Hopp til innhald

Berge Sag satsar på hytter i aust

Byggjefirmaet Berge Sag og Trelast posisjonerer seg som hytte-entreprenør på Austlandet. Det tar dei steg for steg i god, gammaldags Berge Sag-ånd. 

– Me er ei bedrift frå 1888 som er hundre prosent familieeigd. Me kan byggja, og blir oppfatta som ein trygg leverandør, seier sals- og marknadsutviklar for hytter i Berge Sag og Trelast, Øyvind Bråtun. Foto: Berge Sag

– Skal du inn i den marknaden, så må du flytta på deg. 

Det seier sals- og marknadsutviklar for hytter i Berge Sag og Trelast, Øyvind Bråtun. 

Etter 40 år på hyttedestinasjonar som Seljestad, Vågsli og Sauda, inntar byggjefirmaet Austlandet. Målet med satsinga er å nå den største marknaden i landet, basert på marknadsanalyser. 

– Me tar det litt steg for steg, i god, gammaldags Berge Sag-ånd, seier Bråtun.

2,2 millionar innbyggjarar

Fritidsdestinasjonar med kort reiseveg frå Oslo-området, som Hallingdal eller Gudbrandsdalen, peikar seg ut. 

– I to timar radius frå Oslo S bur det 2,2 millionar innbyggjarar. Det er der hovudandelen av kundemarknaden er, seier Bråtun. 

Derfor går dei nå inn i marknader der større aktørar frå før har fotfeste. Berge Sag og Trelast vil både byggja einskildprosjekt, for kundar med eiga tomt og i større utviklingsområde. 

– Me har fått ekstremt med førespurnader. Det er ein del tomteutviklarar og utbyggjarar som slit med at ting har stoppa opp siste halvåret, seier Bråtun. 

Vil ta marknadsposisjon

Nå skal dei og tilsetja ein dedikert hytteseljar, med kontorstad ved dotterselskapet Byggkompaniet Østfold sine kontor i Fredrikstad. Den nyoppretta stillinga er del av det langsiktige arbeidet med posisjonering i aust. 

– Det er fordi me ønskjer å veksa og ta marknadsposisjon og -andelar i nye destinasjonar. Og det finst stort sett på andre sida av vannskiljet, seier Bråtun. 


Det arkitektoniske uttrykket Berge Sag og Trelast skapar for hyttedestinasjonar på Austlandet, er tradisjonelt, men har fleire moderne element tilpassa ei yngre kundegruppe. Foto: Berge Sag

Medan andre aktørar innan fritidsbustader ropar varsku, pustar Berge Sag og Trelast med magen. At pilene peikar nedover på veg inn i 2023, er berre naturleg, ifølgje byggjefirmaet. 

– Nå har det vore Klondyke dei to siste åra. Det me ser nå, og håpar på, er ei normalisering til 2018-2019-nivå, seier Bråtun. 

Sprekare design

Til Austlandet tar dei med seg historia, tryggleik og robust økonomi. Og design. 

– På Vestlandet er me ofte litt sprekare og tidlegare ute med moderne arkitektur. Det me har vunne fram på Austlandet dei siste åra, er det litt meir moderne, seier Bråtun. 

– Me byggjer i tradisjonell byggeskikk med saltak, men med større vindauge og andre element, forklarer han. Det er ulike grunnar til at det har slått an. 

– Hyttekunden der borte har blitt litt yngre siste åra. Nå har det vært mange frå 40 til 45 år som byggjer, dei er nok meir opptatt av litt moderne uttrykk, seier han. 

Bedrift frå 1888

Å snu seg rundt, tilpassa seg marknaden og byggja stein på stein, er noko Berge Sag og Trelast har gjort i generasjonar. Det blir verdifullt for satsinga i andre stader av landet som kanskje ikkje kjenner firmaet like godt som oss i vest. 

– Me er ei bedrift frå 1888 som er hundre prosent familieeigd. Me kan byggja, og blir oppfatta som ein trygg leverandør, seier Bråtun. 

Ledige stillingar

Utbjoa Armering & Sveis AS
Frist: 10. feb
Elementbygg Vest
Frist: 31. jan

Folk i vinden

Tips oss

Folk i vinden

Har de ein ny kollega på laget? Send oss ein e-post så legg me det ut på Folk i vinden!

Send tips

Har du ei god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss.

Send tips