Blir ny dagleg leiar i Fikse Næringsforening

Nils Einar Steinstø overtar som dagleg leiar i Fikse Næringsforening etter Asbjørn Moe, som 1. juli sluttar etter 10 år i stillinga.

Image
-Eg er imponert over kva ein får til her, og gler meg til å bli med på vegen vidare, seier den påtroppande daglege leiaren, Nils Einar Steinstø (t.h). Asbjørn Moe (t.v) har vore i stillinga som dagleg leiar i 10 år. Foto: Pressefoto.


- Etter ein god prosess med fleire interessante søkjarar er me nå svært nøgd  med å ha fått Nils Einar med på laget i Fikse Næringsforeing. Han skal få lov  til å bli betre kjent med dei lokale bedriftene først, men han har eigenskapar  me er sikker på vil bidra til å vidare utvikling av både oss som  næringsforening og næringslivet me jobbar for, seier styreleiar Sindre Matre i ei pressemelding.

Steinstø har utdanning innan både ingeniør- og hotellfag og har solid leiarerfaring  frå små og store selskap. Han har god kjennskap til det offentlege  virkemiddelapparatet, og sit blant anna i Advisory board reiseliv i Innovasjon  Norge. Steinstø kjem nå frå stillinga som Global Sales director med ansvar for 90  hotell i gruppa av First Hotels, X-Meetingpoint og Moxy X by Marriot.

- Eg ser fram til å jobba med og for næringslivet i Etne og Vindafjord, som eg  kjenner litt til frå før og har følgd på avstand i alle år. Eg er imponert over  kva ein får til her, og gler meg til å bli med på vegen vidare, seier Nils Einar  Steinstø.

Steinstø byrjar i stillinga 1. august.

Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips