- Me må halde trykket oppe

Torsdag 24. august samlar politikarar, bedriftsleiarar og transportsektoren seg til vegkonferanse i Etne. – Det er viktig å mobilisere for ein trygg heilårsveg på strekninga Bakka–Solheim, seier dagleg leiar i E134 Haukelivegen AS, Pål Kårbø.

Pål Kårbø håpar Bakka-Soleheim blir ein del av ny NTP sommaren neste år. (Foto: E134 Haukelivegen).

Samferdslemøtet går av stabelen på Skakkesenteret i Etne og målet er å samle både politikarar, næringslivsaktørar og folk flest for å løfte søkjelyset på vegstrekninga E134 Bakka–Solheim. 

Det er viktig å høyre kva næringslivet meiner om vegstandarden og kva som må gjerast for å få ein sikker veg, seier Kårbø. 

Både konsernsjef i Fatland, Anders Sørheim Hundseid, dagleg leiar i MCE, Erle Mæland Aasheim, og Simon Nesse Økland frå Bremnes Seashore er inviterte for å meine noko om kva veg-behov næringslivet har, i tillegg til regionsjef i Norges Lastebileier-Forbund, Jan-Ove Halsøy. 

VEGKONFERANSE: E134 BAKKA–SOLHEIM 

  • Vegkonferanse 24. august 2023 på Skakkesenteret i Etne 
  • Velkomst ved ordførarane Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim (Etne) og Ole Johan Vierdal (Vindafjord) 
  • Anders Sørheim Hundseid, Fatland, Erle Mæland Aasheim, MCE og Simon Nesse Økland, Bremnes Seashore fortel kva som er viktig for nærignslivet.
  • E134 frå lastebilen v/regionsjef Jan-Ove Halsøy i Norges Lastebileier-Forbund 
  • Status E134 Bakka-Solheim Utbyggingsdirektør i SVV, Kjell Inge Davik
  • Når får me veg? Innleiing v/statssekretær Tom Kalsås 
  • Debatt med stortingsrepresentantar, tema: NTP 2025-2036 Erling Sande (Sp) Jone Blikra (Ap) Liv Kari Eskeland (H) Terje Halleland (FrP) og Ingrid Fiskaa (SV) deltek i debatten som blir leia av redaktør i Haugesunds Avis, Einar Tho.

– Politikarane treng å vite korleis næringslivet opplever vegen. Eg trur forresten ikkje Erling Sande (Sp), som også er leiar i transport- og kommunikasjonskomiteen, har fått køyrt vogntog på denne vegen før, så det håpar eg me kan få til no. Det pleier me å ordne på kort varsel. 

 

Målet er NTP

Utbetring av strekninga E134 Bakka–Solheim har hatt tøffe kår i tidlegare utgåver av Nasjonal transportplan (NTP). Pål Kårbø er likevel optimist og håpar den lokale vegstrekninga skal bli tatt med i den nye NTP-perioden som blir vedtatt i juni 2024. 

Prosjektet ligg i ytterkanten, men me må jobbe med å få det med vidare. Difor er slike arrangement som dette viktig. Det har vore mange ulukker dei siste åra som berre forsterkar behovet for å gjere noko no, meiner Kårbø. 

– Det er min jobb å vere optimist, og eg har verkeleg tru på at me skal klare dette til slutt. 

I tillegg til Sande kjem Jone Blikra (Ap), Liv Kari Eskeland (H), Terje Halleland (FrP) og Ingrid Fiskaa (SV), som alle er stortingsrepresentantar. Med unntak av dei to sistnevnte sit alle dei andre i transport- og kommunikasjonskomiteen. Redaktør i Haugesunds Avis, Einar Tho, skal styre debatten mellom politikarane.

 

Viktig investering

Den tøffaste oppgåva denne dagen får nok statssekretær Tom Kalsås, som skal svare på når vegen kjem. Eg er spent på kor mykje han kan fortelje. I tillegg kjem også utbyggingsdirektør i Statens vegvesen, Kjell Inge Davik, for å gi ein status på kor prosjektet står no, seier Kårbø. 

Konferansen er eit samarbeidsprosjekt mellom Vindafjord og Etne kommune, samt fleire aktørar frå næringslivet og transportnæringa. E134 Haukelivegen AS er saman med Fikse Næringsforening, Medvind 24 Næringshage og Vegforum Øst-Vest pådrivarar, og dei har jobba strategisk med å få programmet på plass. 

Eg trur nok ikkje me får nokre endelege svar denne dagen, men det er viktig å vise fram behovet og ikkje minst halde oppe trykket inn mot politikarane. 

Kårbø har også eit generelt hjartesukk til politikarane. 

Generelt går det for seint med samferdsleprosjekta våre. Kvifor kan ikkje Noreg løfte infrastrukturen sin? Me er jo eit rikt land. Mange meinte den førre NTP-planen var urealistisk, men eg er ikkje samd i det. Me har jo behov for stadig fleire prosjekt. 

– Ei krone til veg er ikkje ei krone tapt, det er ei krone investert. Me kan aldri unngå ulukker heilt, men la oss i det minste gjere det me kan for å få ulukkestalet ned, slår han fast. 

 

 


Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden