Inviterer til politisk debatt

Tysdag 29. august arrangerer Ølen og Ølensvåg grendeutval politisk debatt på Ølen kulturhus. Sentrale tema blir mellom anna næringsutvikling, samferdsle og tomteutvikling.

Magne Christiansen er leiar i Ølen grendeutval og håpar mange kjem på politisk debatt for å finne ut kva dei politiske partia meiner om lokale saker. (Foto: Kristian Risanger)

– Dette er ein open debatt for alle, og me håpar salen blir full, seier Magne Christiansen, som er leiar i Ølen grendeutval. 

Alle toppkandidatane i Vindafjord har takka ja til å stille i debatten, som startar kl. 19. Målet er at både næringsaktørar og engasjerte innbyggjarar skal kunne stille spørsmål om saker dei brenn for i lokalsamfunnet sitt.

– Me skal innom viktige saker som næringsutvikling, korleis ein kan få fleire attraktive tomter i Ølen og Ølensvåg, oppvekst, samferdsle og kva kommunen ynskjer å gjere for å styrke Ølen som kommunesenter, seier Christiansen, og oppfordrar folk til å kome på debatt, stille gode spørsmål og ikkje minst bruke røysteretten. 

– Det er kjempeviktig at folk engasjerer seg, og eg håpar verkeleg at næringslivet også stiller med sine spørsmål denne kvelden. Det er bra om nokon kan utfordre politikarane på kva kommunen kan gjere for å leggje til rette for vekst i næringslivet. Me har mange attraktive jobbar i kommunen, men me slit med å få tak i nok arbeidskraft. Då er det òg viktig at det finst attraktive tomter, gode oppvekstmiljø og eit godt kulturtilbod, for å nemne noko. 

Asbjørn Moe skal leie debatten, som er eit samarbeidsprosjekt mellom dei to grendeutvala. Christiansen trur mange saker engasjerer lokalt. 

– Når det er snakk om lokalpolitikk, er det ofte saker du brenn for. Då er det viktig å finne ut kva dei ulike politiske partia meiner om akkurat dei sakene. 

 

 

 

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden