Opnar for stupbratte adrenalin-kick i Åkrafjorden 

Ei 900 meter lang løype til toppen av Kyrkjeveggen på Fjæra er blitt ein av dei lengste Via Ferrata-løypene i Nord-Europa. Snart opnar den nye adrenalin-opplevinga i Åkrafjorden. 


Endeleg er det blitt realitet: - Nå kan alle få oppleva den enorme utsikten frå Kyrkjeveggen, seier initiativtakar Robert Melkeraaen. Foto: Via Ferrata Åkrafjorden.  

 – Eg har alltid vore klar over kor spektakulært det er på toppen, og har lenge tenkt at me må gjera «noko» med denne veggen. Endeleg blir det mogleg for alle å oppleva den majestetiske utsikten opp Kyrkjeveggen, seier Robert Melkeraaen, primus motor bak Via Ferrata Åkrafjorden. 

I fjor haust sette han ideen ut i live; ei nærast loddrett løype opp Kyrkjeveggen til Fjæratoppen 713 meter over havet. 25. mai er det offisiell opning av løypa, som då vil vera open for guida grupper og for erfarne klatrarar som vil prøva seg på eiga hand.  Oversikt over løypa ser du nederst i saka. 

Komplett klatretilbod 

– Fjæra har i mange år hatt mykje tradisjonell klatreaktivitet, men med Via Ferrata-løypa blir klatretilbodet her inne fullkomme. Somme deler av løypa er tilrettelagt for klatring, medan det er sett inn trinn i dei mest krevjande partia, slik at flest mogleg skal klara å komma seg til topps. Om det ser krevjande ut, er dette noko dei aller fleste vil klara. Dette blir eit lågterskel adrenalin-kick, seier Melkeraaen, som skal drifta aktiviteten rundt løypa i samband med drifta av Åkrafjorden Nature B&B

Klatrepartiet er om lag 900 meter langt, medan det siste partiet til Fjæratoppen er vanleg sti. 

Ein av landets mest erfarne klatrarar, Børre Bergshaven, har bolta sportsklatreruter og Via Ferrata-løyper både her til lands og i heile Europa, og nå sist også jernstigen i Kyrkjeveggen. 

– Ikkje berre er denne løypa ein av dei lengste i Norge, det er også veldig trongt mellom fjellsidene på Fjæra, noko som gjer turen ekstra spanande, seier Bergshaven. 

Kyrkjeveggen er berre starten på Via Ferrata-tilbodet i Åkrafjorden; to andre løyper er også i kjømda. 

Styrka opplevingsdestinasjon 

Slik ser etappane ut mot toppen

 – Me har bolta løype til Jettegrytene, og vil etter kvart også starta med løype opp langs Langfoss. Men Kyrkjeveggen vil bli den lengste og brattaste av dei tre, fortel Melkeraaen. 

Via Ferrata-løypa vil utan tvil styrka Åkrafjorden som reiselivsdestinasjon, meiner John Karsten Hustveit i Åkrafjorden Oppleving. 

– Til nå har opplevingsturismen i Åkrafjorden omfatta heller «mjuke» opplevingar, men med Via Ferrata kan me nå ut til ei ganske anna målgruppe; dei som ønskjer hakket meir spenstige opplevingar og noko meir adrenalin. Dette vil markera oss endå tydelegare på kartet innan reiseliv og opplevingsturisme, seier Hustveit, som saman med Melkeraaen inviterer til offisiell opning 25. mai. 

Då har besøkande sjansen til å bli nokre av dei aller første til å testa ut jernstigen på Fjæra. – Me håpar å ta med tre grupper, med totalt 60 personar, opp i veggen denne dagen. Deretter blir det festmiddag. Me reknar med det kjem til å vera stor pågang for å bli med på turane denne dagen, og oppmodar alle om å melda seg på innan 20. mai, seier Melkeraaen.



Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips