Kven fortener prisen i år?

Også i år skal lokale bedrifter som har utmerkt seg få heider og ære på Nærigsgiv. Nå kan du senda inn forslag til kandidatar som fortener prisen for Årets bedrift. 

23.mai går Næringsgiv av stabelen på Olalia, og som vanleg byr konferansen på feiring av lokalt næringsliv med kåring av Årets bedrift. 

Tidlegare vinnarar av prisen er MCE, Hatteland, Fatland, og Knapphus Gruppen. Også dette året er juryen på jakt etter gode kandidatar til prisen og ønskjer forslag frå publikum. 

Kjenner du ei bedrift du meiner fortener prisen? Send inn ditt forlag til post@etnevindafjord.no innan 14. mai!

Den som vert tildelt prisen skal ha utmerka seg positivt innan eitt eller fleire av følgjande område: 

  • lokal verdiskaping gjennom arbeidsplassar 
  • omdøme for eiga verksemd og Vindafjord og/eller Etne kommune 
  • kompetanseutvikling og servicenivå 
  • resultatutvikling 
  • evne til innovasjon og nytenking 
  • arbeidsmiljø og HMS 
  • samarbeid mellom bedrifter og bransjar 


Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips