Oppdatering på reglar og endringar

Nå er det høgsesong for endring av reglar innan regnskap, lønn og skatt. Er di bedrift klar? 

Gjennom fleire kurs i Vindafjord Arbeidsgivarforum kan ein få oppdatert kunnskapen innan dei nye regelendringane som har kome i 2019 i tillegg til å sjå på viktige endringar som kjem i 2020. Dagleg leiar i Tveit Regnskap, Jarle Haugen, meinar kursoppdateringar er viktig. 

- Lovar og reglar rundt løn, skatt og meirverdiavgift er i stadig endring. For oss som jobbar med rekneskap og løn er det heilt avgjerande å vera oppdatert. Som autorisert rekneskapsførerar er me pålagt av Finanstilsynet å ha 77 timar oppdatering over ein 3 årsperiode. Me budsjetterer normalt nokre fleire dagar for at våre tilsette skal ha nødvendig kompetanse. Me har dei siste åra hatt mange deltakarar på Vindafjord Arbeidsgiverforum sine kurs, fortel Jarle Haugen. 

Skatte- og regnskapskurs i VAF

Hjå VAF finn du i desemer to kurs om skatt og regnskap for både landbruksnæringa og bedrifter ellers. Målet er å gjere deltakerane best mogleg rusta for å møte årsoppgjeret 2019 og skatteåret 2020. 

Nokre av endringane i 2019 var på tema varsling, pleiepenger, eigenmelding og ny rettspraksis som kan ha betydning for arbeidsgjevar, i tillegg var det endringar på foreldrepengar. 

Innan løn og skatt er det regelendringar på rabattar og personalrabattar, gåver i arbeidsforhold, satsar og beløpsgrenser, reise, diett og vilkår for skattefri dekning ved. I tillegg blir det ein oppsummering på kva ein må sjå over ved årsslutt. 


Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips