Nå blir det foto på fulltid

Etter meir enn ti år med fotografering som bijobb, har Svein Egil Økland tatt steget: 1. april hadde han sin første arbeidsdag som eigen sjef i nye Økland Foto. 


- Det var nå eller aldri, så eg sa opp jobben min for å gi meg sjølv eit spark bak, fortel Svein Egil Økland, som nå satsar alt på eiga fotobedrift. 

- Eg har lenge tenkt på å satsa fullt og heilt på dette, og kom til eit punkt der det var «nå eller aldri». Eg har vore 19 år i same jobb, og for nokre månadar tilbake sa eg opp jobben for å gi meg sjølv eit spark bak. Litt skummelt er det jo, men eg startar ikkje på bar bakke, så mest av alt gler eg meg til å komma i gang med eiga bedrift og ha fullt fokus på foto, fortel Svein Egil Økland, som til nå har vore produktleiar i Vakt & Alarm. 

Satsar mot næringslivet

I løpet av dei siste ti åra har det auka på med oppdrag og kundar for det sjølvlærte fotografen, som har opparbeidd seg ein stor kundekrets på Haugalandet, innan alt frå baby- og familiefoto, til landskapsbilete og bedriftsfotografering. 

- Det starta med mitt første speglreflekskamera i 1996. Deretter balla det på seg med meir avansert utstyr, studio, og fleire oppdrag for nye kunder, både private og i næringslivet. Det har blitt stadig meir arbeid, eit breiare spenn i oppdraga, fortel han. 

Nå er altså planane om heiltidsfotografering  blitt realitet. Frå nytt kontor i Medvind24 Næringshage skal Økland framleis ta fotooppdrag for eit framleis breitt kundesegment, samstundes som han vil styrka satsinga på bedriftsfotografering. 

- Eg føler det til tider det er inflasjon i flotte bilete. På instagram og andre bildedelingssider flaumer det over med imponerande bilete. Det betyr også at ein som fotograf må jobba hardare for å skilja seg ut i mengda, og det gjeld særskilt når ein tar bilde for næringslivet. Bilda skal fortelja ein historie om bedriftene, tenestene, folka og produkta, og det ligg mykje meir arbeid bak dette enn mange er klar over. Både planlegging av motiva, fotograferinga og ikkje minst etterarbeidet krev sitt, det er ikkje berre å leggja på eit filter. Men dei aller fleste i næringslivet er klar over kva gode bilete betyr, særskilt til nettsider og i digital marknadsføring, så dette trur eg det er eit stort potensiale for hjå bedriftene i regionen, seier Økland. 

Opnar nettbutikk

Samtidig er det også ny nettbutikk i kjømda. Det stadig veksande bildearkivet hans skal gjerast tilgjengeleg for kundar. 

- Planen er ein nettbutikk der kundar kan kjøpa bilete til trykk i stort format, anten på lerret, akryl eller i aluminium. Eg har inngått samarbeid med Kai Hansen Trykkeri og når nettsida er oppe og går, kan dei som vil bla seg gjennom eit stort arkiv med landskapsfoto, som dei kan bestilla til trykk over nett. Først og fremst er det bilete frå Haugalandet som vil vera tilgjengelege, men målet er å selja foto tatt i heile landet, fortel han. 

Økland er ein allsidig fotograf, som har vore borti dei aller fleste typar fotooppdrag. I tillegg har det også balla på seg med nye førespurnadar som han har tatt på strak arm. Ein må kunne mykje meir enn å «berre» fotografera om ein skal lukkast, meiner han. 

- Etter at eg fekk meg drone, har jo dette blitt mine «luftfoto», som blir stadig meir etterspurt. Eg har også levert ein god del film, og tar ofte jobbar retta mot digital marknadsføring. Som fotograf i dag må ein meistra alt dette, det nyttar ikkje berre å «kun» ta tradisjonelle fotografi. Spennet på fotograf-tenestene blir stadig større, men det er også ein veldig kjekk del av jobben: Å få nye utfordringar som krev at ein lærer seg nye ting, som blant anna marknadsføring og videofilming, seier Økland. 

Meir enn fulltid

Sjølv om fotojobben nå er blitt dagjobb, betyr ikkje det at det blir noko «8-4-jobb». 

- Eg kjem til å vera mykje ute på vegen hjå alle slags kundar. Dessutan håpar eg også at eg kan vera tilgjengeleg til å kasta meg ut på fotooppdrag på kort varsel. I tillegg kjem eg til å bruka ledig tid til å fotografera motiv til nettbutikken min. Det blir på ingen måte noko meir avslappa veker sjølv om eg nå berre har ein jobb å ta meg av. Men om eg tar meg ein tur ut om kvelden for å fotografera er jo det like mykje av interesse og eige ønskje, som det er arbeid. Det er det som er fint med å gjera fotointeressa til fulltidsjobb, seier Økland. 

Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips