Dirigentane

Etter å ha drive åleine i kvar sin bransje, går Søvik & Ramstad saman for å dekkja galopperande etterspurnad. Nå tar dei oppdrag for både stat og privat.

– Det er gjerne det som er styrken vår, at me hiv oss rundt uansett når det er, seier Sjur Ramstad (t.v.) om samarbeidet med Sigurd Søvik. (Foto: Hanna Maria van Zijp)

Dei gjer alt frå brøyting til skoging og graving. For å løysa stadig meir komplekse oppdrag, har Sigurd Søvik og Sjur Ramstad samarbeidd meir og meir dei siste åra. Etter dei byrja med vegdirigering, i tillegg til alt det andre, kom dei inn på tanken om å ta samarbeidet eitt steg lenger. Med seg har dei ein stab som både er spesialiserte og alt-mogleg-personar. 

Nå vil duoen posisjonera seg vidare innan vegvedlikehald. 

Alt treng dirigering

Det formelle samarbeidet kom i gang i fjor. 

– De er framleis venner? 

– Ja, hehehe! 

– Me har jobba ganske tett dei siste åra. Eg har drive med gravemaskinar i alle år. Han har drive med alt mogleg. Då er det mykje vegarbeid – og alt treng me dirigering på, seier Sigurd Søvik. 

– Stort sett heng det saman med kvarandre, Sjur Ramstad. 

Omfattande avtalar

Med fleire tiårs erfaring veit dei kva dei snakkar om. Nedslagsfeltet er først og fremst lokalt på Sørvestlandet, med blant anna vegvedlikehald i regionen. I fjor sikra dei seg avtale om vegdirigering sør for Trondheim, altså både i aust, sør og vest. Framover skal Søvik & Ramstad nedkjempa tre-sjukdommen pærebrann i Rogaland og Vestland. 

– Me har ikkje noko ønske om å breia sånn om oss, me ønskjer heller å ha ei god, stabil kundegruppe og arbeidsstokk, seier Ramstad. 

– Me fekk tilbod om å begynna med vegdirigering, og då fann me ut at det kunne vera fornuftig å gjera noko meir saman, seier Sjur Ramstad (t.v.). (Foto: Hanna Maria van Zijp)

Fleire firma

Søvik og Ramstad vil ha ansvar for kvar sine fag framover, og går ikkje i konkurranse med tenester den andre driv med. 

Søvik skal halda fram med å driva maskinentreprenøren Sigurd M. Søvik AS som før. Søvik & Ramstad AS blir altså eit formelt samarbeid mellom dei to, og firmaa blir drifta kvar for seg, men samarbeider på oppdraga. 

Har samarbeidd heile tida

– Me har eigentleg drive kvar for oss sidan me var drittungar, heldt eg på å seia, ler Ramstad. 

– Det er over tjue år, vel 23-24 år, supplerer Søvik. 

– Så har me samarbeidd på forskjellige stadium heile tida, i mindre og større grad. Me fekk tilbod om å begynna med vegdirigering, og då fann me ut at det kunne vera fornuftig å gjera noko meir saman, held Ramstad fram. 

Det ser dei fram til. Ingen av dei er særleg vanskelege, seier dei. Dessutan kjenner dei tilsette kvarandre godt, og har ein tillit som er viktig for både tryggleik og gjennomføring av oppdrag. Sjølv om alle forholdsreglar innan helse, miljø og tryggleik blir tatt i tråd med krava og vel så det, kan jobben vera farleg. Kommunikasjonen må gå godt mellom dei som utfører oppdraget.  

Seier aldri nei

Avtalebøkene viser travle tider framover, med mykje aktivitet på vegane i regionen – men Søvik & Ramstad seier aldri nei, dei leverer til kunden uansett. Då er det ofte sjefane sjølv drar ut. Kontortida er ikkje akkurat åtte til fire; trafikkavvikling trengst heile døgeret, brøyting skjer stort sett om natta. Plutseleg trengst ein gravemaskin ein stad som er fløymd over klokka to om natta. 

Søvik & Ramstad er alltid på jakt etter flinke folk for å kunna møta stadig aukande etterspurnad. – Det viktigaste er at dei er flinke, skikkelege og faktisk vil, seier Sigurd Søvik (t.v.). (Foto: Hanna Maria van Zijp)

Alltid på jakt etter flinke folk

– Det er gjerne det som er styrken vår, at me hiv oss rundt uansett når det er, seier Ramstad.

– Som regel er det eg og han som tar sånt, skyt Søvik inn. 

– Men det uforutsette er ofte det som gjer det litt spennande, legg Ramstad til. 

Ja-folk er det dei ser etter hos andre også. Sjølv om selskapet har eit godt team med erfarne, fleksible folk som tar ansvar, er dei alltid på jakt etter flinke folk. 

– Drøymekandidaten er ei potet. Då er det jobb i massevis, seier Ramstad. 

Likevel er dei sjølvsagt interesserte også dei som har spesialisert seg. 

– Det viktigaste er at dei er flinke, skikkelege og faktisk vil, seier Søvik. 

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden