Lanserer eige plateselskap

ABC Studio i Etne lanserer plateselskapet SUS Plater. Kine Nesheim er første artist til å utgi musikk under labelen. 



SUS Plater blei lansert 3. september med førsleppkonsert av haugesundsartisten Kine Nesheim. Plateselskapet er danna av ABC Studio etter ide av Stig Morten Sørheim, Odin Staveland og Kjetil Ulland. Under selskapet ønskjer dei å yte artistane god service og kompetanse slik at sluttproduktet blir noko alle er nøgde med. 

- Då treng ein folk som har peiling og kompetanse, og har ein entusiasme for å få produktet ut på ei plattform der andre kan høyre musikken, seier Staveland som er produsent og fortel også litt om bakgrunnen til namnet på selskapet.

- Tanken bak SUS Plater er at det ikkje skal vere heilt klinisk og digitalt, men det gjerne er litt sus frå ein mikrofon eller gitar.

I første omgang er SUS Plater ute med ein artist, men ser føre seg at det kan kome fleire etter kvart.

- Det det kan kome fleire utover hausten, men me må ha litt same tidsplan og visjon om kva me ønskjer å oppnå, seier Staveland og understrekar at dei som er med i plateselskapet også er engasjert i andre jobbar og oppdrag, og er avhengig av at tidspunktet stemmer for alle partane i produksjonen.  

Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips