han ser feilen før den får utvikla seg. Han drar litt på det. 

– Det er vanskeleg å seia, seier Egil. 

– Men eg har alltid samarbeidd med dei rette folka. Eg har hatt eit nettverk som eg har brukt, og har folk og leverandørar eg kan stola på. 

Egil har stor respekt for andre sin kunnskap. 

– Ein skal ikkje tru ein kan alt sjølv. Eg er klar på at andre kan vita meir enn meg, seier han. 

Det skal vera fint og det skal vera ordentleg. Egil Kambo likar å stå i det fysiske arbeidet eine dagen og tungt tankearbeid den andre. Foto: Hanna Maria van Zijp Så kjem dei inn på drivkrafta. Viola har sett det på nært hald. 

– Han har aldri sett på kor mykje pengar han skal tena, skyt Viola inn. 

– Han har stått 100 prosent i det i dårlege tider. Målet har alltid vore å skapa noko, seier ho.

Sjølv seier han at han aldri hadde fått til alt utan støtta frå henne.  

Egil legg til: 

– Drivkrafta er skapargleda. Eg vil laga noko som er fint og ordentleg. Det skal vera ordentleg, og me skal gjera det rett med éin gong. Det er betre å tenkja nøye gjennom og bruka litt meir pengar frå start enn å måtta gå tilbake og reparera, seier Egil. 

I tillegg brenn han for bransjen og for faget. Han brenn for nye produksjonsmåtar og ny teknologi. Han brenn for samarbeid, for at naturen ikkje skal lida. 

Og sjølvsagt brenn Egil for Etne. På grunn av inntekter frå fall-leige og oppdrag for leverandørar, meiner Egil småkraft er god distriktspolitikk. 

– Det er ein kombinasjon som både genererer inntekter og sal lokalt, seier Egil. 

 

Det vil han fortsetja med. Fire prosjekt er under planlegging i Åkrafjorden dei neste åra. Det tar tid, ofte eit år med prosjektering og eit års bygging. 

Så skal skapargleda driva prosjekta framover. Etter dei siste månadene med ferdigstilling, der Egil er inne i bobla, må kraftverket testast. Det er eit slags høgdepunkt når vatnet fossar gjennom for første gongen. 

Då skal kontrollanlegget helst visa at det blir watt av det. 

– Det er vilt spennande! Det kan ikkje beskrivast, altså, gestikulerer han. 

Og når det skjer, når pilene peikar rett veg, får Egil ei lukkekjensle «nesten som ein rus». 

Det er magien som oppstår når det berre funkar. 

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden