Velkommen til årets landbrukshappening!

29. januar kl. 09:00-15:00 på Skakkesenteret i Etne

Etne kommune er vertskap for årets landbrukskonferanse og inviterer til ein dag med Haugalandsbonden sine ressursar og framtid på agendaen. 

Vindafjord var vertskap for konferansen i fjor, og samla eit fullt Ølen kulturhus. Dette året satsar Etne kommune på stinn brakke når ei rekkje landbrukstoppar samlast til landbrukskveik på Skakkesenteret 29.januar.

På programmet står mellom anna desse: 

  • Leiar i Noregs Bondelag, Bjørn Gimming
  • Leiar i Norsk bonde- og småbrukarlag, Tor Jacob Solberg
  • Landbruksminister Geir Pollestad (Sp)
  • Styreleiar i Kjøtt- og fjørfebransjens landsforbund Terje Wester
  • Salsdirektør i Fatland, Reinert Horneland
  • Anders Nordstad, siviløkonom, matbloggar og «Årets formidler matprisen 2022»

Det blir mingling med lokalproduserte smaksprøvar, debatt og faglege og kulturelle innslag. Redaktør i Haugesunds Avis, Einar Tho er konferansier for dagen, medan stuntpoet og forfattar Arne Torget tar seg av oppsummeringa på sitt allltid like festlege vis.

Arrangementet er støtta av Vestland fylkeskommune, Sparebanken Vest og Haugesund Sparebank.

Påmelding finn du på Etne kommune sine nettsider.

Program

  • 09:00 Registrering og kaffi
  • 09:30 Velkommen ved ordførar Mette Heidi Ekrheim og konferansier Einar Tho
  • 09:45 Min gard sine ressursar
    • Innleiing med Rekoringen
    • Terje Wester, daglig leiar Kjøttbransjens Landsforbund 
    • Anders Nordstad, årets formidlar Matprisen 2022 
    • Reinert Horneland, Fatland
  • 11:00 Debatt med føredragshaldarane 
  • 11:20 Pause og lunsj med Skakkekokken
    • Mingling med lokalprodusert mat og stands
  • 12:05 Bonden si framtid
    • Geir Pollestad, Landbruksminister
    • Bjørn Gimming, leiar Norges bondelag
    • Tor Jacob Solberg, leiar Norsk Bonde- og Småbrukarlag
  • 13:00 Debatt med føredragshaldarane 
  • 13:30 Kaffi og lefsa med mingling og stands
  • 14:00 Bonden si framtid forts. 
    • Hans Wilhelm Wedel-Jarlsberg, NLR Viken
    • Helene Moe, NLR Rogaland
  • 14:40 Arne Torget oppsummerer dagen 
  • 15:00 Slutt

Kr 250,- per pers.