Herlig og hårete sommarjobb 

Ingen sommar utan sommarvikarar. 50 av dei må til for at tilsette på Vindafjordtunet skal få ferie. På Tunge Hundesenter et det mellom 50 og 70 hundar å ta seg av, og i Trovåg får Salma-rekruttar og uteareal godt stell. 

Cathrine Wick (t.v.) og Helene Vermundsen kunne ikkje tenkt seg ein betre sommarjobb enn på Tunge Hundesenter. Men det ikkje alltid like lett å få ivrige hundar tilå gjer at ein vil. Alle foto: Ellen Marie Hagevik


At det er vel 60 hundar på Tunge Hundesenter på Bjoa, skulle ein ikkje tru når Medvind24 kjem innom. Lydlaust er det ikkje, men veldig roleg. Heilt til sommarvikarane Catrhine Wick (20) frå Hol og Helene Vermundsen (16) frå Førre går for å ta med seg nokre av hundane ut. Då blir det liv i dei fleste. Alle vil vera med.

Helene byrja med helgejobbing hos Tunge i år, og stortrivst som sommarvikar. Ho byrjar på VG2 hest og hovslagar i Lyngdal til hausten etter å ha gått første året på Tveit vgs i Nedstrand. 

- Eg har ikkje nok røynsle til å trena andre sine hundar enno, men er med på alt som har med stell av hundane. Og eg går tur med hundane som eigarane har bestilt lufting til, seier Helene. 

Fleire sommarvikarar finn du HER.

Mykje å gjera får morgon til kveld 

Dei byrjar dagane mellom åtte og ni om morgonen alt etter kor travelt det er. Opningstidene er todelt for å passa dei fleste med inn-og utlevering 10-12 og 16-18. 

- Dagane går med til kundeservice og til å ta vare på hundane, både dei som er i pensjon og dei som er til omplassering. Det er litt trening innimellom og fôring av hundane frå klokka ni om kvelden til fram mot midnatt. Det høyrest ut som vi jobbar heile døgnet, men vi har gode pausar, seier Cathrine. 

Ho er meir enn sommarvikar, og har dei tre siste åra jobba frå mai til desember. 

- Planen er å ta utdanning som hundeterapeut, men det er dyrt. Då er det greit å få både praksis og tena litt pengar for å få råd, seier Cathrine. 

Ikkje for kven som helst 

Eigar Torhild Hanssen rosar begge jentene for jobben dei gjer. 

- Desse to er rett og slett fantastiske å jobba med. Cathrine og eg deler ansvaret for å ta imot hundane og halda orden på alt som har med det å gjera. Det er ikkje kven som helst som kan jobba her. Ein må både ha antenner for hundane, vera vand med dyr og trygg nok til å takla både store og vanskelege hundar. Vi har også flinke tilkallingsvikarar som kjem når det er trong for ekstra hjelp, seier Torhild, før ho går til neste time med trening av hund og eigar.

Johannes Jernberg og Inger Louise Jøtne er sommarvikarar på Vindafjordtunet i Nedre Vats. Han for første gong, ho for sjuande.

Svenske legestudentar 

Flest sommarvikarar finn vi ikkje uventa i Vindafjord kommune. Dei fleste einingane har sommarvikarar, men brorparten av dei rundt 140 vikarane jobbar innan helse og omsorg. På Vindafjordtunet i Nedre Vats treng dei 50 vikarar for å halda full drift døgnet rundt.

14 av sommarvikarane er svenske legestudentar, dei fleste frå universitetet i Umeå. Dette er ei ordning Vindfjordtunet har hatt ein del år. Dei får dyktige vikarar, og vikarane får god praksis. Ein del av dei kjem att, og mange er blitt gode ambassadørar for ordninga og tipsar andre legestudentar. 

Fiskar middagen og går fjellturar 

Som til dømes Johannes Jernberg (25). Det er første gong han er på Vindafjordtunet, og han skal jobba som vikar i fem veker. Allereie etter ei veke på jobb tenkjer han på å komma att neste sommar. 

- Eg er tilsett som assistent, men på grunn av kunnskapen min frå legestudiet kan eg gjera og gjera delegerte fagoppgåver. Neste år vil eg kunna fungere som sjukepleiar. Dette er ein veldig kjekk arbeidsplass med god stemning. Alle hjelper til, og du kan spørja kven som helst om kva som helst, seier han. 

Betre lønn enn i Sverige er også eit pluss. Men det er dyrare å bu og eta i Noreg. 

- Det kompenserer vi med å fiska middagen, smiler Johannes. 

Sommarvikar for sjuande gong 

For Inger Louise Jøtne (23) er det sjuande sommaren ho er vikar på Vindafjordtunet. Ho kjem frå Åmsosen og jobbar også vakter på Vindafjordtunet elles i året, når ho ikkje er opptatt som student på vernepleiarstudiet. 

- Det er eit veldig bra arbeidsmiljø på heile huset med flinke arbeidskollegaer som er fagleg dyktige og gjev gode svar. Eg har eit år att av vernepleiarstudiet på tre år med bachelor på Vid i Sandnes. Eg kan tenkja meg å flytta heim etter det, men vi får sjå kva som skjer, seier Inger Louise. 

Einingsleiar Anna Steinsland meiner sommarvikarane er eit kjempeflott tilskot som både bidrar og vil læra. 

- For nye vikarar tar det alltid litt tid å setja seg inn i alt og komma på plass. I år har det gått veldig bra. Ikkje ein einaste klage og mange positive tilbakemeldingar både frå tilsette og brukarar, seier Steinsland. 


Steller med Salma-rekruttane 

Marita Trovåg (16) er nett ferdig med ungdomskulen, og medan ho ventar på å starta på vidaregående, har ho sin aller første sommarjobb. Ho treng ikkje reisa langt sidan Bremnes Seashore avdeling Trovåg er i nabolaget. 

- Eg jobbar i hall 0 og vaskar kara etter at fisken er sortert, ryddar og plukkar ut død fisk, sjekkar yngel i klekkeskap og tek vassprøvar, fortel Marita, som har sin siste dag av to veker når Medvind24 er innom. 

Når ho seier fisk, er det Salma-rekruttar ho snakkar om. Dei små laksane er frå 1,5 til 60 gram i hall 0. 

- Det er kjekt her. Du får jobba i ditt tempo og gjera jobbane skikkeleg. Eg kan gjerne tenkja meg å jobba her neste sommar også, seier ho. 

Skogar og er dreng 

Sommarvikarkollega Erlend Haraldseid (17) frå Skjold er samd i det. Han har arbeidet sitt på utsida av settefiskanlegget. 

- Eg skogar og er dreng. Altså gjer det dei set meg til. Det er ein fantastisk kjekk jobb og godt betalt. Dei kjøpte ny motorsag og verneutstyr den dagen eg starta. Tida går fort, og eg håpar dei har meir arbeid til meg enn dei tre vekene eg har fått, seier han. 

Erlend har gjort ein stor ryddejobb langs alle gjerdene, og ikkje minst saga ned tre og kratt på ein tilgrodd teig slik at ein no ser ned til anlegget frå vegen. Han er ferdig med første året på elektrolinja på Karmsund vgs, og skal gå andre året i Ølen. 

- Flinke til å jobba 

Driftskoordinator Anne Brith Skogen Haakull er veldig godt nøgd med alle tre sommarvikarane i Trovåg. 

- Kjekke ungdommar som er flinke til å jobba. Vi har hatt sommarvikarar opp gjennom åra sidan oppstarten i 1986. Med utvidingane som er på gang, håpar vi å kunna tilby fleire sommarjobbar slik at ungdommen får sjå og oppleva kva det vil sei å jobba i oppdrettsnæringa. Eit spennande og variert yrke, seier Skogen Haakull.

Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips