Inviterer til kaffistafett for rettferdig handel 

Kaffiproduksjon er blant næringane i verda med høgast risiko for brot på menneske- og arbeidstakarrettar. Nå inviterer Fairtrade-kommunen Vindafjord bedrifter, lag og organisasjonar til å ta samfunnsansvar gjennom lokal kaffistafett. 


Guri Ravatn (f.h) og Gunnbjørg Nesbu inviterer til lokal kaffi-stafett og oppmodar alle til å ta i bruk Fairtrade-kaffi. Monica Haugan (t.h) ved Vikedal museum har allereie servert Fairtrade-kaffi ved museet dei siste fem åra. 

- Dette er først og fremst for å bevisstgjera folk på at produkta me bruker i kvardagen faktisk har ei betydning for leve- og arbeidsvilkår hjå utsette menneske i andre deler av verda, seier Gunnbjørg Nesbu og Guri Ravatn i arbeidsgruppa for Fairtrade i Vindafjord

Nå ønskjer Nesbu og Ravatn at Vindafjordingar brettar opp ermane og tar solidarisk samfunnsansvar, gjennom ansvarleg kaffidrikking. Denne veka lanserer dei kaffistafetten og utfordrar bedrifter, lag og organisasjonar til å bruka Fairtrade-kaffi både på jobb og privat. 

Monica Haugan ved Vindafjordmuseet har i fem år servert Fairtrade-kaffi i det daglege og ved alle arrangement, og inviterer nå sine kollegaer på Haugalandet til å ta gjera det samme. 

 - Nå sender eg stafettpinnen vidare til dei andre avdelingane i Haugalandmuseet, og håpar dei også tar utfordringa, seier Haugan. 

Fairtrade

  • Fairtrade er verdas største og mest kjende merkevareordning for rettferdig handel 
  • Fairtrade-merking er eit konkret og påliteleg verktøy som garanterer at vara er produsert etter sosiale, miljømessige og økonomiske kriterium. 
  • Fairtrade-produkta set krav om løn, trygge arbeidsvilkår og beskyttelse av miljøet for bønder og arbeidarar i Afrika, Asia og Latin-Amerika. 
  • Ved å godkjenna leverandørar og varer etter desse standardane sikrar Fairtrade betre arbeids- og handelsvilkår for bøndene, som dermed kan investera vidare i produksjon og lokalsamfunn på ein trygg og berekraftig måte.

Sikrar løn og arbeidsvilkår 

Fairtrade er verdas mest kjende merkevareordning for rettferdig handel. Alle Fairtrade-produkt er produserte etter visse krav om både løn og arbeidsvilkår for bøndene som står bak råvara

Gjennom kaffistafetten kan Vindafjord dermed bidra til at kaffibønder i Afrika, Asia og Latin-Amerika er sikra minstelønn, trygge og gode arbeidsvilkår, og ein berekraftig arbeidsplass. 

- Til sjuande og sist er dette eit spørsmål om internasjonal solidaritet. Fairtrade-produkta er med på å sikra arbeidsvilkåra for menneske i fattige deler av verda som produserer råvarer me dagleg tar i bruk. Felles dugnad ved bruk av Fairtrade-kaffi gir oss høve til å støtta opp under betre villkår, løn og tryggleik for desse utsette gruppene, meiner Ravatn. 

Kaffi er den nest største eksportvara frå utviklingsland, og det er kun olje som omset for høgare verdiar på verdsbasis. 25 millionar småskalabønder produserer mellom 70-80 prosent av kaffien i verda, og 120 millionar menneske er avhengige av inntektene frå kaffiproduksjon. Mange av kaffibøndene lev i fattige land, er råka av klimaendringar og er utsette for brot på menneske- og arbeidstakarrettar. 

Fairtrade i alle butikkar

Etter eit politisk vedtak i 2012, starta Vindafjord jobben med å bli Fairtrade-sertifisert, og i 2014 blei Vindafjord offisielt Fairtrade-kommune. 

 Kva ligg det eigentleg i det å vera Fairtrade-kommune? 

- Som Fairtrade-kommune skal me aktivt jobba med å gjera innbyggjarane våre klar over kva Fairtrade står for gjennom informasjonsarbeid, kampanjar og arrangement retta mot både vaksne og born. Me kartlegg også kva butikkar og serveringsstader som tilbyr Fairtrade-produkt. Og sjølvsagt tar også kommunen sjølv i bruk Fairtrade-kaffi i fleire deler av organisasjonen, forklarer Nesbu. 

Dei vanlegaste Fairtradeprodukta er kaffi, sjokolade, krydder, bananer, te og roser. 

- Me tar jamnlege kartleggingsrundar i butikkar og serveringsstader for å registrera kven som har Fairtrade-produkt og for å merka desse betre. Alle daglegvarebutikkar i Vindafjord har Fairtradeprodukt, så for dei som vil bli med i stafetten er det berre å sjå etter Fairtrade-merke i den lokale butikken, seier Nesbu.

Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips