Trappar opp på skinnproduksjonen 

Granberg garveri aukar produksjonen av saueskinn. I løpet av 2018 vil det gå nærare 50 000 saueskinn frå garveriet til kundar i både inn- og utland. Dette kjem i tillegg til om lag 26 000 skinn frå geiter og andre dyr. 

- Det var heilt naudsynt å auka volumet for å møta førespurnadane frå både forretningar og bønder, seier dagleg leiar, Olav Granberg. Frå 1. juni trappar han opp skinnproduksjonen med ytterlegare 7200 saueskinn i året.

I fjor investerte Granberg garveri tre millionar kroner på ei større oppgradering av fabrikken og lokala i Ølensvåg. Nå aukar garveriet produksjonen av saueskinn, som følgje av ein stadig større etterspurnad i marknaden. 

- Salet av skinn til turist- og husflidsforretningar har auka jamt, samstundes som garvinga av saue- og geiteskinn for bønder har tatt seg kraftig opp. Kapasiteten vår har til nå vore heilt sprengt, og for å ta unna alle førespurnadane var det heilt naudsynt å auka opp kapasiteten på saueskinn. Frå å produsera 42 000 årleg aukar me opp med ytterlegare 7200 i året frå 1. juni, fortel dagleg leiar Olav Granberg. 

Investerer i kortreiste maskiner 

Omsetninga har auka jamt og enda i 2016 opp på omlag 31 millionar kroner. I løpet av dei siste åtte åra har Granberg investert over 30 millionar kroner på utvikling og effektivisering av drifta. 

Blant anna er mykje av maskineriet bytt ut, og Granberg har blant anna satsa på kortreiste konstruksjonar til fabrikken. 

- Me installerer i desse dagar ein ny haspel – ein svær vaskemaskin som tar 6000 liter, om lag 300 saueskinn, eller 1800 kjeskinn til dagen. Stålarbeidet er gjort på Westcon etter teikningar frå oss. Dette er femte maskinen Westcon har levert til oss, og det veldig kjekt at me kan nytta oss av «naboen» sin ekspertise på slike konstruksjonar, seier Granberg. 

Ønskjer alle velkomen 10.juni 

Som einaste garveri i Noreg, har Granberg heile landet som marknad. Om lag 15-20 prosent blir eksportert. Fram til opptrappinga på saueskinn 1.juni, har garveriet produsert totalt 76 000 skinn årleg. 8-10 000 av desse er geiteskinn, i tillegg til ein god del elg, hjort, ku, kalv, bever, og ein og annan isbjørn eller eit «afrika-dyr» innimellom. 

10. juni blir det mogleg for «alle» å læra seg meir om både skinna, garving, historia og produksjonen på garveriet. Då blir det open dag på Granberg. 

- I løpet av året er det mange besøkande innom, både vanlege kundar og turistbussar. Mange skryt veldig av å få sjå seg om hjå oss, og me opplever at mange kjem tilbake. Men det er mange bygdefolk som aldri har vore innom, og me vil gjerne at fleire skal bli betre kjende med oss, fortel Granberg.


Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips