Nå kan elbilen ladast i Skånevik

 Medan dei ventar på at den nye hurtigladestasjonen for elbilar skal bli ferdigstilt ved ferjekaien i Skånevik, har Haugaland Kraft Energi tatt initiativ til å ordne ei midlertidig løysing.

Image
Gunn Margareth Lassesen testar den nye ladestasjonen. Foto: Hans Erik Lundberg


 Torsdag 2. juli vart to midlertidige ladestasjonar offisielt opna ved Larsens Bakeri i Skånevik. Haugaland Kraft Energi ønskjer at det skal vera attraktivt for turistar og andre besøkjande å ta turen innom Skånevik og med ein gratis ladestasjon til fri bruk vil dette bli ein meir attraktiv stad å svinge innom, òg for dei som køyrer elektrisk fortel Haugaland Kraft i ei pressemelding.

- Utbygging av elbilladestasjonar vil stimulera til at fleire vel å køyra elektrisk. Elektrifisering av transportsektoren vil bidra til eit betre miljø og klima, og er i tråd med vår berekraftstrategi, seier Olav Linga, konsernsjef i Haugaland Kraft. 

Image
 Foto: Hans Erik Lundberg

Etter god dialog med Fikse Næringsforening og Etne kommune har dei fått på plass ladestasjonar på kort tid.

–Dette er svært positivt for Skånevik, ikkje minst no som turistsesongen er i full gong, fortel direktør i Haugaland Kraft Energi John Harald Jakobsen.  

Godt samarbeid

Hans Erik Lundberg er kommunalsjef innan drift, vedlikehald og utvikling i Etne kommune rosar initiativet frå alle som har bidratt og er nøgd med at dei har fått på plass ei midlertidig løysing då dei enno ikkje veit når den stasjonære ladestasjoen er på plass. 

- Me ønskjer at det skal skje positive ting i Skånevik og turisme er viktig for bygda. Det er stadig fleire som køyrer elektrisk og då var det viktig å få dette til, fortel Lundberg. 

Helgevold har stått for installasjonen medan Haugaland Kraft Energi gir gratis straum. Val av plassering vart tatt med tanke på at dei ønskja å trekkja folk til sentrum og gjerne få dei til å rusle ein runde medan dei er innom. 

–Det er gledelig å sjå at så mange engasjerte bedrifter drar lasset saman, då ser me kva me kan få til på kort tid, avsluttar Lundberg. 



Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips