Hopp til innhald

Bakom horisontar

Arriva har rekordomsetning og fri sikt til verdshava. Etter å ha frakta varer til sjøs i femti år, riggar det familieeigde rederiet seg for framtida. 

Konsernsjef Sindre Matre (til venstre) og befraktningssjef Bjørn Ødegård (til høgre) eig og driv Arriva saman med operasjonssjef Jarle Matre. – Eg må jo berømma generasjonen over oss. Dei har sleppt til yngre krefter, seier Sindre. Foto: Hanna Maria van ZIjp

– Me likar jo best når det er tomt her. 

– Hm?

Konsernsjef i Arriva, Sindre Matre (42) står på kaien til det familieeigde rederiet i Ølen. Han vil helst ha fri sikt til fjorden og fjerne horisontar. 

Jo tommare kai, jo betre går det med Arriva – og derfor er det sjeldan skip her for tida. I fjor hadde Arriva rekordhøge 560 millionar kroner i omsetning. 

Arriva Shipping AS

  • Etablert i 1972
  • Rederi med 180 tilsette, derav 10 på hovudkontoret i Ølensvåg
  • Stifta som Sandfrakt av Johannes Matre (1926–1975), som frakta betongtilslag og sand
  • Frå 1975 blei selskapet drive av sønene Norvald (då 25) og Kåre Matre (då 23) 
  • I 2008 tok barnebarn av Johannes, Sindre Matre, over sjefsstolen
  • Omsette for 560 millionar kroner i 2022 

Men Nor Viking er velkommen. Det splitter nye frakteskipet kjem snart heim etter ein fullbooka jomfrutur frå Shanghai. Ho er raud, blå og ein viktig del av det grøne skiftet. Som første fartøy Arriva har bygt sjølv, er Nor Viking ein viktig milepåle i rederiet si femtiårige historie. 

Saman med søskenbarn, hovudaksjonær og operasjonssjef Jarle Matre (49), er Sindre Matre tredje generasjon. Ingen av dei er førstereis. Begge har utdanning frå Forsvaret, segla på dei sju hav – og har vakse opp i selskapet. 

Bestefar Johannes skipa det som var Sandfrakt AS i 1972. Etter at han brått døydde  av hjarteinfarkt på eit fartøy til kai i 1975, tok sønene Norvald og Kåre (25 og 23) over leiinga. Nå er det søskenbarna Matre og befraktningssjef Bjørn Ødegård (54) som eig og driv Arriva. 

Det tre mennene er typen som kunne ha vakta verdiane dine som om det var sine eigne. Og det er nettopp det dei gjer. Arriva sin flåte på ni skip fraktar betongelement, kol, mineral, tømmer, salt og alt anna som får verda til å gå rundt. Men forretningsmodellen er den same som då dei frakta sand i vestlandsfjordane: Ein flåte sjølvlossarar, altså frakteskip med gravemaskin på dekk som kan lossa og lasta, som kan gå uavhengig av landinfrastruktur. 



– Du får enormt mykje tillit med éin gong du kjem inn der. Det trur eg kjenneteiknar matrane litt. Dersom dei satsar på deg, og du satsar på dei, så er det hundre prosent, seier befraktningssjef og medeigar Bjørn Ødegård (til venstre). Det er konsernsjef og medeigar Sindre Matre samd i. Foto: Hanna Maria van Zijp

Det krev eit samspel mellom folk, mellom generasjonar.

– Eg må jo berømma generasjonen over oss. Dei har sleppt til yngre krefter i det daglege, og på viktige, store avgjerder, heilt klart, seier Sindre. 

Arriva har ikkje rom for å vera høg på pæra. Her heiter det ikkje onkel eller pappa, men Norvald og Kåre. Ingen sit med heile vettet. Folk har ikkje behov så stort behov for å bli sett. Men som selskap har Arriva tatt eit bevisst val om å vera synlege utover Ølensvåg. Dei vil vera med og forma bransjen. 

– Heilt usynlege treng me ikkje vera, og det kan ein ikkje vera heller, seier Jarle. 

– Det handlar også om å knyta til seg kontaktar og relasjonar, etter kvart som ein veks som rederi, så er det naudsynt å komma seg litt utføre fjordane, seier Bjørn.

– Skal me vera med og påverka rammevilkår for vår eigen kvardag, så nyttar det ikkje å låsa seg inne på eit kontor og sitja der måndag til fredag eit heilt kalenderår. Du byggjer jo ikkje nettverk med det, seier Sindre. 

– Det er særdeles viktig, med dei ulike regjeringane som sit, at me er med og snakkar vår sak, seier Jarle.

Det nettverket er verdifullt både i business og rekruttering. Når du skal hyra folk, nyttar det ikkje å vera inkognito, meiner dei. 

– Det med å vera synleg trur eg er utruleg viktig, at du framstår som ein attraktiv stad å vera, som litt tydeleg på kartet, at folk har høyrt om deg, seier Bjørn. 

Johannes Matre skipa det som var Sandfrakt AS i 1972. Etter at han brått døydde av hjarteinfarkt på eit fartøy til kai i 1975, tok sønene Norvald og Kåre (25 og 23) over leiinga. Dei er framleis med i drifta, sjølv om dei ikkje sit ved roret lenger. Foto: Hanna Maria van Zijp


Å kunna forma selskapet på deira måte, har vore viktig frå start. I juni 2008 tok Matre-søskenbarna over formelt, med generasjonsskifte og eigarskifte i eitt. Timinga var ikkje akkurat den beste. Nokre månader etter kollapsa verdsøkonomien, og tredje generasjon byrja seglasen i storm. 

Dei neste åra var tøffe. 

– Det har jo vore ei heiso reis frå 2000-talet og fram til i dag. Og den føler ein jo at den har vore med på, seier Sindre. 

– Det har ikkje gjort seg sjølv, dette her, reflekterer Jarle. 

Fleire ting var avgjerande for å halda seg flytande. Andregenerasjonen hadde lagt eit solid fundament. Kundemassen var stabil. Etter mange år var dei klare til å sleppa styringa. 

– At dei måtte ta over så brått, gjorde at dei måtte hoppa i det i staden for gripa i det, reflekterer Jarle. 

– Me har fått lov å ta gode avgjerder og mindre gode avgjerder, og gjort feil og har lært av det, seier Sindre. 

– Og me har heldigvis, tør me påstå, tatt fleire av dei gode enn dei dårlege, held han fram. 

M/V Nor Viking (2022)

  • Sjølvlossande frakteskip med hybridmotor, eigt og bygt av Arriva
  • Batteripakke på 1456 kWh reduserer utsleppa med nesten 40 %
  • Designa av Marin Design & Consulting frå Knarrevik
  • Bygt ved verftet Dayang Offshore Equipment Co. Ltd. i Shanghai
  • Integrator er Westcon Power & Automation
  • Gravemaskin på dekk er ei elektrisk Sennebogen-maskin

Ei av desse gode avgjerdene er korleis dei rekrutterer. Sindre, Jarle og Bjørn meiner bransjekunnskap kan lærast. Derfor har Arriva bygt team basert på relevante personlege og faglege eigenskapar. 

– Me har vore utruleg heldige med folka våre, seier Bjørn. 

– Kjempeheldige. Ja, heldige, og så har me sikkert vore litt flinke óg? Eg hatar jo å skryta av oss sjølve, men det er ein kombinasjon, seier Sindre. 

Derfor kan Arriva styrast tillitsbasert, der læring er viktigare enn detaljane. Tilsette får veksa med ansvaret. Ingen skal bli «halshogde» av å gjera feil, slik Sindre formulerer det. 

– Sånn har det vore i alle år: Det har vore stor grad av tillit. Du får enormt mykje tillit med éin gong du kjem inn der. Det trur eg kjenneteiknar matrane litt. Dersom dei satsar på deg, og du satsar på dei, så er det hundre prosent, seier Bjørn. 

I 2008 måtte dei også satsa. At verdsøkonomien gjekk ad undas, hadde faktisk nokre fordelar. Prisen på brukte fartøy sokk til botn, etter ei rekkje konkursar i kjølvatnet av finanskrisa. Derfor kunne Arriva investera utover 2010-talet. 

Og: 

– Me visste heldigvis ikkje så mykje om økonomistyring, ler Bjørn. 

Det er Jarle samd i. 

– Vil du seia av og til er lukka betre eller vettet?

– Ja. Hehe! Repliserer Jarle. 

– Korleis unngår du magesår? 

– Det er litt korleis du er skrudd saman, seier han. 

– Og korleis er du skrudd saman? 

– Eg toler mykje etter å ha vore gjennom ting på privaten og på jobb, seier Jarle. 

For ti år sidan skifta Sandfrakt AS namn til Arriva. Forretningsmodellen den same, sjølv om Arriva går internasjonalt og fraktar ulike typar råvarer. Foto: Hanna Maria van Zijp

Sterke nervar kjem godt med nå. Få bransjar kjem så tett på geopolitiske spenningar som shipping. Krig, korona og inflasjon påverkar ikkje berre flyt av råvarer. 

I Arriva er kapteinane skandinaviske, og mannskapet austeuropeisk eller filippinsk. 

Russiske hamnar har vore ein viktig del av logistikken Arriva har bygt opp. 

Elleve til tolv prosent er russiske sjøfolk. 

– Det har vore og er ei utfordring, seier Sindre. 

Arriva følgjer Norges Rederiforbund sine anbefalingar. 

– Utgangspunktet er at russiske sjøfolk tilsette i norske rederi, som er medlemmer av Norges Rederiforbund, er ein uskuldig tredjepart, seier Sindre. 

Då krigen braut ut, var Arriva kjapt ute med å rådføra seg om kor det gjekk an å gå. 

– Det blei fort klart at russiske hamner, det er no-go. Så då må kundane sjå kva andre stader dei kan få varene sine. Då må me byggja om logistikken, seier befraktningssjef Bjørn. 

Innreise, visum og utbetaling av lønn har vore svært utfordrande, på grunn av sanksjonerte bankar og utestenging frå SWIFT-systemet.

– Dei som sit på bemanning i Polen har fått køyrt seg, seier Bjørn. 

Sindre nikkar. 

– Me er avventande, men me vil behalda dei flinke hovuda. Me er meir sårbare ovafor russisk etterretning. Men inntil vidare er risikoen låg, seier konsernsjefen.   

Arriva sine ruter går sjølvsagt også i internasjonalt farvatn. Fleire av deira fartøy var nær gassleidninga Nord Stream då den blei sabotert. 

– Det er skummelt, me seglar mykje i Austersjøen, og der er der ei nerve både av Nato-skip og russiske skip. Då kan det vera kapteinar som synest det er ubehageleg når dei passerer russiske skip og du opplever at du bli jamma, seier Bjørn.

Å jamma betyr at signala som viser fartøyet sin posisjon, blir sperra. Derfor vil du plutseleg sjå eit stort skip som ikkje viser på radaren eller anna utstyr. 

– Det er ganske spesielt, seier Bjørn. 


Befraktningssjef Bjørn Ødegård og konsersjef Sindre Matre i Arriva drøser på kaien ved kontoret i Ølen. – Me iallfall trygge på at det skal fraktast varer på sjøen om 50 år. Uansett fly eller dronar eller kva det måtte vera, vareflyten er og vil forbli avhengig av skipsfarten dei neste femti åra, seier Sindre. Foto: Hanna Maria van Zijp

Arriva har rapportert unormale episodar til norske styresmakter. Enn så lenge er det ubehageleg, men trygt. I Arriva søv dei godt om natta. Dei ser nemleg mot nye horisontar. I nærmaste framtid vil dei byggja nye fartøy og auka omsetninga. 

– Det er ein dårleg skjult løyndom at me ønskjer å veksa vidare, seier Sindre. 

– Kor er de om femti år?

– Ja, du hendelse, då er ikkje meg og Bjørn her, tør eg påstå! Med mindre eg framleis er her når eg er to og nitti? Seier Sindre. 

– Får ikkje håpa du er her, då. Då er du sjuande far i huset! Ler Bjørn. 

– Det er eit rederi der, men kva variant, veit eg ikkje, seier Jarle.

Arriva snakkar om autonome skip og global nullutsleppsflåte. Men éin ting overgår teknologisk utvikling: 

– Me iallfall trygge på at det skal fraktast varer på sjøen om 50 år. Uansett fly eller dronar eller kva det måtte vera, vareflyten er og vil forbli avhengig av skipsfarten dei neste femti åra, seier Sindre. 

– Iallfall i store volum. 30 000 tonn korn kan du ikkje frakta på eit fly, seier Bjørn. 

Sindre nikkar.

– ... Eller med dronar. Då treng du jækla mange dronar. 

Ledige stillingar

Utbjoa Armering & Sveis AS
Frist: 10. feb
Elementbygg Vest
Frist: 31. jan

Folk i vinden

Tips oss

Folk i vinden

Har de ein ny kollega på laget? Send oss ein e-post så legg me det ut på Folk i vinden!

Send tips

Har du ei god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss.

Send tips