Utvikling
Treng bedrifta di litt ekstra vind i segla? Då kan det vera greitt med litt Medvind.
Medvind Næringshage si viktigaste oppgåver er å bidra til vekst og utvikling i lokalt næringsliv, det vera seg nye etableringar eller eksisterande bedrifter. Me kan hjelpa bedrifta di i utviklingsfasen med blant anna:
- rådgiving
- nettverksbygging
- organisasjonsutvikling
- marknadsarbeid
- kompetanseutvikling
- prosjektleiing
- søknadar til verkemiddelapparatet.
Me i næringshagen har ikkje heile vitet, men me veit kor me skal finna det. Til fleire spesifikke tenester me leverer til målbedriftene våre, nyttar me ekstern, innleigd kompetanse.
Målbedrift i Medvind Næringshage?
Medvind Næringshage er del av det nasjonale næringshageprogrammet som skal bidra til å utvikla attraktive bedrifter, nye arbeidsplassar og verdiskaping i distrikta. Gjennom næringshageprogrammet har me tilgang til midlar som me nyttar i arbeidet vårt med lokale bedrifter, såkalla målbedrifter.
Små og mellomstore bedrifter med ønskje om vekst og utvikling kan bli målbedrifter hjå oss. Gjennom ein fleksibel avtale med oss får bedrifta dermed tilgang på ei rekkje tenester og tilbod som kjem bedrifta til gode;
Som mål bedrift i Medvind24 får du mellom anna:
- Tilgang til heile vårt bedriftsnettverk med alt av kompetanse og erfaringsutveksling som finnest der
- Tilgang til alle våre arrangement og møteplassar som kurs, webinar, netttverkssamlingar, frukost- og lunsjmøter.
- Marknadsføring og profilering gjennom Medvind24 sine kanalar
- Rabatt på kurs frå Vindafjord Arbeidsgiverforum
- Tilgang til rabattert rådgiving med forretningsutviklarane våre eller andre ressursar etter behov
- Gratis annonsering/marknadsføring på Infoskjermane i næringshagen sine avdelingar
- Tilgang til lån av møterom i Medvind sine avdelingar i Etne, Ølensvåg, Sandeid og Skjold
- Tilgang til miljøfyrtårnkonsulent, og støtte til gjennomføring av bærekraftstiltak i bedrifta
- Støtte til digitaliseringstiltak i bedrifta
- Støtte til internasjonaliseringstiltak i bedrifta
- Tilgang til bedriftsmentorar og Medvind sin styrepool
- Rettleiing og hjelp til søknadar inn mot verkemiddelapparatet
- Rabatterte tenester innan marknads- og kommunikasjonsarbeid
- Støtte til tenester frå våre samarbeidspartnarar
- Utviklingssamtalar med forretningsutviklarane våre
- Støtte til tenester relatert til utvikling i bedrifta
- Tilgang til rabatterte rådgivingstenester hjå vår samarbeidspartner Eurojuris
- Tilgang til rabattert medlemsskap i Fikse Næringsforening
Me i næringshagen har ikkje heile vitet, men me veit kor me skal finna det. Til fleire spesifikke tenester me leverer til målbedriftene våre, nyttar me ekstern, innleigd kompetanse.
Som målbedrift hjå oss får ein tilgang på fleire tenester som del av grunnpakken, og andre tenester omfattar ein eigenandel. Målbedriftsavtalen har i 2024 ein eigenandel på kr. 5000,- per bedrift.
Sjå alle våre målbedrifter her!
Vil du bli målbedrift? Ta kontakt!
Næringshageprogrammet
Medvind24 Næringshage er ein av 40 næringshagar landet over, som er del av det nasjonale næringshageprogrammet.
Næringshageprogrammet er finansiert av fylkeskommunane gjennom midlar frå kommunal- og distriktsdepartementet og skal bidra til å utvikla attraktive bedrifter, nye arbeidsplassar og verdiskaping i distrikta. Gjennom næringshageprogrammet har me tilgang til offentlege midlar som me nyttar i arbeidet vårt med lokale bedrifter gjennom blant anna
- Kompetanseheving
- Nettverk
- Utvikling av forretningsidear- og planar
- Profilering og marknadsføring
- Rådgiving om verkemidelapparatet og bistand til søknadsarbeid
- Rekruttering
- Bedriftsrådgiving
- Organisasjonsutvikling
Målsetjinga for programmet er verdiskaping i distrikta og næringsvekst i heile landet gjennom:
- Å leggja til rette for bedriftsetableringar
- Å leggja til rette for vidareutvikling og vekst i eksisterande bedrifter
- Å Leggja til rette for auka verdiskaping hjå målbedriftene.
- Å bidra til økonomisk meirverdi for målbedriftene
- Å letta tilgangen til internasjonale marknadar og samarbeidspartnarar for målbedriftene
- Å bidra til kopling til relevante nettverk regionalt, nasjonalt og internasjonalt.
Støtteordningar og tilskot
Det finnest ei rekkje ulike støtteordningar for lokale bedrifter, og Medvind kan hjelpa deg å finna fram til ordningar som passar di verksemd eller prosjekt. Me kan også bidra i søknadsprosessen.
Aktuelle tilskotsordningar
Føremålet med fondet er å fordela midlar slik at dette gir best mogeleg næringsutvikling og verdiskaping i Etne kommune. Etablerte bedrifter og verksemder kan søka.
Rogaland Fylkeskommune
Rogaland fylkeskommune har fire verkemiddel som skal bidra til auka berekraftig verdiskaping gjennom forskingsbasert innovasjon gjennom Forregion:
- Kompetansemekling: Kompetansemeklarar skal bistå bedriftene i å etablera prosjekt der ein nyttar forsking for å oppnå innovasjon. Kompetansemeklarane kan også kopla bedrifter med relevante støtteordningar og FoU-miljø og vera ein bidragsytar til søknadsutvikling. Kompetansemekling er gratis.
- Forprosjekt: Støtteordninga er retta mot bedrifter som har lita eller inga FoU-erfaring. Bedrifta må samarbeida med eit godkjent FoU-miljø i prosjektet. Forprosjektet skal leggja grunnlag for ein søknad om støtte til hovudprosjekt, der ein kan nytta andre verkemiddel for forsking, t.f Regional forskingsfond.
- Nettverksmøter: Forskings- og utviklingsmøte der både næringsliv og forskingsmiljø skal vera representert, der ein har som mål finna løysingar på felles utfordringar gjennom forskingsprosjekt.
- Student til låns: Studentar kan skriva si bachelor/masteroppgåve som del av eit innovasjonsprosjekt i ei Rogalandsbedrift. Oppgåva skal vera eit samarbeid med bedrifter og relevante for næringslivet.
Tilskotsordning som skal støtta opp om prosjekt som kan utvikla og styrka verdiskapinga i landbruket i Rogaland. Midlane skal støtta opp om prosjekt som bidrar til omstilling og klimasmart utvikling, modernisering av økologisk og tradisjonelt landbruk, utvikling av ressursgrunnlaget på garden, lokal mat, drikke og reiseliv. Desse kan søka om tilskot: kommunar, landbruksorganisasjonar/lag, næringshagar, naturbruksskular, samarbeidsorgan/nettverk innan landbruket.
Søknadsfrist: 18. oktober 2024
Tilskotsordning retta mot regional rekruttering, kompetansebygging og omdømme i landbruke. Desse kan søka om tilskot: kommunar, landbruksorganisasjonar/lag, næringshagar, naturbruksskular, samarbeidsorgan/nettverk innan landbruket.
Søknader behandles løpende og må være innsendt innen 15.november 2024
Regionalt forskingsfond Rogaland skal støtta opp om næringslivet sitt behov og retta seg mot kunnskapsområde som nyttar og forsterkar regionen sine konkurransefortrinn. Forskingsfondet skal leggja til rette for meir kunnskapsbasert innovasjon i næringslivet og offentleg sektor og bidra til å byggja opp relevant kunnskap i forskingsmiljøa.
Kommunar og selskap med kommunalt eigarskap kan søka på denne ordninga. Fondet skal stimulera til næringsutvikling og berekraftig verdiskaping i tråd med Nærings- og innovasjonsstrategien for Rogaland.
Vestland Fylkeskommune
Tilskotsordninga skal legge til rette for styrka omdøme, rekruttering og kompetansebygging med mål om å styrke verdiskapinga i landbruket. Desse kan søka: Kommunar, organisasjonar og forskings- og utviklingsinstitusjonar registrert i Enhetsregisteret. Føretak som er registrert i Enhetsregisteret, om tiltaket har som føremål å fremje fellesgoder knytt til næringsutvikling (tilretteleggande tiltak). Søknadsfrist: 15. april og 1.oktober
Midlane til regionale tilretteleggingstiltak i landbruket skal legge til rette for regional næringsutvikling med mål om å styrkje verdiskapinga i landbruket. Søknadsfrist: 15. april og 1.oktober
Bedrifter kan føra frådrag for 19 % av utgiftene i eit forskings- og utviklingsprosjekt. For å få godkjenning må prosjektet oppfylla krava for å bli definerte som FoU i samsvar med skattelova.
Investornettverket BAN Haugesund har som føremål å finna, finanisera og rådgi lovande, unge selskap.
Innovasjon Norge
Innovasjon Norge har fleire moglegheiter for lån og tilskot til oppstartsbedrifter som er yngre enn 3 år (unntaksvis 4 år) og har nyskapande forretningsidear:
Innovasjon Norge har også ei rekkje andre tilskotsordningar og finaniseringsmoglegheiter:
Dersom du ønskjer å vidareutvikla ei tilleggsnæring på garden, kan du søka om tilskot og lån hjå Innovasjon Norge, dersom prosjektet er lønnsamt. Du kan få støtte til ideavklaring og etablering, bedriftsutvikling og investeringar.
Tilskot til bedrifter som utviklar eit innovasjonsprosjekt i eit forpliktande samarbeid med ein pilotkunde. Målgruppa for denne ordninga er innovative bedrifter med internasjonalt vekstpotensial.
Tilskot til små og store bedrifter som utviklar løysingar for produksjon, foredling og distribusjon av ressursar basert på hav, jord og skog.
Ordninga rettar seg mot bedrifter som utviklar ny miljøteknologi: innovative produkt og prosessar som løyser eit miljøproblem.
Tilskotet er retta mot bedrifter som utviklar nye teknologiar, tenester eller forretningsmodellar for meir effektivt, trygt og miljøvennleg transportsystem.
Tilskot til bedrifter som i samarbeid vil utvikla eit nettverk for utvikling og realisering av nye marknadsmoglegheiter i eksisterande eller nye marknadar. Bedriftsnettverket må bestå av minst tre små/mellomstore bedrifter i Norge.
Ei støtteordning for industribedrifter i kommunar innan verkeområdet for distriktsretta investeringsstøtte (Etne er i dette verkeområdet, ikkje Vindafjord)
Innovasjon Norge har tilskot som rettar seg mot bedrifter og etablerarar i verkeområdet for distriktsretta investeringsstøtte, og som vil bidra til verdiskaping, sysselsetjing, nyskaping og omstilling i Ei støtteordning for industribedrifter i kommunar innan (Etne er i dette verkeområdet, ikkje Vindafjord)
Innovasjon Norge kan gi støtte til investeringar innan tradisjonelt landbruk.
Tilskot retta mot tiltak innan jordbruk, skogbruk og havbruk som kan bidra til å nå målet om lågutsleppsamfunn.
Innovasjon Norge har stønadsordning for arrangement og aktivitetar som bidrar til å auka kunnskap og omdømme av norsk landbruk .
Innovasjon Norge tilbyr finanisering og fagleg støtte til etablering av samarbeidsprosjekt i landbruket.
Innovasjon Norge kan gi støtte til aktørar innan lokalmat- og drikke, reiseliv, og innlandsfiske. Ordninga er retta mot bedrifter som har store utgifter tilknytt vekstfasen i bedrifta.
Bedrifter som i fellesskap skal vera utstillarar på messer i utlandet kan søka om tilskot til dette. Ordninga er retta mot som og mellomstore bedrifter med potensial/ambisjon om auka eksport av grøne løysingar som kan bidra til å løysa globale samfunnsutfordringar.
Andre ordningar gjennom Innovasjon Norge: