Siste frist for korona-midlar

Fredag er siste sjanse for å søkje utviklingsmidlar frå dei kommunale næringsfonda som er øyremerkte korona-tiltak. 




Sjølv om både Vindafjord og Etne kommune har gjennomført ein søknadsrunde med utdeling av korona-midlar er det framleis mogleg å sende inn søknad innan fristen fredag 23.oktober. Alle bedrifter i kommunane kan i utgangspunktet søkje på midlane, men prosjektet som blir søkt skal målast opp mot tre kriterium som departementet har lagt fast. For det første skal prosjektet bidra til å auke sysselsetjing og aktivitet, det skal motverke negative konsekvensar av korona-smitten og ikkje minst skal ein kunne setje aktiviteten raskt i gang.

Midlar igjen

- Det er viktig at bedriftene fyller ut heile søknaden, og har eigenfinansiering på plass i prosjektet. Dersom dei treng bistand kan Medvind24 eller Fikse Næringsforening hjelpe til med det, meiner kommunalsjef for drift og utvikling i Etne kommune, Hans Erik Lundberg. 

I første runde kom det inn søknadar på 5,9 millionar kroner til dei to kommunale næringsfonda. Vindafjord valde å dele ut koronastøtte til to bedrifter i første runde, og sit igjen med ein god del av den opphavlege potten på 1,4 millionar kroner. Dei som fekk støtte i Vindafjord var Christiansen AS og Ølen Senter. I Etne derimot vart det gitt støtte til fem søknadar, noko som gjer at dei berre sit igjen med 30 prosent av den opphavlege potten på vel ein million kroner. Den som fekk mest i støtte i Etne var Langfoss Eigedom som fekk 350 000 kroner, men også Diamanten Frisør, Øyane Asvo, Etnemarknaden og Grannar AS fekk støtte. 

- Planen var opphavleg å ha meir midlar igjen til neste runde, men her vart behovet for rask avklaring avgjerande, fortel Lundberg. 

- Tre av søknadane vart avvist sidan dei ikkje var ferdig utfylt, desse får no ei påminning om at dei kan sende inn på nytt. 

Ny sjanse 

- Me sit igjen med ein større del av potten enn Etne gjer, og me har og gitt fleire av søkjarane i første runde tilbakemelding om at dei bør endre i søknaden og sende inn på nytt, fortel kommunalsjef for samfunnsutvikling i Vindafjord kommune, Anne Sofie Sandvik. 

- Det kan og vere greitt å vise til at dette gjeld for bedrifter som er levedyktige og i drift, er ein gründer og skal starte opp noko finst det andre støtteordningar, meiner Sandvik. 

Etne og Vindafjord kommune har bestemt seg for å ha same søknadsfristar og samarbeide om vurderingane. Neste runde med søknadar blir endeleg bestemt i formannskapsmøte 10 november i begge kommunane.  

Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips