Gode besøkstal i Åkrafjorden

– Sommarsesongen har vore bra, seier dagleg leiar i Åkrafjorden Oppleving, John Karsten Hustveit. Nye attraksjonar som Via Ferrata og hyppigare avgangar med fjordcruise til Langfoss er med på å auke besøkstalet.

Åkrafjorden og Langfoss er blitt ein attraktiv attraksjon for dei som ynskjer ein smak av Noreg, natur, mat og lokale produkt. Foto: Espen Mills.


550 personar har prøvt den nyopna Via Ferrata i Åkrafjorden denne sommaren. Stadig fleire får lyst til å klatre rett opp den bratte fjellsida i Fjæra der utsikta på toppen er til å bli mållaus av. Klatreruta er sikra med stigar og bruer, noko som gjer at også dei utan klatreerfaring kan meistre ein fjelltur dei i utgangspunktet ikkje hadde klart. Robert Melkeraaen som driv Åkrafjorden Nature B&B saman med Laila Sørhus står bak ideen om klatreruta. Melkeraaen er også medeigar i Åkrafjorden Oppleving saman med John Karsten Hustveit og Nina Kaltwasser.

– Klatreruta har blitt veldig populær, eg har alltid tenkt at det må kunne gå an å gjere noko med den flotte fjell-veggen. Ruta passar både for dei som ikkje har erfaring, og for dei som klatrar ein del. Me får jo gode tilbakemeldingar frå dei som har klatra mykje, som seier at dette er ei av dei tøffaste rutene i Noreg, fortel Melkeraaen.

550 personar har prøvt den nyopna Via Ferrata-ruta i Åkrafjorden denne sommaren. Robert Melkeraaen som driv Åkrafjorden Nature B&B saman med Laila Sørhus står bak ideen om klatreruta..

– Me tilbyr tre ulike turar opp, alt frå om du vil gå åleine, leige utstyr eller ha med deg guide. Om lag halvparten av dei som prøver seg i veggen går med guide.

Vil utvikle vinteraktivitetar

Robert Melkeraaen og Laila Sørhus driv Åkrafjorden Nature B&B på andre året, og har opplevd jamn auke i besøkjande, sjølv om starten av sommarsesongen i år var litt rolegare enn i fjor.

– Høgsesongen vår frå juni til august har vore ganske bra, men eg ser jo at me også treng fleire vinteraktivitetar. Me har blant anna tankar om trugeturar og andre aktivitetar som kan skape meir omsetnad på vinteren. Me har jo ope heile året, både for enkeltpersonar og grupper, seier Melkeraaen og viser til at det faktisk var fleire reine Trolltunga-turistar innom i sesongen i fjor, enn i år. Likevel er dei som har den krevjande fotturen som mål ei viktig gruppe.

– Me er eit alternativ når overnattingsstadane i Odda har fult belegg, og desse turistane kjem langt utover hausten. Seinast no i helga var det turistar innom som hadde planar om Trolltunga.

Åkrafjorden Nature B&B har ti rom i tre ulike storleikar, og kan totalt tilby 35 sengeplassar. I tillegg til Via Ferrata tilbyr dei også mellom anna sykkelturar frå fjell til fjord og klatring i innandørs klatrevegg.

Viktige cruise-gjester

John Karsten Hustveit driv Åkrafjorden Oppleving og Åkrafjordtunet. Åkrafjorden Oppleving ynskjer å gi besøkjande ein smak av Åkrafjorden, gjennom opplevingar med kajakk, sykkel, strikk-hopp, fjordcruise eller fjellturar i villmarkspakken for å nemne noko.

– I år har me endra Fjordcruise i sommarsesongen slik at det blir meir brukarvennleg. Frå å vere ein forholdsvis lang tur går me no direkte over frå Fjæra til Langfoss og har avgangar kvar heile og halve time. No treng ein heller ikkje bestille billett på forhånd, men kan berre møte opp. Dette har vore ei viktig satsing for oss, fortel Hustveit.

Hustveit fortel at cruise-turistane står for opp mot 80 prosent av omsetnaden i Åkrafjorden Oppleving. Cruiseanløpa i Haugesund, der om lag 50 cruiseskip kjem inn årleg, sender om lag 8000 turistar inn til Åkrafjorden i løpet av sesongen. Fjorden er blitt ein attraktiv attraksjon for dei som ynskjer ein smak av Noreg, av natur, mat og lokale produkt. Gjennom samarbeidet med lokale bedrifter i Åkrafjorden Oppleving, og destinasjonsselskapet sin marknadsføring er Åkrafjorden sett på kartet som reisemål.

Nytt signalbygg

Åkrafjordtunet på si side feirar 20 år i år, og er vestlandets største forhandlar av lokalmat, og omset for 10 millionar kroner i året. Men satsinga i Åkrafjorden stoppar ikkje her.

– Me har spanande planar no om Langfoss Panorama, det blir eit stort løft, slår Hustveit fast. Prosjektet han peikar til er planane om nytt signalbygg for turistar ved Langfoss i Åkrafjorden. Etter planen skal dette bli eit servicebygg på rasteplassen ved Langfoss, og det kan bli byggestart for prosjektet allereie til hausten. Det er Niwa Invest AS og Åkrafjorden Utvikling AS som står bak planane, også dette Nina Kaltwasser og John Karsten Hustveit.

Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips