Håpar på betre annonse-tider

Koronaviruset gav sviktande annonsesal og redaksjonelle utfordringar i lokalavisa Grannar. No håpar dei den nasjonale krisepakka til media kan bidra til å betre økonomien.

Image
Redaktør Arne Frøkedal håpar kvardagen i redaksjonen vil normalisere seg når ein no slepper opp på mange Covid 19-tiltak og næringslivet får ny giv. (Foto: Elin Sørheim)


- Dette har vore ei utfordrande tid. Me er avhengig av annonsar, som står for over 60 prosent av inntektene våre, når det smalt i mars forsvann mykje av dette grunnlaget over natta, seier dagleg leiar i Grannar, Arve Skogen. 

12.mars i år vart store deler av landet stengt ned på grunn av risikoen for å spreie korona-smitte. Dermed forsvann også det aller meste av annonsemarknaden for Grannar. 

- Mykje av nedgangen kom fordi konsertar, festivalar og møter vart avlyst, plutseleg var det ingenting som vart planlagt. Etnemarknaden er til dømes ei stor kunde av oss, dei måtte også avlyse. I tillegg vart mange bedrifter forsiktige med kva dei brukte annonsekronene på, fortel dagleg leiar. 

Marknadsavdelinga i Grannar gjorde tidleg grep for å justere seg, ein person i salsavdelinga og ein person på grafisk vart permittert. Begge desse var tilbake i jobb i byrjinga av mai. I redaksjonen valde ein å ikkje permittere for å takle den store oppgåva med å informere breritt og inngåande om koronasituasjonen, frilansarar og helgemedarbeidarar har derimot ikkje hatt jobb i denne perioden. 

Viktig samfunnsoppdrag

Plutseleg vart det behov for at redaksjonen slapp det dei hadde planlagt av saker, og sette ressursane inn på det som vart det store samfunnsoppdraget i vår. Redaktør Arne Frøkedal fortel at redaksjonen la opp til ei live-oppdatering på nett der dei fylgde utviklinga i koronasituasjonen tett. 

- For oss vart det viktig å vise fram konsekvensar av tiltaka som kom i samfunnet, folk hadde eit stort behov for å vite kva dei kunne gjere, og kva følger det fekk for den enkelte. I den fasen valde me å legge ut alt som opne saker og ikkje berre for dei som har abonnement. I ettertid har me fått skryt frå ordførarane i både Vindafjord og Etne for at me valde å ha opne saker, og ikkje berre tenkje eigen økonomi. Det var viktig for oss å ta det samfunnsoppdraget på alvor, slår han fast. 

Grannar har eit opplag på 3600 aviser og hadde i 2019 ein omsetnad på nesten 11,5 million kroner. Same året gjekk bedrifta med eit underskot på godt og vel 200 000 kroner. Bedrifta har om lag 10 årsverk og gir ut papiravis kvar måndag og torsdag i tillegg til at dei legg ut daglege nettsaker.

Ventar på krisepakke 

- Eg er forsiktig optimist framover, og håpar jo at dette no skal snu. Over 50 prosent av annonseinntektene våre er basert på arrangement og aktivitetar som no har vore i dvale ei stund. Eg trur nok at bedrifter og næringsliv kjem tilbake framover som annonsørar, me har og hatt ein kampanje der me viser fram lokale tilbod. Målet å stimulere til at fleire vel å handle lokalt, den har det vore mange gode tilbakemeldingar på, meiner Arve og peikar på at tida framover blir avgjerande for avisa. 

- Ikkje minst blir det spanande å sjå kva den planlagde mediepakken inneber for oss lokalaviser, den skulle eigentleg vore på plass, men me ventar framleis. 

Pressestøtta til dei minste lokalavisene vart auka i fjor, og koronasituasjonen har ført til at utbetalingane frå den kjem tidlegare enn venta. Arve Skogen håpar dette i samband med den planlagde krisepakka for media vil vege opp for noko av tapet avisa har opplevd dei siste månadane. 

- I tillegg fekk me støtte frå Etne kommune til å utvikle sommarmagasinet vårt i år. Det gjorde at me kunne satse på å lage eit sommarmagasin som viser fram lokale aktørar og kva som skjer i regionen. Det betydde også at me kunne sende det til abonnentar som ikkje bur her i distriktet. 

Digitale løysingar

Våren har gitt stort arbeidspress i redaksjonen, ikkje minst var dei opptekne av at dei måtte balansere innhaldet i avisa slik at folk ikkje blei trøtte av korona-fokuset. 

- Det blei mykje koronastoff i ein periode, etter kvart måtte me og legge meir arbeid i å finne andre saker. Dei tilsette har verkeleg lagt ned ein kjempeinnsats, me kan jo ikkje drive slik som dette i lengda, så eg håpar annonsemarknaden normaliserer seg og kjem til hektene igjen, seier redaktør Arne Frøkedal. 

- Alle i redaksjonen, utanom meg sjølv, sat på heimekontor i den første delen av krisa. Så eg er glad me har gode digitale hjelpemiddel som gjer at me strengt tatt kan sitje kor me vil, og likevel klare å lage avis. 

Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips