Høgdepunkt i kurs-rekka

- Kompetanseheving er avgjerande for å styrke den lokale konkurransekrafta, meiner prosjektleiar i Vindafjord Arbeidsgiverforum (VAF), Merete Vårvik Matre. Salsleiing og forhandlingsteknikk er blant høgdepunkta på kursplanen til VAF denne hausten. 

Image
VAF arrangerer ei rekke kurs til hausten. Illustrasjonsfoto: Istoria


VAF tilbyr i samarbeid med rådgivingsselskapet Evan-Jones eit salsleiar-program over fem heildagssamlingar med fokus på roller som salsleiar, salskulturen, leiarstilen og korleis ein kan sikre resultat. 

- Er det noko me treng at bedriftene fokuserer på, så er det sal. No er det mange år sidan me har hatt salskurs, så dette har eg tru på. Kurset blir eit grundig treningsopplegg med fem samlingar, og nokre oppgåver innimellom, fortel Vårvik Matre. 

I tillegg til dette kurset tilbyr også VAF og Evan-Jones salskurset «Fra ordrekontor til salgskontor», som rettar seg mot dei i bedrifta som ikkje nødvendigvis ber med seg salstittlen. 

- Her skal alle bli drilla på sal, målet er at ein skal klare å styrke teamet slik at ein samla kan strukturere salsarbeidet og få på plass ein god strategi. Tenk på alle dei i bedriftene som er i direkte kontakt med kundane, men som ikkje er seljarar i tittelen. Det er eit stort potensiale, sidan dei sel fordi dei har tillit som fagpersonar, meiner VAF-leiaren. 

 «Ka då ittepå»

Nytt i år er kurset i forhandlingsteknikk som VAF arrangerer saman med Styreforeningen. I dette kurset skal ein lære korleis ein kan avdekke hersketeknikkar, kva taktikk som er lurt i forhandlingar, kor mykje må ein gi frå seg for å få det ein ynskjer, og korleis kan ein løyse konfliktar som kan oppstå. Her blir det også ei repetisjons-samling i oktober under kursnamnet: «Forhandlingsteknikk - Ka då ittepå?». 

- Me ser jo ofte at folk går på eit dagskurs og blir veldig inspirert og gira etterpå. Men så kjem kvardagen og ein dett tilbake til eit gamalt spor. Tanken om ei evalueringssamling der ein kan dele erfaringar og repetere litt teori trur eg er lurt, seier Merete Vårvik Matre. 

I september blir det også gjennomført medietreningskurs saman med Omega Design, i dette kurset skal bedrifter lære meir om korleis svare media i vanskelege saker, og ikkje minst korleis dei kan få saka si ut i media. 

Digital kurs-utvikling 

Matre viser til at kurs-hausten byr på eit spanande og mangfaldig program frå VAF. I tillegg til nemnde kurs innan sal og salstrening, forhandlingsteknikk og medietrening så vil det også etter planen kome kurs som er blitt standard-kurs, blant anna for dei som jobbar med lønn og rekneskap, eller som er yrkessjåførar. 

- Me set opp kursrekkjer etter kva ynskjer bedriftene kjem med, no er eg ekstra spent på korleis kurstilboda me har hatt gjennom korona-tida vil endre oss framover, fortel Matre. Ho meiner den aukande tilgangen på digitale kurs ein har sett denne våren er eit steg i positiv retning. 

- Men det er slett ikkje alle kurs ein kan gjennomføre digitalt, og somme gonger er det kjekt å treffast, og knyte nettverk. Det er viktig at me ikkje tenkjer me skal effektivisere og digitalisere alt, meiner VAF-leiaren 

- Ofte skjer det noko magisk når folk treffest i eit rom, men det er forskjell på litt fagleg oppdatering og kurs der ein treng å bli inspirert. 

I eit vanleg år arrangerer VAF om lag 40 ulike kurs og arrangement, trass i ein vår der det aller meste vart avlyst er ein no tilbake i nesten normal kurs-drift. 

Rigga for framtida 

For styret i VAF er det viktig at bedriftene får den kompetansehevinga dei treng for å henge med i konkurranse - og utviklingssituasjonen. 

- Her er jo bedrifter som jobbar opp mot både lokale, nasjonale og internasjonale marknadar. Me skal sørge for at dei er mest mogleg rigga for framtida, og at ein kan bygge kompetanse. 

Blant andre høgdepunkt i haust-programmet kan ein nemne føredraget «Hvordan finne glede når livet herjer med oss», der Happiator Arnt Sæther set eit skråblikk på korleis ein kan finne ekte glede i ein travel arbeidskvardag som ofte er prega av utfordrande personar, store arbeidsmengder og mange endringar. 

Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips