Kremmar med teft

Jostein Hundseid (57) kjenner igjen ein god handel på lang avstand. Bilseljaren har dei siste åra også satsa sterkt på eigedomsutvikling i lokalsamfunnet. 

Image
Jostein Hundseid vil gjerne vere med å styrke lokalsamfunnet der han jobbar og bur. Sjølv brenn han for både bil og eigedom. Alle foto: Judith Sørhus Litlehamar. 


Ingenting kjem av seg sjølv, meiner Jostein Hundseid. Som 14-åring starta han i jobb hjå Fatland, her var han med på å laste gris og vaske tarmar. Ungguten lærte at arbeid krev innsats, men at det også lønner seg å stå på.

- Mange seier at pengar ikkje er alt, men det er viktig. Eg likar å tene pengar, det er slett ikkje alle som vågar å seie det høgt, seier Jostein medan han lenar seg fram i kontorstolen. Karrieren i Fatland vart lang, etter yrkesskulen der han utdanna seg som mekanikar kom han tilbake til slakteriet, og vart verande i heile 18 år. I denne tida fekk han vere med på å utvikle transportkassane som blir brukt til dyretransport.

- Det var ei rivande utvikling, dei største eg var med på å lage hadde tre etasjar, noko som ikkje er uvanleg i dag, men då var det heilt nytt. Etter Fatland-tida kom behovet for å starte for seg sjølv, og byggje opp noko stein for stein.

Jostein starta med bilsal og eigedomsutvikling.  

Utbyggingsprosjekt på rad

Som 23-åring bygde han seg sitt første hus på Golan i Ølen. Etter den tid har det blitt fleire husprosjekt og flyttingar enn han klarer å telje. Ei tid budde han blant anna vegg i vegg med arbeidsplassen, før han flytta ned til Ølen Brygge der han i mange år var med på å utvikle leilegheitskompleks. Så gjekk ferda vidare til nytt hus i Roa-feltet, og no ligg det klar ei tomt i Ølen sentrum der han og kona skal bygge. 

Image
Jostein Hundseid er rastlaus, og det blir ikkje mange timar i godstolen. - Eg må ha alltid ha eit prosjekt, seier han. 

- Men då blir det siste huset, då kan me ikkje flytte fleire gonger, seier han tankefullt og kikkar ut i lufta. Han byrjar å peike rundt seg for å vise alle husa han har restaurert gjennom åra. I dag leiger han også ut leilegheiter på næringstomta, i stor grad til arbeidarar hjå Fatland. 

Jostein fortel om korleis dei utvikla leilegheiter og pub på den gamle meieritomta i Ølen. Og korleis han har bygd stein på stein for å bygge ut tomtene rundt næringsarealet, somme av desse tomtene har han hatt på hand to gonger for å få mest mogleg ut av dei. Det aller største utbyggingsprosjektet han har vore med på er Ølen Brygge. I 2003 kjøpte han og Kristian Nordahl Hansen alle bygningane på Ølen Brygge og reiv desse. I utgangspunktet var planen å setje opp eit bygg med 38 leilegheiter i samarbeid med Berge Sag, men det stoppa opp. 

- Etter nokre år det låg stilt tok me sats og teikna eit bygg på 14 leilegheiter. Me tok opp eit lån på 46 millionar og heiv oss ut idet. Me hadde eit krav om sal av åtte leilegheiter på forhand, dei gjekk heldigvis fort og dermed var me i gang.

- No har me derimot tenkt at me ikkje blir med vidare, det blir rett og slett for stort prosjekt. Det blir for mange møter, eg likar ikkje det. Prosjekt bør vere små og oversiktlege, seier Hundseid og smiler.  

Tysk bilimport

Hjørnekontoret på Ølen Bilsenter ber ikkje preg av verken gullalder eller stormannsgalne tankar. På veggen heng eit utklipp frå ei tysk avis der kamerat og samarbeidspartnar Mathiaz Zeug blir intervjua. Dei to traff kvarandre i Ølen i tida då Jostein jobba på Fatland, og starta bilimport saman. Framleis arbeider dei tett saman og Mathiaz leverer framleis bilar til Ølen, 76 år gamal. Her går det mest i tyske bilar, som Wolksvagen og Audi. Hundseid ser også at salet på campingbilar aukar. Den dyraste bilen han har selt kosta 1,4 millionar kroner, den billigaste 15 000. 

Image
Ein tysk avisartikkel om samarbeidspartnar Mathiaz Zeug heng på kontorveggen. 

Koronatida vart tøff for bilforhandlaren.

- Alt stoppa opp, då var eg glad eg hadde inntekter frå utleige av hus. Mathiaz bur i Danmark og kunne ikkje reise over grensa til Tyskland, dermed stoppa importen heilt opp.

- Det vart nokre spesielle og rolege månadar. 

På veggen heng også ei stor samling med bilete og minne frå USA. Trass den heftige flyskrekken reiser Jostein til USA så ofte han kan. Her har han slektningar på farssida, sidan mange av onklane reiste ut som vaksne og etablerte seg «over there». På den eine hylla på kontoret har han også hengt opp bilskiltet frå ein Mustang 1966-modell, som han sjølvsagt kjøpte på ein USA-tur og som han fekk levert heime tre månadar etterpå. 

- Det var så absolutt verdt det, seier han og ler. 


Ferietelefon

Ingenting er som ein god bilhandel. Sjølv er han nesten oppvaksen på bilverkstaden vegg i vegg med lokala han driv bilsal i, verkstaden som faren Valentin starta og som broren Jan no driv vidare. Her skrudde dei, såg på bilar og høyrde på bilprat. Som 13-åring fekk han sin første bil, ei boble utan motor som måtte skuvast rundt. Bileigaren var like stolt for det. I dag er han sjølv far til to og har to gutar han er bestefar til. No er tida komen for at generasjonane etter han går i fotspora og lærer. 

- Eg må ha prosjekt heile tida, er altfor rastlaus til å sitje i ro, eg trur aldri eg kjem til å bli pensjonist, seier han medan han vippar ein 12 år gamal Nokia-telefon i handa. Den gjer nytta den dag i dag. Jostein har rett nok og ein nyare Iphone, men smarttelefonen er nedgradert til ferietelefon.

Image
Jostein klarer seg godt med ein 12 år gamal Nokia-telefon i kvardagen, det enkle er ofte det beste. 

- Eg treng ikkje alt det der, eg vil berre ringe folk eg. Eg likar det enkelt, slår han fast. Sjølv er han også morgonfugl og startar dagen kl. 06, om det er helg eller kvardag. Dagane er til for å brukast.  

Kona Svetlana vart han også kjent med på ein tur til Estland då Jostein var der for å restaurere fleire gamle bilar, i 2007 gifta dei seg i Parnu i Estland. Den handelsturen sette ekstra sterke spor i kvardagen. Ho er tolmodig og veit at arbeidsdagane til Jostein kan bli lange, sjølv meiner han dei små pustehola dei finn plass til på hytta på Dreganes er viktige. 

Bil til pynt

Innerst i ein av garasjane på området står det ein heilt spesiell bil, på ei tilpassa hylle under taket. Ein Opel Cadett 71-modell tronar høgt der oppe. 

Image
Høgt under taket står ein Opel Cadett 71-modell som aldri skal seljast, det har Jostein lova. 

- Eg kjøpte den på ein auksjon her på 90-talet, og lova at eg aldri skulle selje den. Så det skal eg ikkje gjere, den skal eg ha. 

Eit ord er eit ord, og bilar ein kan selje finst det nok av. 

- Korleis må ein god bilseljar vere?

- Slik som meg, seier Hundseid og slår ut med armane medan låtten rungar i det vesle kontoret. Spøk til side, kanskje ein må vere optimistisk og alltid på jakt etter gode løysingar i alle fall?  

Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips