Informasjonsmøte om miljøfyrtårnsertifisering

Medvind24 Næringshage og Sparringpartneren AS inviterer til informasjonsmøte om Miljøfyrtårnsertifisering.

  • Tid: 17. april kl. 08.30 - 09.30
  • Stad: Medvind Næringshage, Ølensvåg

Sparringspartneren AS har dei siste åra bidrege til miljøfyrtårnsertifisering for ei rekkje målbedrifter i Medvind Næringshage. Dagleg leiar i Sparringspartneren Odd Åge Aas gir oss ei innføring i ordninga: 

  • Kva er Miljøfyrårn?
  • Kva skal til for å bli sertifisert?
  • og kva fordeler vil det ha for di bedrift?

Møtet er gratis og ope for alle. Påmelding innan 15. april