Haugaland Transportskole i nye lokale

Haugaland Transportskole opnar no nye lokale i Sjoargata i Ølen som er betre tilpssa ei moderne trafikkopplæring. I morgon, på Sjoardagen, inviterer dei alle som vil til å kome innom dei nyoppussa lokala.


Lotte Jansen og Julie Berge er klare til å invitere inn i nye og sentrale lokale i Ølen. (Foto: Trygve Tvedt/TK Gruppen)


Dagleg leiar i Haugaland Transportskole AS og TK Trafikkskole AS, Ølensbuen Torleif Vestre, er godt nøgd med dei nye lokala i Ølen. No håpar han mange tar turen innom i morgon, på Sjoardagen.

– Dei nye lokala er større og betre tilpassa vår bruk enn dei gamle, noko som gir oss og våre elevar betre vilkår for undervisning og opplæring. Vi ønskjer å gi eit godt tilbod til våre elevar, og vi ønskjer å bidra til å skape eit tryggare trafikkmiljø i Ølen og regionen generelt, seier han i ei pressemelding.

Lokal forankring på kontoret

I kvardagen er det Lotte Jansen, Julie Berge og Annhild Sundfør som vil drive med opplæring og betene elevane i Ølen. Dei erfarne trafikklærarane er alle frå Vindafjord og dei har allereie tatt lokala i bruk til undervisning.

– Dei nye lokala har betre fasilitetar, er romslegare og lysare og har betre plass til elevane når vi har gruppeundervisning, seier ein nøgd Julie Berge.

– Med nye og moderne hjelpemiddel vil kvaliteten på opplæringa bli endå betre, legg Lotte Jansen til.

Det trafikale trekløveret meiner det er viktig med ei lokal forankring.

Variert tilbod

– Vi ønskjer å vere den føretrekte trafikkskulen i Ølen og omegn, seier Lotte. 

– Elevane våre kjem frå heile Vindafjord og Etne kommunar, og kontoret i Ølen er sentralt plassert for dei aller fleste som bur i området.

Kontoret tilbyr opplæring i førarkort klasse B, samt tilhengar, klasse BE og B96. I tillegg har dei også undervisning for moped og traktor. Haugaland Transportskole AS har sidan starten i 1998 vore ein av regionens leiande trafikkskular, og har i dag hovudkontor i Haugesund og avdelingar i Ølen, Kopervik og på Åkra. Transportskulen er ein del av TK Trafikkskole, som har sju trafikkskular med totalt omlag 20 lokasjonar spreidde over store delar av Noreg. 


Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden