Offentlege anbod: Korleis kan fleire leverandørar ta del?
Velkommen til seminar om offentlege anskaffingar 17. januar, kl. 08.30, på Medvind i Ølensvåg.
Arrangementet er eit samarbeid mellom Fikse Næringsforening, Medvind Næringshage, Etne kommune og Vindafjord kommune.
Program:
- Kl. 08.30 Nye reglar om offentlege anskaffelsar v/Odd Åge Aas, Sparringspartneren
Som følgje av nytt regelverk skal nå miljø, klima og berekraft vektast 30 prosent i offentlege anskaffingar. Dei nye reglane trådde i kraft 1.januar. Odd Åge Aas informerer om kva dei nye reglane betyr og korleis ein kan imøtekoma dei nye krava.
Innkjøpsansvarlege i Vindafjord og Etne kommunar, Beate Tandrevold og Bjarte Dagestad informerer om innkjøpsarbeid i kommunane:
- Korleis jobbar kommunane med innkjøp?
- Pause
- Korleis kan fleire lokale bedrifter ta del i offentlege anskaffelsar hjå kommunane?
- Tips og triks om offentlege anbod:
- Korleis lesa anbodspapir?
- Korleis levera inn tilbod?
- Korleis kan me samarbeida vidare?
- kl. 11.30: Vel heim
Det blir opna for spørsmål og dialog undervegs. Send oss gjerne spørsmål i forkant dersom du lurer på noko spesielt rundt offentlege anskaffelsar. Spørsmål kan de senda oss via påmeldingsskjemaet.
Arrangementet er gratis.